Dag og Tid, nr 48, laurdag 29. november, 2003
Barnebøker:
Far pappa og sinna mann
Sinna mann er ei sterk og nødvendig bok for alle som treng å bli fri ansvaret med å tolke og halde hemmeleg. Slutten imponerer, han fungerer både heilt realistisk og overskridande.
BILETBOK
Gro Dahle og Svein Nyhus:
Sinna mann
Cappelen
Boj, hovudpersonen i Sinna mann, den nye biletboka til Gro Dahle og Svein Nyhus, kan aldri vere trygg. Han må alltid vere på vakt. Av og til bryt alt samen heime: «Sinna mann sitter på lur og tygger i kjøttet til pappa. Sinna mann venter i hånden. Boj merker det på mamma. Musklene muskler seg. Knoklene knokler seg. Nakken nakker seg. Alt strammer. Og når som helst kan sinna mann komme ut av ryggen til pappa.»
Sjølv om mamma prøver å lukke døra til romet hans, høyrer han alt som skjer når faren ikkje lenger er pappa, men blir sinna mann.
Tematisk slektskap
Dette er ei bok som tematisk står nært dei to siste biletbøkene til Dahle og Nyhus: Bak Mumme bor Moni (2000) og Snill (2002). Sinne er eit sentralt motiv i alle tre bøkene, men sett frå ulike perspektiv. Den første handlar om ein liten gut som prøver å meistre sitt eige destruktive og ustyrlege sinne, den andre viser korleis ei lita jente lærer å la det undertrykte og rettkomne sinnet få kome fram der det er nødvendig. Sinna mann snur perspektivet frå barnet sitt eige sinne til opplevinga av raseriet til den vaksne. I denne boka dreier det seg om den utolelege spenninga eit barn lever i når faren ikkje kan styre raseriutbrota sine. Opningsoppslaget i boka tar tak og strammar til. Det viser tydeleg korleis Boj heile tida er på vakt og tolkar alle teikn. Tre personar er i stova der tapetet har flammemønster, den vesle guten, den eteriske mora og den store faren med raude hender: «Boj lytter. Det er
noe i stua. Det er pappa./ Er pappa stille? Er pappa glad? Er pappa rolig?» Som i den første boka blir raseriet opplevd som spaltande. Boj ser pappa og Sinna mann som delar av faren. Og som i Snill tilbyr boka eit historisk kjønnsrollemønster som ein del av årsaksforklaringa. Skal faren bli ein som har kontroll over identitetane, må han «se at bak Sinna mann står en gammel Sinna mann, en sinna surmuggen subbegubbe som pappa også må snakke med». I slutten blir forventningane om at dette vil skje, gjorde moglege og konkrete, men dei er ikkje realiserte. Dette er med på å forsterke kvaliteten i boka, ho gir ingen lettvinte løysingar.
Intens heilskap
Dei to første fortalde også ved hjelp av heilskapen mellom tekst og bilete, men for meg er heilskapen, om mogleg, enda meir uløyseleg og intens her. Rytmen i forteljinga blir danna av bilete og tekst. Teksten består av korte setningar eller setningsemne med gjentakingar av sentrale ord. Bileta utdjupar rytmisk handlingsutvikling gjennom fargebruk og komposisjon. Dei gir små teikn som styrer opplevinga: ein hammar ved sida av ein glasbolle med fiskar, ei mor som er så vektlaus at ho kan sveve vekk av eit vindpust eller eit slag, ein stor, grov mann med raude hender, ei klokke som bare viser tida mellom fem på tolv og tolv.
Den flammande mannen brenn opp og blir til oske i det sanselege metaforiske språket i boka. Sinna mann blir til pappaliten som må trøstast av Boj og mamma. Denne vektlause mammaen kan ikkje fri familien frå den låste vekslinga mellom raseriutbrot og bøn om tilgjeving. Løysinga hennar er å gjere det som skjer inne i flammeromet, hemmeleg. Det er Boj som finn vegen ut av det låste huset ved å fortelje om det til andre. Det er så vanskeleg at Boj først snakkar til alt som ikkje kan snakke: til hunden, til fuglane, til graset og til klatretreet før han endeleg skriv eit brev til kongen. Løysinga ligg i kommunikasjonen, at det blir gitt ord til det som tidlegare var useieleg. Og det er barnet som gjer det, ikkje dei to vaksne.
Nødvendig bok
Sinna mann er ei sterk og nødvendig bok for alle som treng å bli fri ansvaret med å tolke og halde hemmeleg. Slutten imponerer, han fungerer både heilt realistisk og overskridande. Bruken av kongen som hjelpeinstans viser både innsikt i barns måte å tenkje på og ein sterk solidaritet med barnet. Sinna mann skal lesast saman med barn; det er ei bok for både vaksne og barn. Kan ein ikkje begynne med å snakke om boka, kan ein kanskje skrive eller teikne. Likevel er det inga skremmande bok. Heller ikkje for dei som ikkje har opplevingane til Boj; dei vil truleg ikkje gå inn på dei djupe nivåa i tekst og bilete. Det er blitt sagt ved meldingar av dei to tidlegare bøkene at dei vippar over mot det terapeutiske, kanskje meir enn ein skulle ønskje. Eg ser ikkje den moglege terapeutiske dimensjonen som eit negativt trekk ved denne boka. Tvert om er den ein dimensjon som fungerer i den estetiske heilskapen utan at
boka blir for tydeleg psykologiserande eller pedagogiserande.
Synnøve Skjong
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|