Dag og Tid nr. 50, laurdag 13. desember 2003
Bøker:
Uforløyst tradisjonskost
Du brunar smør og mjøl i ei djup steikjepanne og sper med kraft. Oppi legg du nokså store bitar av rått oksekjøtt, peprar og saltar og lèt det heile koke til kjøtet er mørt. Dermed har du Kjøtt i mørke, servér gjerne med kokte poteter!
Tore Stubberud:
Kjøtt i mørke
Aschehoug
Slik tradisjonskost er god, men eg ville nok reservere meg mot å skildre oppskrifta slik: «Som beskrivelse av livet er det slett ikke uegnet». Nå er det sjølvsagt ikkje ei slik enkel, landsens oppskrift Stubberuds filosoferande hovudperson i romanen Kjøtt i mørke skildrar på denne måten. Eller rettare sagt: Det er nett ei landsens oppskrift det er. Oppskrifta «beskrivelsen av livet» eg-personen og naboen Bernard lagar sin rett etter i avslutningskapitlet i romanen, heiter «La Gardienne, gjeternes egen oppskrift hvor et glass blod, sammen med litt eddik, tilsettes rett før servering». Dag etter dag held dei to hyrdane på med denne svært så sofistikerte, landsens matretten, før romanen toppar seg i eit siste, rituelt måltid for «Kvinnen, Bernard og meg selv».
Reaksjonært oppkok?
Eg må sant å seie tilstå at eg ikkje heilt veit kva eg skal meine om denne svært handlingsfattige romanen. Det er både ein nær-framtidsvisjon og ein tradisjonell pastorale, den er både dystopisk og utopisk, den er djupt alvorleg meint og både tilsikta og ufrivillig vittig. Vi møter eit par som har slått seg ned på den franske landsbygda etter at ein katastrofe (ein krig?) har skjedd og det kapitalistiske forbrukarsamfunnet har gått i oppløysing. Etter denne «vendinga», eit mykje brukt ord i boka, dyrkar dei jorda, elskar heftig med kvarandre og gjeter sine Kuer og har meir eller mindre rituelle samankomstar med sin gardbrukarnabo Bernard som vende tilbake til naturen alt før «vendinga». Ein typisk pastoral retrett altså, der Maria og eg-personen oppdagar si kroppslegheit og lærer å sanse verda på nytt; Kuene med stor K! er eg-personens læremeistrar. Men
dette før-paradiset er slett ikkje så eintydig framstilt. For det fyrste er personane amoralske og går ikkje av vegen for å drepe sine medmenneske og la Hunden (med stor H) ete av innvolane (for å nemne noko av det makabre). For det andre skjer det ei merkeleg humanisering av dyra (Kuene og Hunden) både substansielt og språkleg og ein parallell animalisering av menneska. For å nemne nokre enkle og utvendige døme: Eg-personen legg seg på alle fire og snufsar som Kuene for å lære å nyte si sansing (for å nemne noko komisk) eller ved at Maria gjer seg til «vertsdyr» for ein flått som kryp inn under huda hennar (for igjen å nemne noko makabert). Denne dobbelte rørsla er sjølvsagt interessant, men problematikken blir uforløyst gjennom romanen, trass i eg-personens trong til filosofering. Best er faktisk denne diktarfilosofen, altså eg-personen og ikkje Tore Stubberud, når
han gir til beste ein gjennomgang av barens og rusens historie og fenomenologi eller når han er oppteken av meir trivielle problem, til dømes sine ryggplagar.
Pastoraldikting
Det er påfallande i kva grad vi til dagleg særleg gjennom TV blir bombarderte med det pastorale. Vi ser dyrlege-program både som faksjon og fiksjon, der vi følgjer dyr og menneske gjennom fleire fasar og episodar, vi ser familieliv på det skotske høglandet og kvar laurdagskveld får vi «hjartet på rette staden» att når vi har sett korleis politimannen Mike ryddar opp i landsbyflokane den gongen då livet var enklare og trygt og Ford Anglia var politiet sin utrykkingsbil. Slike populære seriar og folkelege program har fleire av pastoralens kjenneteikn; vi reiser i tid og rom tilbake til ei enklare og meir uskuldig tid utan modernitetens mest akutte problem slik vi opplever dei no. Tore Stubberuds roman er ein intellektualisert og «høg» versjon av den same teksttypen, og er sjølvsagt både meir ambisiøs og kompleks enn den «låge». Men eg er ikkje viss på at
vi blir så veldig mykje klokare av han. Eg trur nok boka hadde tent mykje på om kjøtet hadde fått putre i sausen enda litt til, utan for mykje eksotisk krydder og tilfeldige påhitt.
Ole Karlsen |
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|