Dag og Tid, nr 49, laurdag 6. desember 2003
Leiar:
Noregs Mållag må ta ansvar
Rettssaka denne veka mot tidlegare sentrale tillits-valde i Norsk Målungdom har fått fram at medlems-jukset har føregått svært lenge, mest truleg heilt tilbake til tidleg på 1980-talet. Av ein eller annan grunn overlevde medlemsjukset AUF-skandalen midt på 1990-talet. Jukset har vore systematisk og avansert. Underskrifter har vorte forfalska, fiktive lokallag oppretta og pengar sende mellom ulike kontoar for å overtyda revisor om at det høge medlems-talet var reelt. Det var langt frå berre tale om ei enkel skjemautfylling der det vart skrive 1700 i staden for 700 medlemmer i søknadene.
Norsk Målungdom har vore ein litn, effektiv, til tider svært dogmatisk organisasjon, der nye sentralstyremedlemer har vorte rekrutterte selektivt, ofte utan vanlege demokratiske spelereglar. Mange unge entusiastar har flytta til Oslo for å driva idealistisk arbeid for organisasjonen. Miljøet og referansepunkta vart kontora i Nordahl Bruuns gate og Øvre Slottsgate. Mange arbeidde dag og natt. Studia kom ofte i andre rekkje. Når dei så vart informerte om eller fekk innsikt i jukset, braut dei ikkje ut. Det kollektive gruppepresset var stort og systemet kunne reproduserast. Lojaliteten vart sterkare enn moralen.
Dei seks tiltala i denne saka har sjølvsagt eit eigeansvar for det dei har gjort, men dei er nærast tilfeldig utplukka fordi det var dei som signerte søknadene dei siste fem åra før foreldingsfristen gjekk ut. At dei åleine skal gjera opp for ein kultur som har overlevd så lenge, vert meiningslaust.
Når rettsapparatet avsluttar arbeidet sitt, bør difor Noregs Mållag ta initiativ til ei eiga gransking av saka: Få fram fakta, presentera dei, ta lærdom av dei og såleis gjera seg ferdig med saka.
Svein Gjerdåker
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|