Dag og Tid, nr 49, laurdag 6. desember 2003
Bøker:
Inn i mørkret
Merethe Lindstrøm er ein forfattar med eit alvor, eit språk og eit prosjekt som riv, vrengjer og slit lesaren til større innsikt i menneskesinnet.
ROMAN
Merethe Lindstrøm:
Ingenting om mørket
Aschehoug
Det viste ho med novellesamlinga Jeg kjenner dette huset frå 1999, med romanen Natthjem frå 2002 og no med den siste romanen sin Ingenting om mørket. For det er eit konsekvent alvor, eit naudsynt dykk inn i menneskesinnet ved å dissekera familiererelasjonar som synest å vera prosjektet til Lindstrøm. Slik har ho ein klar parallell og medsyster i Hanne Ørstavik. Men merkeleg nok må ein visst framleis seia at det er på tide at Lindstrøm får den merksemda ho fortener.
Eit stort mørker
Ingenting om mørket handlar nettopp om det store mørkret, om ein far med diagnosen schizofreni, om ein son, Stein, som må takla dette mørkret åleine, og om ein soneson, Mathias, som òg ber i seg eit stort mørker. Handlinga spelar seg ut i løpet av ei natt der Stein ikkje møter opp i tide til møtet med sonen Mathias. I løpet av leitinga etter Mathias denne natta vert livet til Stein summert opp, i veksling mellom notid og fortid. Heile historia er retta til eit Du, til faren som vart eit for stort ansvar for eg-forteljaren Stein. Under ligg ei kraftfull og makteslaus redsle for å mista sonen Mathias som har prøvd å ta livet sitt.
Det er alltid ei lise å lesa ei slik vond historie der forfattaren maktar å fortelja historia nettopp vondt. For det er det Lindstrøm er kapabel til; å gå inn i mørkret, i krikar og krokar av menneskesinnet og i krikar og krokar av relasjonar mellom menneske, oftast relasjonar mellom foreldre og born, men òg i relasjonar mellom menneske generelt. Lindstrøm pirkar, grev og viser fram, i eit språk som i utgangspunktet er ulada, men som vert sterkt og urovekkjande i si stille, og innsiktsfulle, framferd.
Ut i innsikt
For ein har ei kjensle av å nå eit skritt lenger i forståinga av kva me menneske er, held på med og strir med i møte med litteraturen til Lindstrøm. Det er noko med dette alvoret, med at det er naudsynt å fortelja nett denne historia. Ho har òg eit godt grep om forma, lêt fortid og notid skli over i kvarandre og viser dimed kor nært det heile heng saman, Stein si manglande evne til å takla forholdet sitt til faren som òg vert eit problem i møtet og kommunikasjonen med sonen Mathias. Kanskje eit opplagt problem og fenomen, men Lindstrøm viser det fram på nytt. Og litt annleis, for ein får ikkje den direkte kjensla av at det er eit deterministisk syn som ligg til grunn. Historiene om ein schizofren far og ein suicidal son går meir som to uavhengige liner enn som to kryssande og samanhengande årsaksrekkjer. Og såra etter faren vert viktigare enn å kartleggja historia til sonen Mathias.
Ho er framleis uavslutta. Det er eit godt grep, synest eg.
Innvendingar finst: I løpet av natta Stein kvilelaust vandrar rundt for å finna sonen, hamnar han opp i ulike situasjonar, mellom anna ei litt suspekt oppleving av overfall og vald. Det forstyrrar meir enn det aukar intensiteten, som truleg er føremålet. For Lindstrøm hadde klart seg vel så greitt med å halda temperatur, intensitet og driv oppe med dei enkle, men gode grepa og skifta mellom kva som skjedde og kva som skjer mellom dei tre generasjonar menn, altså utan å føra inn ytre, konkrete «action»-element.
Men heilskapen er så god, innsikta så urovekkjande og språket så stille og kraftfullt at på nytt viser Merethe Lindstrøm at ho er ein av dei viktigaste samtidsforfattarane me har. Og som dermed fortener mange og lyttande lesarar.
Margunn Vikingstad
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|