Dag og Tid nr. 51/52, laurdag 20. desember 2003
Essay:
Ein litterær deskdemon
Georg Johannesen skriv for øyra og ikkje for blikket.
Georg Johannesen:
Nytt om Ibsen og andre essays
Cappelen
Faen! Kvifor kan ikkje den mannen skrive beint! Han ravar då frå side til side som ein bergensk fullemann. Og det på ein retorisk Via Appia, som er brei nok til at i alle fall eg blir svimmel. Omtrent slik er førsteinntrykket mitt etter å ha gjort forsøk på å lese den siste essaysamlinga til Georg Johannesen Nytt om Ibsen og andre essays.
Det andre inntrykket mitt er ei erfaring av å ha flaksa kortpusta gjennom mørke labyrintar i hælane på ein rasande litterær deskdemon, som er ein stundeslaus frå ein komedie av Holberg. Ustanseleg vil deskdemonen ha meg til å lære utanboks hardtslåande ein-linjarar i den store kryptiske, uautoriserte norske laussals-litteraturhistoria. Men som med VG: «Dagen blir den samme uten VG», som «æddbøstaren» Johannesen så treffande formulerer det, forsvinn kvar ny dag og kvar ny overskrift også i Johannesen si laussals-litteraturhistorie.
Det tredje inntrykket, som kanskje er ei innsikt, er av ein danna mann med noko på hjarta. Essaysamlinga inneheld få nyskrivne ting. Fleire av tekstane har vore framførte tidlegare frå mange år tilbake. Han har teke med tekstar om både Olav Nygard, Gunvor Hofmo, Mads Berge, Hans Skjervheim, Einar Økland og Kjartan Fløgstad.
Essayet «Nytt om Ibsen» som er ein artikkelversjon frå 2003 av eit foredrag halde 9. juni 1997 i Skien og 25. september 1998 i Porsgrunn, viser både det storfelte og problematiske ved skrivemåten til Johannesen. Johannesen finn ut at foredraget skulle vere ein del av eit fagseminar arrangert av psykiatrien i Grenland. Noko han straks grip fatt. «Den originale vinklingen i Skien var interessant og rosverdig. Kunne Henrik Ibsens dramatikk påvirke norsk psykiatri eller forandre sosialpolitikken i Telemark? Jeg kunne ikke tenke meg et mer spennende Ibsen-prosjekt. Aristoteles ville kjent seg igjen på psykiatrisk seminar om en dramatiker.»
Ville bukkeritt
Og med katharsisomgrepet til Aristoteles på baklomma gyv han laus i ville bukkeritt. Detaljrikdomen og vellet av åndfulle referansar er imponerande for ein udanna lesar som meg, men også på eit underleg vis lammande og tilslørande. Det verkar som om Johannesen vil prøve å skrive utan perspektiv og utan luft. Av det blir ein andpusten. Tekstsidene kjennest tunge. I «tungetale fra Pinsen 2003» skriv han jo også heilt til slutt «Mine tenner er blitt som spisse stjerner, vinden piper i lungene og det finnes en rotte som er større enn jorden. Det jeg har å si har jeg sagt mellom ordene». Eller kryptisk opphøgd på karakteristisk vis: «Mitt snakk er performativer: moralske ytringer med utopiske forslag til en umulig ny fremtid.»
For korleis skal eg lese Johannesen? Setning for setning, som i eit leksikon? Som eit dikt? Skal vi lese han snøgt eller seint? Bør eg gå tilbake og lære meg ein setning eller to, slik at eg kan fortelje kva eg har lese? Eg har ein mistanke om at Johannesen skal opplevast munnleg. Det skriv han da også sjølv. Han skriv for øyra og ikkje for blikket. Difor er kanskje ikkje dette essayistikk, men snarare talar. Vi skal la oss begeistre av kvar ny kraftfulle ytring eller altså «performativer», som han seier. Deskdemonen herskar uinnskrenka frå punktum til punktum, i stadig nye spenstige sprang. Men dette er ei trollbinding for tida og staden.
Kraftsatsar
Kva med teksten? Johannesen gir oss sjølvsagt eit perspektiv på Ibsen likevel. Og det er eit interessant perspektiv, som sikkert andre kunne utleggje og resonnere vidare på. Det kjem til uttrykk i kraftsatsar av typen: «Skrev Ibsen tolv dramatiserte legejournaler? Var institusjonsteatrene i Kristiania og andre tyske storbyer mentalsykehus for følsomme fruer fra havet og deres livsfjerne ektemenn?... Fra Samundets Støtter (1877) og Et Dukkehjem (1879) frem til epilogene John Gabriel Borkmann (1896) og Naar vi døde vaagner (1899) er Ibsens skuespill kollektivt høytleste dameromaner... Fra og med Et dukkehjem var han tre generasjoner forut for bokklubbenes vidunderlige nye verden.» Og enda meir historisk epokebestemt: «Henrik Ibsens familiedrama og Ingmar Bergmans filmpsykologi fanger opp en protestantisk livsstemning som er en utbredt objektiv ånd i eit bestemt miljø av velsituerte og velutdannede folk fra den
kulturkonsumerende middelklassen i Nord-Europa.»
Det manglar ikkje på treffande, presise og polemiske ytringar som koplar Ibsen og vår eiga samtid innanfor dette perspektivet. Men det er like påfallande kor oppstykkja teksten er, kor fragmentarisk Johannesen i det heile teke skriv, og kor ofte perspektivet blir brote opp, som når han brått i teksten om Ibsen skriv: «Verdens Naturfond (WWF) erklærte i årsrapport (1998) om jordas helsetilstand at nordkvinner og nordmenn er det minst miljøvennlige folkeslaget i verden» (Bergens Tidende, 3. oktober 1998)??!!
Kodar og spor
Gir han oss ein gløtt inn i mannen med noko på hjarta? Ja, det gjer han vel i form av kodar og spor. Sjølv om han også overraskande i «Lite etterord» brått skriv: «Politikk er ikke min sak. Jeg er en antipolitisk pensjonist som engang var en engasjert og derfor livsfjern lyriker. Jeg er interessert i verdens litteratur, ikke i verden.» Likevel haglar det med morosame, infame ytringar som naglar fast det retorisk-mediale «Godhetsregimet» som blir feira kvar 17. mai av «godhetens barnesoldater langs en sentrumsgate i Kristiania-Oslo, oppkalt etter en franskfødt, men svensk konge.» Han skriv også at danning er å bli lokalpatriot i indre eksil. I det heile opererer Johannesen innanfor det etter kvart velkjende paradigmet «vestlandsk intellektuell populisme». Om han framleis kallar seg aristokratisk kommunist, ligg kanskje løynd som ein kode i engasjementet for Ludvig Holberg. Kven
veit?
Eg likar Georg Johannesen best når han skriv samanhengande forståeleg, i alle fall moderat forståeleg. Teksten om Ibsen fortener klart både vitskap og diskusjon. Retoren Johannesen peiker på stjernene for oss. Det er berre å gå i gang.
Nils Rune Langeland
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|