Dag og Tid nr. 50, laurdag 13. desember 2003

Roald Helgheim:
Ein litterær analyse

Ein dag i april seier Ole-Kristian Oksrød opp stillinga si i Klassekampen. Det hender i ein ny norsk roman som også heiter Ole-Kristian Oksrød, skriven av ein av haustens unge kometar, Jon Øystein Flink. Etter at han fekk berre eit glimt av rampelyset då romanen kom ut, har han hamna i skuggen av all støyen om avskrifter og wonderboys. Eit bel vart det snakka om ein ny Solstad, og ein ny Arild Asnes. «Når man ser for seg Ole-Kristian Oksrød sitte i redaksjonslokalet og forfatte sitt avskjedsbrev, må man bli minnet på at det rådet en stor fortvilelse inni ham.» Det liknar. På tampen av endå ein kvelande bokhaust, og i ei tid då dei intellektuelle publikasjonane dessutan falbyr den eine analysen billegare enn den andre, byr eg på ei nærlesing av Flinks roman i lys av sentrale passasjar hos Solstad.

Ein dag står altså unge Oksrød, ein musikkstudent som tidlegare har utmerkt seg med å slå lens i eit halvliterglas under bordet i panelet rett før han skal på talarstolen i ein debatt om postmodernisme i det Rød Front-styrde studentsamfunnet, ein dag står han altså på desken i Klassekampen. Han ser ein av typografane lenke saman to tekstblokker. Det han før har sett på som eit praktisk handverk, får ei djupare meining. Det blir meiningslaust. «Det var en stemme som proklamerte sterkt og rungende i hodet til Ole-Kristian Oksrød: Under det hele ligger det noe annet. Noe egentlig! Noe skremmende. Nemlig ingenting!»

Brått kan han ikkje fatte korleis typografen kan gjere noko så meiningslaust dag ut og dag inn. «For virkelig å understreke sin natur, de stofflige kjennetegn som knyttet typografen genuint til menneskeheten, framførte denne typografen, midt i sin tekstblokksammenlenking, et kort og nesten uhørlig sukk. Dersom han ikke hadde gjort dette... ville Ole-Kristian Oksrød neppe mottatt sin visjonære innsikt i den ubønnhørlige erkjennelse av at det ikke ligger noe under.»

Det er dette sukket som fører Oksrød på tanken om at djupast sett er våre liv meiningslause. Han seier opp jobben, han går på restaurant Valkyrien (ein tradisjonsrik brun kafé på Majorstuen). Der ser han ein lektor, ikkje ein professor, som heiter Andersen. Han veit at lektor Andersen ein gong har knulla kjærasten hans. Og han bankar opp den brautande lektoren på den mest audmjukande måte, på dassen på Valkyrien.

Dei som kan sin Solstad, veit at i romanen Genanse og verdighet får lektor Elias Rukla ein vakker dag, mens han prøver å innføre dei dumme gymnasiastane på Fagerborg skule i Ibsens diktarverd gjennom stykket Villanden, også eit slags syn, noko han ikkje har sett før. I 25 år har han gått gjennom dramaet, når han oppdagar at dr. Relling, i det han seier ein replikk «dirrer litt i stemmen», som det står i parentes i Ibsens tekst. «Han hadde ikke helt forstått hva Relling hadde i stykket å gjøre. Han hadde sett at hans funksjon var å forkynne elementære og usminkede sannheter om de øvrige personene i stykket, ja i bunn og grunn av hele stykket. Han hadde sett på ham som et slags talerør for Ibsen, og hadde ikke skjønt hvorfor det var nødvendig.» Men så rører Ibsen ved dr. Relling, han dirrar litt i stemma, «i det han spør fru Sørbye om det virkelig er sant at hun skal gifte seg med den mektige grosserer Werle». Med dette blir Relling dramaets fiende. Og mens Rukla legg heile si sjel i å forklare denne nyoppdaginga til gymnasiastane, opplever han at klassen gir jamt faen. Og kvifor skulle dei ikkje det? Rukla har lenge innsett det håplause i å få ungdom som ikkje er tørr bak øyrene, til å forstå Ibsen. På veg heim frå siste time prøver han å slå opp paraplyen i skulegarden. Paraplyen slår seg vrang, Rukla blir rasande, han prøver å knuse reiskapen mens han skrik grove ukvemsord til elevane som står rundt. Gymnaslærar Elias Rukla veit at han aldri kan vende tilbake.

Slik kan vi halde fram. Når Ole-Kristian opnar døra til Valkyrien, tenkjer han på engelsk: «I’m caught in an abstract», og han forstår ikkje kvar han har setninga frå. I romanen T. Singer ligg hovudpersonen av same namn på sofaen og trur han skal bli forfattar. Han kjem på ei setning: «En vakker dag stod han øye til øye med et minneverdig syn.» Kvifor akkurat den setninga? Han grublar vidare. Han blir aldri forfattar. Han blir bibliotekar på Notodden.

Det er sjølvsagt å dra han etter håret, men hugsar du når ein kollega av Rukla kom inn på lærarrommet og sa: «Jeg føler meg litt Hans Castorp i dag. Jeg burde vel holdt meg under dyna»? Høyrde Rukla rett? Hans Castorp, hovudpersonen i Thomas Manns roman Trollfjellet, brukt som referanse av ein utilpass lektor på Fagerborg, «og det ikke av en tysklektor, men en som underviste i matematikk!». I denne forsamlinga av lektorar som elles konverserer på eit åndeleg botnmål om ingenting, blir han sveitt og oppspilt av å høyre ein mann snakke om Hans Castorp. Men han får seg aldri til å ta kontakt eller innleie ein samtale.

Hans Castorp blir nemnt på side 143 i romanen Ole-Kristian Oksrød, liksom i forbifarten. «En skulle tro at Ole-Kristians lidelser framviste like mange psykologiske finesser som dem en Hamlet, en Peer eller en Hans Castorp utviser.» Eg vedgår at det er «a long shot», ein tynn tråd. Men som utkast til ein konsistent analyse av tilhøvet mellom eit håpefullt forfattartalent og eit stort eksistensielt forfattarskap, tykkjer eg det er ein lovande start.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |