Dag og Tid nr. 50, laurdag 13. desember 2003

Klok på bok 643:
Samtalmisjonen


Han Dale-Oskar og han Barabass bad meg helse. Vi møttest i går kveld til julegløgg og peparkaker for å planleggje julefeiringa. Tradisjonen tru skal eg på Dalen julaftan, og sidan han Barabass tidlegare har kjent seg støytt av pinnekjøtmenyen, skal vi ha lutefisk i år. Det ser eg fram til. Til dessert blir det moltekrem, småkaker og slikt søtt og godt som passar i små stetteglas. Han Barabass har lovt å lese høgt frå den beste boka han har lese i haust, så no er eg gyseleg nysgjerrig.

Han Anders Aschim sender eit hjartesukk frå Ytre Enebakk: «Alt ein ikkje har lese! Ja, når ein veks opp hos ein norsklærar, vert ein stadig minna om det. Men dette må vel vere ‘Uendeleg rikdom’ av han Ben Okri frå Nigeria. Og meir veit visst ikkje eg.»

Ho Cathrine Th. Paulsen i Oslo skriv: «Svar: Ben Okri». Så kort kan det òg gjerast. Andre som ikkje er så langskrivne av seg, er ho Brita Lundeland i Aurland, ho Hilde Matre Larsen i Oslo og ho Birgitte Berge i Rådal. Han Thor Henriksen i Oslo kjem i tillegg med eit tips: «Mine anbefalinger for en startleser er introduksjonen til ‘Fortryllelsens sanger’ (bok 2 i trilogien), essayene ‘Gledene ved å fortelle historier’, og diktsamlingen ‘En afrikansk elegi’. Her er en poetisk smakebit: – Vi er miraklene fra Gud/ som kjenner den bitre frukten Tid./ Vi er umistelige./ Og en dag vil lidelsen vår/ bli til underverk på jorda.»

Ho Torill på Myre skriv – heilt rett – at boka er det tredje bandet i romansyklus «om åndebarnet Azoro, som eksisterer i skjæringspunktet mellom virkeligheten og drømmenes og visjonenes verden, uten alltid å vite hva som er hva. For første bindet, ‘Den sultne veien’ (1993), mottok Okri Booker-prisen, det andre bindet, ‘Fortryllelsens sanger’, kom på norsk i 1994, og så kom ‘Uendelig rikdom’ i fjor», skriv ho Torill som ligg heime med influensa og dermed ikkje får sjekka dette på biblioteket. Difor har ho stole det ho skriv, frå Dagbladet. Ho gler seg dessutan til å bli frisk og lese Frost av Roy Jacobsen.

Han Gunnar Bæra i Løten opplyser at han Ben Okri (1959-) voks opp i Nigeria og London. Han ramsar dessutan opp bibliografien: to novellesamlingar, to diktsamlingar, ei essaysamling og eit skodespel i tillegg til trilogien.

«Haijnn Azaro va ein såkaijllt ‘abiku’. Når ‘iku’ betyr død, å ‘ab’ har nå med å vårrå forutbestemt te, da ferstår vi at haijnn Ben Okri er ijnne på gamle forestilliga frå heimtrakten’, det svære laijnne som hette Nigeria, å som har heile 126 melliona ijnnbyggera. (Det truijdd itj æ.) Når onga dør tidle’, så e det ferdi at en slem ånd, abiku, ha komme sæ ijnn i dæm, å spise opp aijll maten som dæm får, slik bli ongan meir å meir svak, å ofte så dør dæm», skriv han Kaare Stegavik i Trondheim og melder grøn vinter to dagar før World Cup på ski. Jaja, eg klagar ikkje. Eg synest at snøen skal liggje så høgt til fjells at den som vil ha skiføre, må oppsøkje det aktivt. Så kan vi i låglandet gå trygt til og frå.

Ho Marit Egaas på Bryne skriv slik: «Denne gongen var Paula nesten litt for snill med oss ved å røpa namnet på hovudpersonen. Dette er ein av mine absolutte favorittforfattarar, som eg hadde gleda av å møta på litteraturfestival i Stavanger for nokre år sidan. Han var forresten veldig opptatt av norske troll, og om nordmenn framleis trur på dei...», skriv ho Marit.

Han Olav Molven faksar frå Bergen at han Ben Okri debuterte alt i 1980, 21 år gammal: «Eg trur at han kan bli ein framtidig Nobelprisvinnar, nr. 2 frå Nigeria, etter W. Soyinka (1986). Han er alt nådd langt, og er ‘produktiv’.», skriv han Olav.

Han Gunder Runde i Ulsteinvik har òg Nobel i tankane: «Det var nok mange som vart skuffa over at ikkje Ben Okri fekk årets Nobelpris i litteratur. Ikkje noko vondt sagt om Coetzee, men kanskje det no kunne vere det svarte Afrika sin tur? Okirs landsmann Wole Soyinka fekk rettnok prisen for eit par tiår sidan, men elles har det vore magert med prisar til dei mørkhuda afrikanarane (kanskje kan egyptaren Mahfouz reknast blant desse)», undrar han Gunder.

Ho Gudrun Helleve Hammer skriv frå Kristiansand denne gongen: «Internett er godt for mykje! Ikkje berre finn eg oppgåvene der, men eg finn svaret der òg! Svaret denne gongen er ‘Uendelig rikdom’ av Ben Okri. Ben Okri frå mykje godord om bøkene sine, og eg er inspirert til å finna ut meir om dette nigerianske åndebarnet. Som Jørgen Alnæs seier i Dagsavisen: ‘... denne romanen (er) en annerledes innføring i Afrika og i et stykke afrikansk historie, det er sett fra innsiden, med afrikanske ditkerøyne. Og slikt har vi lest for lite av her i Norge.’»

Ja, då er det berre å vende blikket til meir heimlege trakter:


Klok på bok 643

Det är sista söndagen i juli 1952, en solhet eftermiddag. Tornuret ovan kyrkans kupol slår halv fyra. Gatorna är öde. En spårvagn tar sig mödosamt uppför backen vid kyrkogårdens västra långsida som gränsar till det vidsträckta torget med saluhall och teater. Vid hållplatsen stiger en kvinna av och blir ståande. Anna.


Dette er ei bok om «den sanna kärleken som inte överlever sanningen». Den svenske boka vart film for nokre år sidan med norsk regissør. Stikkord: Luther. Kva vil eg fram til denne gongen?

Svar Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, paula@dagogtid.no eller faks 22 41 42 10 før fredag 19. desember 2003.

Paula på posta

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |