Dag og Tid, nr 49, laurdag 6. desember 2003
Litteraturisme:
Mac, Doc og O granskar Anti- Syden
Kor langt inn i dei finske skogane går det an å koma?
Ottar Fyllingsnes
ottar@dagogtid.no
Ragnar Hovland, Per Olav Kaldestad og Dag Helleve har før skrive reisebøker frå USA, Irland og Benelux-landa, og no kjem den flottaste av dei alle frå Finland. Men dei forsikrar at dei ikkje har hatt noko ønske om å gå inn i syndromet av tusen sjøar og djupe skogar.
Men kvifor Finland blant alle storslegne reisemål?
Fordi Finland er eksotisk og nært, både kjent og ukjent. Finland er Anti-Syden. Me har vitja landet mange gonger. Finland peika seg ut alt den gongen me tenkte på ti reisebøker med Japan, New Zealand og Cuba blant reisemåla, seier dei tre til saman. Hovland, Kaldestad og Helleve utfyller kvarandre i svaret, slik dei gjer i boka. Og der ikkje anna er presisert, er det treeininga som svarar.
Tango gigante
Møtet med populærkulturen går att i alle bøkene; særleg musikken. Naturlegvis har den finske tangoen fått ein fortent plass i den nye boka. Ragnar Hovland har vore på den store tangofestivalen, og alle tre har vore på Maestro, den store tangorestauranten i Helsingfors.
Det var som på eit gigantisk ungdomshus med eit raudt blinkande hjarte på veggen. Det er ein stad der folk kjem for å dansa; ein stad der folk tek det heilt ut. Det er grandiost. Bergen hadde ein gong ein restaurant som heitte Du milde måne. Gangar du Du milde måne med hundre, får du noko som liknar på Maestro. To av oss er utstyrde med to venstrebein, den tredje kan dansa, men det går an å gå på Maestro for å drikka, prata og sjå på alle dei gode dansarane.
Kva er det som er så bra med Finland?
Det er kulturen; spennet mellom det avantgardistiske og den tradisjonelle landsbygda. Finland ligg i skjeringspunktet mellom aust og vest, og finnane brukar både den amerikanske og den russiske populærkulturen. Finland er eit venleg land å reisa i, og nordmenn og finnar har mykje til felles. Finland har skiløparar slik som oss, og me har felles referansar.
Donald-toppen
På 90-talet opplevde Finland store økonomiske vanskar, og suppekøen i Helsingfors var lang.
Det førte til ei sterk finsk satsing på kultur. Vektlegginga av utdanning har vore så sterk at det er pinleg å tenkja på den norske satsinga på utdanning, bibliotek og museum. I Finland har dei alltid hatt ein sterk intellektuell tradisjon, og det førte til at dei bygde ut både utdanning og bibliotekvesen på eit tidleg tidspunkt. Både biletkunst og design står høgt i kurs.
På 1800-talet hadde alle familiar plikt til å læra ungane sine å lesa. Skriftkulturen står sterkt i Finland, og finnane er eit lesande folk. Finland har forankra kunnskap og kultur på ein heilt annan måte enn Noreg, og det er fascinerande. Dessutan er Finland det landet der flest les Donald Duck, relativt sett. Finnane har teikneseriefestivalar og utdanning for teikneserieteiknarar på høgt nivå.
Teater-eksport
Har nordmenn det rette biletet av Finland?
Nei, ideane våre stemmer ikkje, eller kanskje berre litt. Filmskaparen Aki Kaurismäki har sørgt for å forsterka ideane me har om Finland. Finsk fjernsynsteater som vart sendt i Noreg på 70-talet, vart ikkje sett av finnane. Det var for eksport, og lat oss håpa at norsk fjernsynsteater vart sendt tilbake. Det finske fjernsynsteateret sementerte inntrykket av Finland og skogane, men landet er trass i alt svært urbanisert.
Saknar de det finske fjernsynsteateret?
Nei, seier Kaldestad.
Ja, seier Hovland.
I Finland opplevde me episodar som minte om det finske fjernsynsteateret, men det kan me oppleva kvar som helst her i landet også, ikkje berre på landsbygda.
Ragnar Hovland har sagt at fordommane er sanne; at finnane er tause, dystre og drikkfeldige?
Det er ikkje utan grunn at fordommar veks fram, og finnane leikar gjerne med fordommane. Det er ein måte å gjera Finland tydeleg på. Når det likevel finst eit inntrykk; kvifor ikkje nytta det til eigen fordel?
Ein kar som arbeidde i det finske fjernsynet, spurde om me trudde at finnane hadde same biletet av nordmenn som me har av finnane, men nei! Dei har eit bilete av svenskane som naive folk i stuttbrok, men finnane hadde ikkje noko bilete av nordmenn. Kanskje er me utydelege, eller kanskje er finnane ikkje så opptekne av oss. Dei oppfattar oss nok som flittige og dyktige skiløparar, men ikkje som dystre folk som sit langt inne i skogen og drikk.
Sosiologen me snakka med, meinte at biletet av dei dystre finnane passar betre på kystfolket enn på dei som bur i innlandet. Han meiner at folk frå Lappland er livlege og joviale. Zakarias Topelius er inne på det same. Han finn same mentaliteten hjå folk frå Karelen og Lappland.
På ein laurdagskveld i Bergen og Oslo er det både roping, skråling og flaskeknusing, men me har opplevd Helsinki som fredeleg på alle turane våre. For oss ser det ut til at finnane drikk på fredeleg vis. Me kom aldri i slagsmål, men gjorde ingenting for å hamna i kamp heller.
Kva set de størst pris på ved Finland?
Du møter mange overraskingar i alle fall i Helsinki, og det kulturelle mangfaldet er stort.
Kva overraska mest?
Kva har Helsinki som Oslo ikkje har? Russiske restaurantar, kvitlauksrestaurantar og butikkar med sære ting. Helsinki er ein spennande by midt mellom Skandinavia og Russland. Kontrastane er spennande.
Er alt like bra i Finland?
Me har møtt sure finnar, men det er ikkje så lett å krangla med folk når ein ikkje skjønar språket. Boka vår inneheld små glimt av Finland. Ho byr på våre inntrykk. Me vil visa det moderne Finland, og me har halde oss til dei store byane.
No er det slutt
Saman har Hovland, Kaldestad og Helleve gjort tre turar til Finland, pluss fleire reiser kvar for seg. Ein gong hadde dei planar om å skriva ein serie på ti reisebøker, men når den fjerde boka ligg på bordet, er dei sikre på ein ting:
Dette er den siste reiseboka. Det vert ikkje reisebøker frå New Zealand, Japan og Cuba. Dette er slutten.
Men det har me sagt før også, seier dei.
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|