Dag og Tid, nr 49, laurdag 6. desember 2003

Menneskerettar:
USA trugar seg til immunitet

Kring 70 land skal ha blitt pressa til å gje USA immunitet overfor den internasjonale krigsforbrytardomstolen. Med pengar nok kan mykje støtte kjøpast.


Per Anders Todal
peranders@dagogtid.no

USA-borgarar er ikkje som andre statsborgarar, og dei skal vere heva over internasjonal lov og rett, meiner regjeringa i Washington. Bush-regimet er ein iherdig motstandar av den nyetablerte internasjonale krigsforbrytardomstolen (International Criminal Court, ICC). Først og fremst rettar motstanden seg mot at også USA-borgarar skal kunne bli tiltalte av ein slik domstol. Da tel det mindre at denne domstolen er eit dramatisk framsteg i kampen for menneskerettar. ICC skal granske saker som gjeld krigsbrotsverk, folkemord og andre brotsverk mot menneskeætta.

USA har ikkje fått gjennomslag i Vest-Europa for krava sine om fritak, men fattige land er lettare å leggje press på. Ved hjelp av trugsmål og muting har USA kome eit bra stykke på veg til å kjøpe seg fri frå mogleg tiltale ved ICC. Kring 70 statar, som representerer 40 prosent av befolkninga i verda, skal no ha skrive under avtalar der dei gjev USA-borgarar – og ofte sine eigne – vern mot tiltale ved ICC. Det fortel bladet The Economist.

Blant dei landa som har gjeve USA immunitet, er India, Bangladesh, Israel, Romania, Bosnia, Kongo, Egypt, Nigeria og Thailand. Og metodane USA har nytta for å oppnå samtykke, er ikkje særleg tiltalande.

Kniven på strupen

I fjor sommar klarte USA å skaffe seg mellombels immunitet frå ICC, ved å truge Tryggingsrådet i FN med å trekkje ut FN-styrkane i Bosnia. Sist juni kravde landet eitt år til med fritak, og fekk det. Men nokon permanent immunitet frå domstolen har det ikkje lukkast å få, mest på grunn av motstanden til EU. Difor har USA sett kniven på strupen til einskildland rundt i verda.

Alt i fjor truga regjeringa i USA med å kutte all militær støtte til statar som hadde slutta seg til ICC, men ikkje ville lage ein unntaksavtale med USA. Nato-medlemmer var ikkje råka av dette trugsmålet. Men somme søkjarland til Nato, mellom andre Kroatia, vart åtvara om at kandidaturet deira kom til å stå i fare om dei ikkje ville gje USA immunitet. Kroatia gav seg.

Mange land i tredje verda, meir eller mindre avhengige av velvilje frå USA, gav òg raskt etter for kravet. Andre nølte – og fekk svi. I sommar fraus Bush-regjeringa 46 millionar dollar i militærhjelp til 35 land som ikkje hadde inngått ein immunitetsavtale, blant dei Colombia, den tredje største mottakaren av militærhjelp frå USA. Colombia er av dei fire nølarane som sidan har gjeve etter. Men dei som ikkje har skrive under på nokon avtale, ligg no an til å misse 89 nye millionar dollar i militærhjelp for 2004, skriv The Economist.

Ymse trugsmål

USA nyttar ei heil rekkje ulike pressmiddel i denne saka, avhengig av kva land dei skal presse, opplyser organisasjonen Human Rights Watch:

– Bahama-øyane fekk høyre at bistand til å byggje ein flyplass stod i fare om ikkje regjeringa gav etter.

– Dei karibiske statane fekk høyre at USA vurderte å kutte støtta til eit hjelpeprogram for naudhjelp etter naturkatastrofar.

– Komorane fekk vite at eit planlagt hjelpeprogram frå USA i staden kom Djibouti til gode, fordi regjeringa der hadde skrive under ein immunitetsavtale.

– Niger vart truga med kutt i bistandsprosjekt.

– Bosnia vart truga med at både militær og økonomisk bistand kunne bli kutta om regjeringa ikkje samarbeidde – og gav etter.

Og dei medgjerlege statane får si løn: Da Sierra Leone gav USA immunitet, kunngjorde USA at ein ville investere 25 millionar dollar i gruvedrift i landet.

Utpressingstaktikken har likevel ikkje ført fram overalt. Regjeringa i Jordan fekk høyre at dersom ho ikkje gav USA-borgarar immunitet overfor ICC, kunne ho gløyme 100 millionar dollar i bistand frå USA, som landet var lova for opplæring av irakiske politifolk. Men Jordan sette seg på bakbeina, og USA gav seg i denne omgangen, skriv The Economist. Bush har ikkje så mange gode vener i Midtausten at han har råd til å misse nokon av dei nett no.

Kva er dei redde for?

Målet på sikt ligg fast for USA. John Bolton, USA-statssekretær for internasjonal tryggleik, har gjort det klart at det er å få til slike avtalar med alle land i verda. Bolton har hevda at ICC strir mot «grunnleggjande, konstitusjonelle prinsipp for suverenitet og nasjonalt sjølvstende». Regjeringa i USA har òg argumentert med at såkalla «bøllestatar» og USA-hatarar kan bruke domstolen til å reise politisk motiverte saker mot USA-borgarar.

Men i statuttane til ICC står det klart at det berre skal reisast saker mot mistenkte krigsforbrytarar dersom heimlandet deira er heilt uviljug eller ute av stand til å gjere det. Om regjeringa i USA meiner deira eige rettsvesen er habilt og rettvist, burde det ikkje vere så mykje å frykte.

Somme trur motstanden
til USA heller heng saman med ICC sitt mandat til å forfølgje aggresjons-brotsverk i tillegg til reine krigsbrotsverk eller folkemord. Termen er førebels ikkje skikkeleg definert, og kan i framtida tenkjast å inkludere dei såkalla «forkjøpsåtaka» som Bush-regimet krev rett til og gav verda eit døme på i Irak. I så fall vert verda brått noko vanskelegare å hanskast med for aggressive USA-presidentar.

Men i verste fall har USA sterk lut i bakhand: I den såkalla «Lova for vern av amerikanske tenestemenn» som vart vedteken i fjor, opnar landet for å nytte makt for å frigjere tenestemenn som er tiltalte av ICC. Denne er populært kalla «Haag-invasjonslova».




© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |