Dag og Tid nr. 50, laurdag 13. desember 2003
Bygdeutvikling:
Bygdeforskinga får juling
Bygde- og region-forskarane har hatt ei tradisjonell og defensiv grunnhaldning til BygdeNoreg, seier bygdeutviklingsforskar, Dag Jørund Lønning.
Svein Gjerdåker
svein@dagogtid.no
Forskaren har dukka opp på bygdemøte og presentert raude tal og grafar som peikar nedover. Dei har skapt negative haldningar og teke pågangsmot og initiativ frå folk, seier Dag Jørund Lønning, forskar ved Telemarksforsking i Bø. Han har redigert boka Den norske bygda og Den store verda.
I staden for å seia at 60 prosent av dei unge vil bu i heimbygda, har det vorte framheva at 40 prosent vil til byen. Seksti prosent er eit svært høgt tal i ei tid der mobiliteten er så stor som han er i dag. Då eg tok til med dette feltet for 5-6 år sidan, kunne eg knapt fylla ein konvolutt med artiklar om bygda som tilflyttingsstad. Alt fokus var på bygda som fråflyttingsstad. Bygde- og regionalforskinga har vore tilbaketrekt, distansert og stilt seg utanfor samfunnet. Forskarane har sjeldan delteke aktivt. Dei har hatt ei tradisjonell og defensiv grunnhaldning. Dei har vore grensesetjande og ikkje grensesprengjande. Dei har kome med skepsis, ikkje oppmuntring.
Korleis vil du definere di eiga bygdeforsking?
Bygdeforskarane må vera ute der folket er. Vi må ta utgangspunkti i dei lokale menneskelege og materielle ressursane som bygdefolket har styring på. Vår rolle er å hjelpa fram det lokale initiativet. Vi skal ikkje koma utanfrå og definera at dette er ein fråflyttingsstad og ta pågangsmotet frå folk. Bygde- og regionalforskaren skal vera ein bygdeutviklingsforskar og ein aktiv medspelar for ei positiv utvikling for bygda. Forskaren må ut av kontoret og delta aktivt der folk bur. Forskinga må føra til handling, og forskarane må delta aktiv i å trekkja i gang konkrete prosjekt.
Kva er status på bygda i dag?
Standardiseringstanken og råvaretanken har dominert dei norske bygdesamfunna og dermed pressa Bygde-Noreg på defensiven. Såleis vert lokalsamfunna dinglande etter og definert inn i ei rolle som ein ikkje har styring på.
Er redninga at kvar lita bygd lagar si eiga pølse?
Nei, det gjeld å få fram heilskaplege regionar og lokalsamfunn. Pølse kan vera eitt tema ein stad. Når folk reiser frå Vestlandet til Telemark, reknar dei med å møta noko som er annleis. Det handlar om å skapa lokale stemningar og positive emosjonar. Vi kan ikkje redusera det til byggjeskikk eller pølseproduksjon. Vi må få ein annan måte å tenkja på.
Som til dømes?
Mytologi er viktig. Vi lever i ei svært mytologisk tid. I dag hentar vi mesteparten av det frå USA og Japan, samstundes som vi har eit landskap som er fullt av mytologi. Vår eigen mytologi har vi plassert på musea i staden for å bruka han aktivt. I dag set vi opp bautaer og skriv at vedkomande levde frå då til då, og ferdig med det. I staden må vi bruka mytologien aktivt i ei større forteljing for å gjera bygdesamfunna meir spennande.
Vert ikkje summen av alt dette berre meir folklorisme?
Vel, vel. Vil folk ha tradisjonsmat, så gje dei tradisjonsmat. Om det er ekte eller ikkje, er ikkje poenget. Alle driv i dag med kulturell konstruksjon. Vi er alle globale konsumentar. Uttrykka må ha ein lokal resonans, men kva som er ekte og uekte vert irrelevant. Slaget står i dag om symbola og enkeltmennesket si merksemd. Skal ein vinna den kampen, må ein utvikla uttrykk som appellerer til folk i dag.
Kva med det klassiske temaet om å skapa møtestader for folk?
Eg har vore mykje rundtomkring på møte der folk skal koma med idéar. Ungdomen om dei bur i Oslo eller i Dalen vil alltid ha ein skateboard-rampe. La dei få ein skateboard-rampe, men i tillegg må vi spørja oss kva vi har av lokale ressursar som ungdomane kan bruka til å skapa nye aktivitetar med. Møteplassane må skapast lokalt, seier Lønning.
Diverre er det lett å verta heimeblinde. Ofte er det innflyttarane som er dei gode entrepenørane. Det er viktig å sjå etter det spesielle ved staden, og ikkje det som er likt det andre. God bygdeutvikling må dyrka fram det spesielle og særeigne ved staden. Kva er det vi kan som få eller ingen kan? Kva er det som gjer vår stad spesiell? |
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|