Dag og Tid nr. 51/52, laurdag 20. desember 2003

Intervju:
– Media undervurderer folk
Politikk vert meir og meir underhaldning, seier Erik Bye.

Svein Gjerdåker
svein@dagogtid.no

– Vi kan sjølvsagt ikkje lata som om EU ikkje eksisterer, men hovudargumentet mitt mot medlemskap er framleis gjeldande: EU aukar avstanden mellom styrande og styrte. EU svekkjer demokratiet, og eit lite land som Noreg får minimalt å seia. Vi såg tydeleg sist helg at dei store landa i EU ikkje vil gje slepp på den dominerande makta si, seier NRK-veteranen Erik Bye.

– Men no er snart alle dei aust-europeiske landa også medlemer. Har ikkje det konsekvensar for standpunktet ditt?
 – Det er klart det har konsekvensar, men når eg reiser rundt i Europa, så treffer eg ikkje berre folk som seier hurra for EU. Vi vert innbilte at alle er så positive til EU – det er ikkje rett. Også i Sverige er det stor skepsis. Vi har god tid og bør ta det med ro.

– Vi har ikkje akkurat fått eit «annleisland» etter 1994?
– Nei, det har vi ikkje fått, men vi har heller ikkje gjort så mykje for å få det. Vi burde for eksempel satsa mykje meir på skulen. Som det oljelandet vi er, burde vi ha hatt ein skule i verdstoppen. Det har vi ikkje. Vi vert tuta øyro fulle om at vi er verdas rikaste land. Då burde vi jammen kunna laga ein skikkeleg skule.

– Det kostar pengar, og høgare offentlege utgifter vil føra til prisvekst og inflasjon, vert det hevda?
– Det skjønar eg meg ikkje på. Eg skjønar berre at dersom eit lite land skal bruka rikdomen sin på noko, så må det ikkje minst vera på å gje ungdomen ei skikkeleg utdanning.
– Kven har ansvaret for at det ikkje skjer?
– Media må ta sin del av ansvaret. Media undervurderer folk. Politikken vert meir og meir underhaldning. Og då vert gravferda til Keiko og handball-VM viktigare enn samanbrotet i EU-forhandlingane, slik vi såg det sist helg på Dagsrevyen. Fokus er på sjåartal og opplagstal. Media har eit stort ansvar som dei må vera seg meir medvitne. No sit programleiarane og seier at den og den ikkje er så morosam. Få med Carl I. Hagen, så vert det alltid gøy. Det er ikkje hans feil, men resultatet er at det er ei handfull politikarar som alltid dukkar opp. Dei andre bidreg ikkje nok til underhaldninga, og vert ikkje inviterte.

– Men folket er vel ikkje utan ansvar for utviklinga?
– Det kan du seia. Men ta all denne fallskjermhoppinga der leiarar tillèt seg honorar som er vanskeleg å skjøna storleiken på. Slik oppførsel er med på å bryta ned folk si solidaritetskjensle og tek frå dei tilliten til politikarane. Når folk føler at ting skjer over hovudet på dei, så er det ikkje unaturleg at dei tenkjer at eg konsentrerer meg om å ta vare på meg og mitt.

– Bør Noreg trekkja soldatane ut av Irak?
– Ja. Noreg har ingenting i landet å gjera. Korleis skal Bush halda fram kampen mot terroren? Det var jo ikkje Saddam som styrta tvillingtårna i New York. Kva vert neste land Noreg skal senda soldatar til på oppfordring frå Bush? Merkeleg nok vert dei som gjer motstand mot okkupasjonsstyrkane, kalla opprørarar og terroristar. Det er like mykje terror å sleppa bomber frå 10.000 meter høgd. Om ungane mine vert drepne av ei bombe som kom inn frå havet, så er det terror. Vi har ikkje tal på kor mange som er drepne i Irak. Vi tek alt for lett på krig. Det tyder ikkje at vi skal leggja ned forsvaret i dette landet. Eg er tvert imot sterkt uroa for svekkinga av forsvaret vårt.

– Kva for politisk parti røystar du på?
– Eg veit ikkje kva eg gjer ved neste val. Eg har aldri røysta på dei som sat med makta, eg likar meg best i opposisjon. Eg har mange gonger røysta Senterpartiet, og har stor sans for Åslaug Haga, ikkje minst på grunn av den utanrikspolitiske røynsla hennar. Eg har også alltid likt Valgerd Svarstad Haugland, og eg synest media har vore ganske grove med henne. Det er svært krevjande å vera politikar i dag. Eg har ikkje slike amerikanske tankar som at «alle politikarar er kjeltringar». Men politikarane må ikkje vera nærsynte. Dei må ha langsiktige perspektiv. Som indianarane seier: Vi må sjå sju generasjonar tilbake og sju generasjonar fram.

– Korleis ser du på den stadige sentraliseringa i Bygde-Noreg?
– Eg har alltid vore tilhengjar av ein aktiv bygdepolitikk og ei verdsetjing av dei verdiane og den kulturen vi har rundt om i landet vårt. Eg er redd for at vi sit att med ein heilt einsarta kultur i dei store byane våre, fullstendig amerikanisert. Sjølv her i Asker merkar vi sentraliseringa og at det vert avstand til ting vi alltid har teke for gjevne. Eg vert gammaldags når det gjeld dette. Kor har det vorte av butikken der eg kan møta naboen?

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |