Dag og Tid, nr 48, laurdag 29. november, 2003

Tidsskrift:

Tradisjonen Syn og Segn

«Dette er ikkje Torsdagsklubben. Men det er heller ikkje ei uredigert tekstsamling for ein sekterisk kyrkjelyd.»
(Frå leiar i Syn og Segn nr 1/2003)
«Vi er kvinner! Og vi meiner det!»
(Syn og Segn nr. 4/2003)


TIDSSKRIFT
Syn og Segn
Det Norske Samlaget


Hilde Sandvik og Marit Eikemo tok over som redaktørar i tidsskriftet Syn og Segn i den hundreogniande årgangen, år 2003. Sitata er frå den første leiarartikkelen i år, og frå den siste, der dei går til felts mot ein type mannsdominans i media som gjev seg uttrykk i å dyrke unge, framstormande mannlege meiningsprodusentar. Difor har dei også vore sterkt i vinden ei vekes tid, etter at utspelet fekk eit klassisk tabloid oppslag i Klassekampen, og det har vore debattmøte i hovudstaden. I Klassekampen er ein av dei namngjevne nydyrka wonderboys, Aslak Nore, journalist, mens den andre, Jon Hustad, har flytta til Morgenbladet. Etter ymse intervju og kommentarar uttalte Jon Hustad denne veka at «dette nærmer seg et angrep på ytringsfriheten»! Wow! Og han konkluderer: «Syn og Segn burde legges ned om ikke redaktørene har noe bedre å fare med».

110 år etter Garborg


Mitt blikk på tidsskriftet var uttenkt før denne oppblåste debatten av ein type media stadig renn over med. Kva slags tidsskrift har det blitt sidan Rasmus Flo og Arne Garborg starta det for snart 110 år sidan? Dette er ikkje ei vitskapleg vurdering, men tankar etter å ha bladd gjennom nokre stikkprøver frå dei siste femti åra, medrekna lesing av siste årgang.

For ein del år sidan skjelte eg (i Klassekampen) ut den rådande tidsskriftkulturen en bloc. Det var på den tida den gamle franske filosofen Jacques Derrida hadde fått ny vind, og ei tilvising til dekonstruktivismen var fast inngangsbillett til den intellektuelle diskurs. Det var ein periode då også Baudrillard, Foucault og Barthes høyrde til det faste noteapparatet, men før Bauman og særleg Bourdieu. Tenkjarar har alltid høyrt med til ein intellektuell ballast. Ankepunktet var at ei horg av skribentar slo om seg med dei nye in-namna ute av stand til å skrive om tankane deira på ein forståeleg måte. Det var meir ein intellektuell positur enn ein sekterisk kyrkjelyd.

Vår tids intellektuelle hegemoni blir utgjort av ein flokk av mest akademiske meiningsdannarar du kan følgje frå tidsskrift til tidsskrift, frå kronikkplass til kronikkplass, frå kommentarspalte til kommentarspalte, og som ikkje har gjort jobben sin dersom dei ikkje også har fått skrive eit kapittel i den nyleg avslutta Makt- og demokratiutredningen. Mellom desse har medievitarane dei siste åra fått ein framskoten posisjon, og ser du namnet, blir du sjeldan overraska over kva dei meiner. Dette er ei klar vulgarisering, men som alle vulgariseringar har ho ei kjerne av sanning. Heller ikkje Syn og Segn kjem utanom denne malstraumen. Vi er så få her i landet.

Folkeopplysarane

I 1953 heitte redaktørane Magne Skodvin og Olav Midttun. Den siste har ein uslåeleg redaktørrekord på 52 år, frå 1908 til 1960. Saman med dei skreiv folk som Tore Ørjaseter, Halldis Moren Vesaas, Alf Hellevik, Eiliv Skard, Johs Aanderaa, Halvdan Koht, Olav Dalgard, Ivar Eskeland, Sigmund Skard, Per Riste, Knut Liestøl, Kaare Fostervoll og Olav Bø i bladet. Vi snakkar ikkje om berre ein nynorsk, men ein norsk elite, berarar av det beste i folkeopplysningstradisjonen. I 1963 er skilnaden ikkje så stor i profil og emneval. At Kristin Bie Lorentzen skriv om «Moderne afrikansk negerlyrikk» har neppe vekt oppsikt. Skriftstyrar er Bjarte Birkeland, og blant nye namn er Sigurd Skirbekk, Åse-Marie Nesse, Jahn Otto Johansen (!), Milada Blekastad, Vegard Sletten, Andreas Skartveit, Leif Mæhle. Og om kvinnene alltid er i sterkt mindretal, har det faktisk vore verre i periodar heilt opp til vår tid. Syttitalsårgangen i 1973 er ikkje så prega av syttitalet som ein skulle tru. Men Guttorm Hansen melde ei diktsamling av den revolusjonære forfattaren Stig Holmås og konkluderer: «Eg har lita tru på at desse dikta får unge gutar til å høyre ord og liner syngje i seg og kjenna at noko stort kallar på dei.» Han får svar av diktaren, og det har byrja å komme bilete og andre illustrasjonar i bladet. I 1983 regjerer dei første kvinnelege redaktørane Astrid Brekken og Sigrid Straand. Min årgang er ikkje fullstendig, men eg les ingen tendens til meir feministisk profil i bladet. Tvert om, den mannlege overmakta er stor. Dette betra seg nok under Borghild Gramstads redaktørskap (1989-92), men ettersom eg spring med tiårssteg, landar eg i bladet i 1993, med Jan Inge Sørbø som redaktør. Då hadde det den bunaden som rådde til Nils Rune Langeland tok over i 1998.

