Dag og Tid nr. 50, laurdag 13. desember 2003
Fjernsyn:
Altfor stilig i Store Studio
Store Studio er ei stor kultursatsing av NRK TV. Anne Sandvik Lindmo har eit godt ry som programleiar frå P3. Problemet er eit tunt lag av ironi smurt utover, og at samtalane krinsar altfor mykje rundt stil.
Store Studio
NRK 1, hausten 2003
Ferdige med det «ironiske 90-talet» som la vekt på det ytre? Her kjem 00-talet med meir av det same.
Seine måndagskveldar i haust har Store Studio hatt fast plass på sendeplanen til NRK. Programmet vart innført i vår, og held fram med ein ny runde over nyttår. Etter å ha sett dei fleste programma i haust, nokre av dei i ettertid på nettsidene til NRK, fann eg det på tide å spørje kvifor Store Studio, etter snart to sesongar, ikkje har vorte betre.
Famnar for breitt?
Programmet er eit kulturelt talk show på ein halvtime. Med tilskodarar i salen sit Anne Sandvik Lindmo på podiet saman med Per Sundnes. Sundnes er ein slags støtteprogramleiar, maskot, stjerneintervjuar og smaksdommar. Malen for programmet har lege nokolunde fast gjennom hausten: Det startar med utdeling av ein fiktiv pokal til ein person, gjerne i kulturlivet, som har markert seg den siste veka. Deretter kjem fyrste gjest i studio, til dømes ein skodespelar eller forfattar. Neste faste innslag er eit kjendisintervju gjort på førehand av Sundnes i felten, gjerne med ein artist eller eit band. Sundnes og Lindmo kommenterer intervjuobjektet i studio etterpå, som regel i ein flåsete tone. Neste gjest kjem til direkte intervju, før programmet vert avrunda med eit levande musikkinslag.
Store Studio legg til grunn ein smak og eit stoffutval som kan kallast ungt og urbant. Programmet tek for seg film, teater, litteratur, teikneseriar og musikk. Er feltet for breitt? Kan hende, men eg trur ikkje dette er hovudproblemet. Ein god kulturredaksjon kan vere i stand til å handtere alle desse felta. Står det unge og urbane i vegen for meiningsfulle sendingar? Nei, ein kan påstå at musikkprogrammet Lydverket, som òg går på NRK 1, er ungt og urbant. Men i Lydverket er dei opptekne av kunstproduktet konsertane og CD-ane, og i mindre grad av støyen rundt stilen, gimmickane og frisyrane.
Vi dyrkar kjendisar
I Store Studio er dei opptekne av kjendisar, hår, skjegg og kule/gule skor. Det er vanskeleg å stå ope fram med slike interesser i eit program som signaliserer at dei ikkje er heilt dumme heller. Store Studio har ein strategi for å legitimere interessene: Eit tunt lag av ironi gjev dei høve til vere opptekne av kva slags skomerke som er populære i nye filmar, å snakke med James Hetfield i bandet Metallica om kvifor han gjekk over frå langt til stutt hår, eller ta føre seg den raudbrune hårfargen til Thomas Giertsen i filmen Kvinnen i mitt liv. «Klimakterieraudt,» sa Sandvik Lindmo.
Eit døme frå pokalutdelinga i byrjinga av programmet:
Sandvik Lindmo: «Det er jo ein herleg bukett av kvinnfolk som har markert seg denne veka.»
Sundnes: «Eg har fire prinsesser som kjempar om trona. Fyrst har du Lene Marlin prinsesse vil ikkje, så har du Åsne prinsesse angrar ikkje, og så har du Christina Aguilera prinsesse puppesprekk, og så har du sist, men ikkje minst, Lene Nystrøm prinsesse rompesprekk. Det stod mellom prinsesse puppesprekk og prinsesse rompesprekk.» Sundnes veit at det han seier er dumt, men ein maskot har lov til å seie det dumme, og når ein seier noko sjølvmedvite dumt kan ein få lov til å vere kropps- og kjendisfiksert likevel. Han framstår stundom som farleg nær heilt blåst, men han får lov, fordi han er ironisk blåst.
Sundnes intervjuar musikkjendisar, noko det som regel kjem lite ut av på grunn av stildyrkinga. Det kjem så lite ut av det at han orsakar seg på førehand:
Sandvik Lindmo: «Du fekk lov til å møte den aller mest celebre gjesten som dukka opp i Oslo den siste veka.»
Sundnes: «Det var 50 Cent, eller fifty som eg kallar han, som er liksom den hottaste rapparen for tida.» Sundnes spelar på at han, eller programmet, dyrkar kjendisar, og prøver å kome seg unna det triste faktumet ved hjelp av sjølvironi.
Sundnes har òg treft bandet Blondie med vokalisten Debbie Harry. «Tenk deg på 70-talet då ho dukka opp. Du hadde jenter utan BH med bart. (...) Så hadde du diskobertene, fulle av glitter framme og bak. Og plutseleg kjem ho, utruleg rocka og såg ut som Marilyn Monroe.» Dermed vert det eit intervju som for ein stor del handlar om utsjånad.
Alt du får til!
Sandvik Lindmo har stundom ein noko annleis variant av kjendistilnærming. Eg er ikkje sikker på om parodien på kjendisjournalistikk er tilsikta: «Ho er tapetsert på hundrevis av plakatvegger landet rundt. Du kan sjå henne i suksessfilmen Kvinnen i mitt liv. Så kan du sjå henne på Det Norske Teatret der ho spelar i eit teaterstykke om Susannah Ibsen. Ane Dahl Torp er søren meg overalt, og akkurat no er ho i Store Studio.» Ane Dahl Torp kjem opp på podiet, og Sandvik Lindmo held fram: «Det skjer jo masse ting for deg: Du går frå det eine prestisjeprosjektet til det andre. Det er vel ingen tvil om at det største må vere å få gjere Nancy Drew.» Tonen har, slik eg tolkar det, eit lite innslag av ironi, men kan òg minne om Anne Grosvold i Bokbadet: «Alt du får til!» Gløymer Sandvik Lindmo seg, eller vert ho dupert av glamouren?
Kva med intervjua i studio? Stundom har dei tilløp til å vere gode, sjølv om tida er knapp. Problemet er at det ironiske fernisset ofte spreier seg til intervjua. Klimaet eg har prøvd å vise, gjer det vanskeleg å leggje vekt på noko som er viktig eller noko som til og med skulle vere godt tenkt. Gravitasjonen ned mot nivået som er vist, vert for sterk, og når botnen ligg så lågt, skal det urimelege innsatsar til for å ta sats og hamne høgt oppe.
Lat meg slutte med ein annan pokalvinnar frå i haust, Anders Kvaale Rue. Han har skrive ei bok for ein metta marknad, ei bok om noko så kjedeleg som skjeggstilar. Han har katalogisert skjeggtypane og gjeve dei namn, til dømes «Krompen», «Hakedotten» og «Dråpe». Det liker Store Studio, og no er det på tide at vi får vite meir om skjegget til Sundnes sjølv. Det trengs ei Sandvik Lindmo til å spørje: «Kor i samlinga har vi deg, herr Sundnes?» «Eg har Dråpe, men sparar til Krompen», svarar han.
Kjetil A. Brottveit
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|