Dag og Tid, nr 49, laurdag 6. desember 2003
Bøker:
Uhygge frå Finn mark
Sære og sure småbygdhøvdingar skremmer vettet av ein ung søring.
ROMAN
Gro Jørstad Nilsen:
Nattelangs
Kolon forlag
Tretti kapittel og i underkant av 200 sider, Gro Jørstad Nilsen debuterer med ein roman som utmerkjer seg med godt driv og ekkel uhygge, men framfor alt byr romanen på ei miljø- eller bygdeskildring som verkar truverdig. Bygda kunne ha vore Oslo eller Kristiansand, men Jørstad Nilsen har valt å leggje handlinga til den fiktive staden Korsvik i Finnmark. Replikkar går på finnmarksdialekt mens romanen elles går på bokmål. Problemet eller tematikken ho tar opp, er både tidlaus og aktuell: Korleis går det, og korleis ter vi oss når framandfolk kjem til bygda vår?
Thriller
Viss debutromanen til Gro Jørstad Nilsen var ein film, var det thriller vi ville kalle han. John Alstad er ingeniør og skal til Korsvik i Finnmark for å vinne erfaring og frådrag på studielånet. Bygda har rutine på å ta imot slike, men det er ikkje lett for ingeniøren å gli inn i miljøet. Han forstår og misforstår sine nye sambygdingar. Og dei finn vel ikkje ut av han heller, i den grad dei er interesserte i å finne ut av han. Søringane blir sette på harde prøvar av dei innfødde. Nordingane vurderer gjerne søringane etter kor lenge dei held ut. Da Alstad kjem til Korsvik, har det ikkje vore ingeniør der på to år. Ganske snart viser det seg å vere noe mystisk med den førre ingeniøren. Erlend, som forgjengaren heitte, heldt ikkje lenge. Han var for snill, seier dei. Men det er noe meir også, noe med ei jente som er misbrukt av fleire vaksne menn, og noe
med sortien til Erlend. Midt oppi alt prøver Alstad å kome på god fot med arbeidarane i kjellaren, det er Alstad som leverer arbeidslista til dei. Høvdingen blant arbeidarane i kjellardjupet er Larsen. Han har ikkje mye godt å seie om sjefen i teknisk etat, Bjarne Hansen. Skikkeleg venn med arbeidarane blir Alstad ikkje, søring som han er og mellommann for sjefen som han også er. På ein hyttetur saman med arbeidarane unngår han så vidt å bli konfirmert på den same måten som forgjengaren blei.
Sull og tull
Sidan forteljaren av dette finnmarksdramaet er søring, og sidan han er lettskremd og gjer noen underlege val, skulle vi kanskje tru han var ein løgnaktig eller skeiv folkelivsskildrar. Det antydar forlaget sjølv på kolfonsida, men det upålitelege er i så fall så vagt og hårfint teikna at eg ikkje ser det. Forteljaren er subjektiv, men eg kan ikkje sjå at han lyg eller er i mentalt ubalanse. Han er rett nok redd, men det er forståeleg ut frå det han er med på. Men det han opplever er ikkje meir merkeleg enn at det passar godt i ein realistisk roman der ein søring frå Trondheim har gjort det slutt med kjærasten og reiser til Finnmark for å skaffe seg erfaring og studielånsfrådrag. Folka han møter er ikkje rarare enn at vi kjenner dei igjen frå småbygdfilmar som byggjer spenning med sære bygdetullingar, sure småplasshøvdingar og sull og tull med kvinnfolk og
drikking. Butikkdama kiler handflata til John Alstad når ho gir han pengar tilbake. På pøbben prøver han seg på henne, men det skulle han ikkje ha gjort. Typen hennar misliker det sterkt. Likevel kjem ho til ingeniøren om natta og kler seg naken for han. Men da synest han at ho er for vulgær og direkte, og han vil ikkje ha henne. Så spreier ho rykte om at han er homo, og han prøver å opprette eit forhold til ei som heiter Anja for å tilbakevise homorykta. Stemninga i boka minner om den svenske filmen Jegerne, ein thriller av Kjell Sundsvall med Rolf Lassgård i hovudrolla. I den filmen er det ei lita bygd i Norrland som vernar om seg sjølv og sine brotsverk i møte med ein rettskaffen mann utanfrå. John Alstad er først og fremst naiv, og redd.
Seg sjølv nok
Den framande, John Alstad, kjem til eit sjølvgodt, lumskt og lunefullt bygdemiljø der folk er seg sjølv nok. Jørstad Nilsen slår kanskje sprekkar i synet på den joviale og trivelege finnmarking. Alstad møter ikkje særleg med vennskap i Korsvik, og den vennskapen som utviklar seg, minner meir om utnytting og kuing enn utvikling av reelt vennskap: «Det e ikke alle som passe inn i Korsvik, skjønne du. Han Erlend va for snill.» Som vanleg betyr vel «passe inn» å overta den lokale skikken, godta dei høvdingar som råder og elles halde kjeft og smile. Slik vil vi ha utlendingar, anten dei kjem frå land i sør for å finne fred i Noreg eller dreg frå sør i Noreg og nordover for å få jobb-erfaring og frådrag på studielånet. «Prøv å vær sånn som oss», oppfordrar ein av karane da John Alstad er med på hyttetur. «Det e nu så mange tullinga som komme opp hit, ja, det e det, sier Hansen og ser på Vivian som nikker og ser ned. Det værste e at dæm ikke føle ansvar for stedet.»
Uhyggeleg
Eg tar meg i å tenkje at Gro Jørstad Nilsen har lagt opp til ein stor allegori i sin roman: At det slett ikkje handlar om Alstad og hans møte med Finnmark, men at det handlar om korleis framande folk, gjerne frå andre delar av verda, opplever å kome til eit veletablert og kaldt Noreg. Men nå er eg kanskje på ville vegar? Når denne romanen går mot sin slutt, er det framleis noen lause trådar som heng i lufta. Noen lesarar vil setje pris på at ein roman sluttar uavklart, men kor uavklart er det da? Uhyggeleg er det i alle fall i denne romanen frå mørketida i Finnmark. Og mørkrets gjerningar blir til slutt... Til slutt er John Alstad veldig fri eller frykteleg fanga. Kor uavklart og mystisk dette er, får bli opp til den enkelte lesaren å vurdere.
Atle Christiansen
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|