Den trauste heimen


Mitt tilhøve til Syn og Segn har hatt ein ambivalens i seg, men det er ein ambivalens eg har kjent i høve til heile nynorskheimen, som ein botntraust og framfor alt mannhaftig heim med nokre innforståtte kodar, vanskeleg tilgjengelege for utanforståande. Cecilie Seiness er den som mest råkande har karakterisert «Den nynorske mannsverda», i Dag og Tid 7. november 2002. Eg har ingen statistikk på om Syn og Segn er meir mannstungt enn tidsskrift flest, men det har så lenge eg hugsar alltid vore noko useieleg traust over det.

I Dag og Tid 30. april 1998 skreiv eg ein rosande omtale av Nils Rune Langelands debutnummer, ikkje minst på grunn av ein artikkel om den nye samtidsopportunismen som dominerer ein ny type intellektuell kafékultur. Etterpå kom det tre nummer på rad uten ein einaste kvinneleg artikkelforfattar (det sat ei kvinne i redaksjonsrådet). Eg har ikkje sett på bladet i eit spesielt kjønnsperspektiv, men dette må vere samtidsrekord. Langeland takka av etter fem gode år der han samstundes har markert seg som samtidskommentator i mange fora, noko vi også kan lese ut av haustens kritikarroste bok. På ein måte oppfattar eg Langeland-tida som ein freistnad på å bryte ut av den nynorske dvalen.

109. Årgang

Det første nummeret i 2003-årgangen hadde ein lovande start når kvinnesignaturane Bjellås, Gilje, Bjørndal og Ugelvik i artikkelen «Om sex på seminar og kjønn på konferanse» dokumenterte den skandaløse sanninga om kjønnssamansetjinga på ein serie seminar, som det offentlege ordskiftet også har blitt så fullasta med. Av ei liste på 27 slike er det først i det 24. at kvinnelege innleiarar tek hegemoniet frå mennene, då på eit seminar med temaet «Kunnskapsmakt». Det beste fråsparket elles står den tidlegare Syn og Segn-redaktøren Borghild Gramstad for, i omtalen av Ottar Grepstads bok Det nynorske blikket: «Det Grepstad kallar Det nynorske blikket, er ei fornærming mot den eine halvdelen av den rørsla han vil skildra». Blant kjende namn i vinden er Anders Johansen og Cathrine Holst, her er eit godt intervju med Einar Økland, Frode Grytten har i god stil vitja statsmimisterland i sovebyen Kolbotn. Bladet har fått ein ny bunad, fotografi har fått ein særskild status, og teiknaren Ronja Berge lagar små kvardagsportrett med tekst til. Slikt er for meg krydder i eit tidsskrift, krydder som skal «understreke Syn og Segn sin tradisjonsrike sans for den gode teksten – den gode historia», som redaktørane skriv i sin første leiar. Men kva slags tekstar? Bladet har også fått eit sterkt element av feature, og då tenkjer eg ikkje berre på det underlege innslaget om å setje inn ein kunstnar som visekonge i Fusa. Vi er på reportasjetur med ein distriktslege, vi følgjer to unge forfattarjenter på busstur til Ørsta, og Olaug Nilssen frå mine kantar av landet er ein frisk rapportør. I siste nummer utfordrar redaksjonen sju skribentar til å tolke kvar sin dygd. Det er slikt som freistar alt for mange til å bedrive ord, mens Selma Lønning Aarø er overlegent best i den stuttaste, nesten drepande teksten «Håp». Det er også eit litt mannstungt nummer som opnar med Magnus Marsdal, endå ein ny wonderboy som etter Klassekampen no held til i Attac. Han er også tøff type i positur med hår på brystet i samtale med Harald Eia i siste nummer av Samtiden.

Vis det!


Men kva ventar eg meg av eit tidsskrift? Same kva design det står i, ønskjer eg meg blant staffasjen det dundrande oppgjøret med noko, nokre tekstar det slår gneistar av, som åleine får meg til å lese dette nummeret, mat for tanken. Syn og Segn har heiderlege artiklar om mange emne, men det er for mykje på det jamne. Kvar er fråsparket til Borghild Gramstad? Kvar er ballesparket? Redaktørane fekk utteljing på sitt siste utspel, men blir det meir enn ein ny trekk-opp-debatt av det? (Etter trekk-opp-bilen, før vi fekk batteridrivne leikety). «Vi er kvinner! Og vi meiner det!» skriv redaktørane. Då svarar eg på engelsk: Show it, don’t tell it!

Roald Helgheim











© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |