Dag og Tid, nr 48, laurdag 29. november, 2003
Media:
Nord-Noreg syng ut mot A-pressen
Nord-Noreg vil slåst mot nedskjeringsplanane i Nordlys. A-pressen, der LO er ein av dei største eigarane, driv med røvarkapitalisme, meiner Troms journalistlag.
Per Anders Todal
peranders@dagogtid.no
Patriotiske sinn er i kok i Tromsø. Kulturfolk og politikarar står på barrikadane for å forsvare Nordlys mot konsernleiinga i A-pressen. Den store avisa i Nord-Noreg går med overskot, men ikkje nok for A-pressen. Nordlys har fått beskjed om å kutte kring 26 årsverk dei neste to åra, skreiv NTB i oktober i så fall tilsvarande ein fjerdedel av staben. Troms Journalistlag meiner nedbemanninga syner at røvarkapitalismen er i ferd med å ta heilt overhand i Medie-Noreg, skriv fagbladet Journalisten.
Og klubbleiar i redaksjonen, Merethe Ekanger, er sint og frustrert.
Det er ikkje mogleg for Nordlys å vere ei landsdelsavis og eit talerør for heile Nord-Noreg med minimal bemanning, seier Ekanger. Ho er redd for at Nordlys skal bli redusert til å bli ei rein byavis, for å auke innteninga.
Leiinga i A-pressen er veldig oppteken av utgiftssida, og for lite oppteken av langsiktig strategi. Dei tilsette får kjensla av at «vi hadde no klart oss bra utan dykk». Dette er demoraliserande for dei som jobbar i avisene, meiner Ekanger.
Opprop
Det er slett ikkje berre innanfor Nordlys-staben at folk no protesterer mot A-pressen. Hålogaland Teater har teke initiativ til eit opprop for Nordlys som landsdelsavis. «En nedbygging av landsdelsavisa er en begrensning av rommet for ytringsfrihet i Nord-Norge», heiter det mellom anna i oppropet. Omtrent alle dei store kulturinstitusjonane i Tromsø og mykje av Nord-Noreg har slutta seg til oppropet, og til og med Universitetet i Tromsø er med. 8. november vart det òg halde ein stor støttekonsert for Nordlys i Kulturhuset i Tromsø. Etter dette arrangementet kunne konsernsjef Alf Hildrum i A-pressen fortelje at han var «sjarmert», at han var glad for støtta avisa fekk i Tromsø, at Nordlys framleis skulle vere regionavis, og at han slett ikkje har noko «religiøst forhold» til driftsmarginen på ti prosent, som er målet til A-pressen. Men slike vene lydar er ikkje nok til å overtyde
skeptikarane.
Det er frykteleg nedslåande, det som skjer. Og det verkar ganske meiningslaust, seier tidlegare Nordlys-redaktør Ivan Kristoffersen til Dag og Tid.
I si tid slost han for å hindre at Nordlys skulle bli ein del av A-presse-konsernet. Etter at Troms Ap selde aksjane sine til A-pressen i 1998, meiner han at dei vonde aningane hans er i ferd med å bli stadfesta.
Eg hadde ei vond kjensle da eg såg kor det bar med eigarskapen. Det var dette eg kjempa for å hindre, seier Kristoffersen.
I mi tid såg eg den regionale eigarskapen som heilt fundamental for avisa. Det handlar om lokal kontroll over verdiskapinga. Når Nordlys no har blitt del av eit konsern, ser vi følgjene, meiner eksredaktøren.
Er så grunnen til nedskjeringane i Nordlys at A-pressen slit økonomisk, samla sett? Knappast. Resultatet for 2002 var det beste nokon gong for konsernet, med eit resultat før skatt på 95 millionar kroner. 53 millionar vart delte ut til aksjonærane som utbyte. Og i år har det gått enda betre: Driftsresultatet etter tredje kvartal i år er meir enn dobla frå i fjor 94 millionar kroner før skatt.
Utviklinga til A-pressen er del av ein generell tendens, meiner medieprofessor Helge Østby ved Universitetet i Bergen.
Sidan 80-talet har krava til avkastning i pressa auka sterkt. Eg skjøner godt at ein del av dei gamle, rike A-presseavisene trivst ganske dårleg med situasjonen. Tidlegare har dei fått disponere overskotet ganske fritt, slik er det ikkje lenger, seier Østby.
LO som kapitalist
Nordlys er ikkje åleine om å bløunder sparekniven til A-pressen. Det som skjer der, er heller ein standardprosedyre som har vore følgd i andre aviser før. Og A-pressen er ikkje råare i profittkrava enn til dømes eit konsern som Orkla. Men det som gjer A-pressen spesiell, er historia og eigarskapen til sjølve konsernet. A-pressen var i mange år den lange mediearmen til den norske arbeidarrørsla, og skulle tale arbeids- og Ap-folk si sak. I dag kuttar A-pressen altså stillingar i fleng for å få større overskot.
Paradokset blir enda større når ein ser på eigarskapen til A-pressen i dag. Dei tre heilt dominerande eigarane er Telenor, LO og stiftinga Fritt Ord. Dagens Telenor har som oppgåve å tenkje profitt, det er så. Men LO og Fritt Ord?
Ein må seie dette er paradoksalt. LO er ein av dei store eigarane av A-pressen. Og arbeidstakarorganisasjonen er altså med på å stille krav til utbyte som råkar arbeidsplassane, seier Ivan Kristoffersen.
Eigarskapen til A-pressen skaper ei forventning om at konsernet skal opptre på ein annan måte enn andre konsern, meiner Merethe Ekanger i Nordlys.
A-pressen skulle vere tufta på andre verdiar. Men det ser ikkje slik ut i dag, seier klubbleiaren.
Roar Flåthen, styreleiar i A-pressen og nestleiar i LO, var på reise og ikkje tilgjengeleg for kommentar da Dag og Tid prøvde å få tak i han.
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|