Dag og Tid, nr 49, laurdag 6. desember 2003
Klok på bok:
Trubadur i moll
«Å, den som hadde eit naust!», sukkar ho Elen Maria Todal frå Hellandsjøen. Ja, det er du nok ikkje åleine om å ynskje deg.
«Gode Paula, din luring! Løysinga er svært nær, seier du. Og jamen har du rett. På side 31 i den gilde forfattaravisa som følgde med Dag og Tid, den om Jon Fosse, fann eg fjordhunden Olav, som hovudperson eg går ut frå at hundar er personar hos Jon Fosse i Du å du! Hundemanuskripta 2 frå 1996 », skriv han Anders Aschim frå Ytre Enebakk. Fint innspel, Anders!
I Oslo ular ho Hilde Matre Larsen: «Du å du, Paula! Jon Fosses Du å du (Hundemanuskripta 2) må jommen være den beste Olav H. Hauge-biografien til dags dato.» Ja, du kan få sagt det, du Hilde! Han Gunder Runde i Ulsteinvik har òg noko han skulle ha sagt: «Flott bilag om Fosse, som er ein av mine store favorittar, og eg er fullt og heilt samd med Hans H. Skei i at Stengd gitar, Naustet og Morgon og kveld er toppunkta i prosadiktinga til Fosse. Derimot er eg ikkje samd i at prosadiktinga er komen i skuggen av dramatikken, det gjeld i alle fall ikkje for min del», skriv han Gunder.
Han Tore Aschim i Askim er trottug: «Ja, eg vann ingen ting på misjonsbasaren. Men kjærleiken går det betre med. Fjordahunden Olav klagar over at det blir mørkt og kaldt. Og det er ei mørk og kald tid no i november. Men nett no driv ein snikkar og gjer ferdig listing til den nye ytterdøra mi, så no kan eg i alle fall halde kulda ute. Så får ein heller tenne lys inne. Jon Fosse har eg lese eit par bøker av, og eg har sett nokre av teaterstykka hans, men hundebøkene har eg aldri kjent til. Her var bilaget til god hjelp», skriv han onkel Tore, som òg viser seg å vere bestefar: «Eg får sjå nærare på barnebøkene til Fosse og finne ut om det kan vere noko for barnebarnet mitt.»
Her får du kanskje eit tips, Tore: Hei. Jon Fosses barnebøker er flotte å lese for voksne! Jeg er litt mer usikker på hvordan de fungerer for barn... Dette er fra åpninga av Du å du. Ellers vil jeg gjerne anbefale den hysterisk morsomme Dyrehagen Hardanger», skriv han Thor Arne Sæterholen i Oslo.
Ho Gyro Knutsdotter Homme er nøgd: «Her kjem ei oppgåve som høver godt for ein veterinærstudent dette er Hundemanuskripta (andre boka) av Jon Fosse. Fjordahunden Olav ligg og lyder på regnet som dryp, og tenkjer på kor mørkt og kaldt det er, nett slik mange av oss gjer desse dagane. Og eg tenkjer at det er spanande å undre på korleis hundar, og andre dyr, tenkjer. Kva dei tenkjer på. Og korleis me som menneske på mange måtar truleg ville hatt godt av å sjå verda, og livet, frå ein annan synsvinkel ei gong iblant», filosoferer ho Gyro.
Han Olav Molven i Bergen har ei oppgåve til austlendingar: «Prøv å få austlendingar til å uttale skykkje-skjukkjen på skapleg vis. Du å du!». Han Olav legg òg til følgjande: «No er det viktig å fortelja at eg tykkjer det er spesielt og flott å fare forbi Fosse på veg mot Bergen, og tenkje på att Strandebarm sin største diktar har rokke så langt i livet. Eit under er det!»
Over til Sandnes: «Sitatet er henta frå Du å du! Hundema-nuskripta 2 frå 1996. Det er den beste av dei to hundemanuskripta eg har (og har lese) og forfattaren er Jon Fosse. Den rørande historia om fjordahunden Olav som blir forelska og sambuar med den fine byhunddama Erna, står for meg som på sitt vis like nobelprisverdig litteratur som romanane Morgon og kveld og Naustet, for ikkje å tale om dramaet Nokon kjem til å kome og dikta om hundar, englar, naust og vatn.», skriv han John André Nergaard på Sandnes og vinn denne veka. Gratulerer!
Ho Ingrid i Gaupne trugar med å slutte å sende brev til meg: «Eg trur det kanskje er på tide at eg sluttar. Det er so mange nye, flinke som skriv. Og jobben din, Paula på posta, er jo sikra langt inn i framtida.» Det er der ho Ingrid tek skammeleg feil. Eg har nemleg sagt ifrå til bladstyraren at eg ikkje kjem til å halde fram etter nyttår. Eg må rett og slett ta meg ein skikkeleg «pause på posta». Men det er ikkje de som sender inn svara som er grunnen til at eg har blitt tappa for krefter. Så entusiastiske og uthaldne som de har vore, er det inga sak å redigere spalta. Likevel tida mi er snart ute. Men det vil berre seie at tida snart er inne for ein annan.
Klok på bok 642
Eg skreiv til deg eg har deg kjær,
men hjartet ditt av viskelær strauk orda ut.
Og rosene eg hadde plukt, vart krasa til parfymeflukt
så populært.
Så no får du ha det, eg dreg bort ei stund.
Du veit, det kan hende eg har min grunn.
Ja, vi skal nokre tiår attende i tida med lilla skjerf og gitarkurs på fanget. Sjølv sat eg ofte og klimpra med visebøker på salongbordet, og hadde stor sans for denne visa som eg siterer frå hugsen. (Det kan difor hende at eg bommar litt.) Opphavsmannen har gjort mangt og mykje innanfor musikken etter dette. Stikkord: stjerne i aust. Kven vil eg fram til?
Svar meg, det vil seie paula@dagogtid.no, Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo eller bruk faks 22 41 42 10 før fredag 12. desember.
Paula på posta
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|