Dag og Tid, nr 48, laurdag 29. november, 2003

Klok på bok:
Makt og pengar

Ho Ingrid i Gaupne har teikna eit fargerikt kort med eit motiv som liknar stygt på Suzi Quatro med gitar. På kortet står følgjande Kor er Suszi Quattro no?/ Før song ho rock./ Kor er Suzi Quattro no?/ Før var ho vill og flott./ Kor er Suzi Quattro no?/ Diktet er henta frå Alle i Alta kan, alfabetdikt av Eva Jensen og Inger Lise Belsvik (illustrasjonar). «Endeleg noko på nynorsk», legg ho Ingrid til.
Ho Ranveig Lundquist i Orkanger legg til at Eva Jensen òg har laga ei reknebok: Tre høns på plenen og fire egg.
Han Finn Øglænd i Stavanger skriv slik: «Når det gjeld ho Suzi Quatro, så var ho ei av stjernene innanfor den såkalla ‘glamrock’-rørsla på 1970-talet som både eg og ho Eva opplevde som tenåringar. Min favoritt var nok Marc Bolan. Elles er det å seie om ho Eva at ho er noko for seg sjølv og at ho alltid finn på underlege vinklingar i bøkene sine.»

Han Kaare Stegavik i Tronheim har følgjande kommentar: «Dikt fer barn e itj æ så stø på nei. Men med litt flaks, så faijnn æ hu Eva Jensen med ‘Alle i Alta kan’, ein slags ABC med eitt dikt fer kvar bokstav, å rekti fine ijllustrasjona tå hu Inger Lise Belsvik. Rekti ei stasbok!! syntes æ, når æ først faijjn’a. Det va Q fer Quatro (hu hette no med ein t da) å hu Eva sei: ‘Før var ho vill og flott’. Æ vijll sei at det e hu no eijnnda, hu e te å med bæssmor, å bestemødre e hiva kvijnnfolk, det veit æ litt om. Å så spør hu: Kor e Suzi Quatro no? Da e svare’, at hu e vel i Australia på turne’, vess itj hu ha komme tebakers heim no da. Så må du husspå jule-ølet, da Paula, å itj glømm tå å kauk når du tappe det opp!»
Nei, det skal eg love deg, Kaare, at det blir kauking både før, under og etter oppskòka.

«Hei, Suzi P. Forsøker du å villede ditt publikum, eller finnes Eva Jensens bok ‘Alle i Alta kan’ i flere utgaver? I den varianten jeg har foran meg er ikke ett eneste ord i Q-diktet skrevet på nynorsk. Boken er en samling alfabetdikt for barn, og består følgelig av like mange dikt som vi har bokstaver i vårt alfabet. Diktet du siterte (gjendiktet?) er nr. Q i rekken. Boken kom i 2000 og er illustrert av Inger Lise Belsvik», skriv ho Hilde Matre Larsen i Oslo.
Der lurte eg deg, Hilde! Boka kom på båe målformer sidan det er ei skulebok. Gjendikting var difor uturvande.
Han Olav Molven i Bergen skriv at diktaren vart fødd i Salangen i 1955, men er busett i Tromsø: «Eva J. er allsidig. Debuterte i 1984. Hennar skrivemåte vert gjerne kalla knapp og episodisk. Apropos episodar, eg tykkjer svært vel om korleis ho ‘blei så glad i Brikt Jensen!’ Du Paula kan jo finne den teksten fram og prente den i Kpb-spalta?» Nei, eg veit ikkje det, Olav, eg har så mange andre som må få kome til orde.
«Dette er Eva Jensens fine ABC-bok ‘Alle i Alta kan’. Her må en heller ikke glemme Inger Lise Belsvik, som har laget noen ualminnelig flotte illustrasjonar», skriv ho Ingebjørg Aagre frå Arendal. Eg er glad for at så mange trekkjer fram illustratøren i svara sine. Altfor ofte blir dei gløymde i omtalar av bøker.

«Ja, kvar i all verda er Suzi Quatro no? Kanskje i Alta? I alle fall er det vesle diktet frå ABC-boka ‘Alle i Alta kan’ av Eva Jensen og Inger Lise Belsvik (Samlaget, år 2000). Suzi høyrer naturleg nok til under bokstaven Q, men det treng ikkje bety at ho er blitt budeie eller at rockekarrieren var slutt», slår han Gunder Runde i Qulsteinvik fast.
Ho Lisbeth Dalquist Homme, biblioteksjef står det, i Valle, har hengt seg opp i Q-en: «Det er viktig at alle, vaksne og born, kan skrive alle bokstavane – både små og store. Det er somme av oss som har ein så uvanleg bokstav som Q i namnet, og mange kan ikkje skrive den bokstaven som liten. På eit kontor ein gong skulle dei notere namnet mitt, men herremannen stoppa opp då eg stava det og kom til ‘q’. Korleis skriv ein liten q, sa han. Prøv med kalv, sa eg.» For ikkje å snakke om calvados, tenkjer eg. Det har eg fått smaken på.
Ho Bente Kleiveland i Rådal sender svar saman med Sunniva (7 år): «E for Eva. J for Jensen. Ja, kor er Suzi Quatro no? Eg og dotter mi skimta ho så vidt, mjølkande på ei ku, i Eva Jensens alfabetdikt ‘Alle i Alta kan’. Gitaren hadde ho hengt på veggen, men vi trur ho hektar han ned – innimellom – og rockar litt for haustdeprimerte kyr. Boka er illustrert av Inger Lise Belsvik», skriv ho Bente i sitt første brev til Klok på bok. Debutantar skal ein ta ekstra godt vare på, så – kanskje ikkje uventa – premien går til Rådal denne gongen. Gratulerer!
Han Gunnar Bæra på Løten skriv at han har følgt litt med på den litterære utviklinga til Eva Jensen: «Ho byrja nemleg hausten 1977 som ung, skriveglad jente på lærarskulen i Elverum der eg er bibliotekar. Seinare studerte ho filologi før ho debuterte i 1984 med ‘Dikt og tekstar’. Etter kvart har ho gjeve ut ti bøker til, både for vaksne og barn.»

Klok på bok 641
«Hvem kan være sikker på at slutten begynner?» sa pappa, like før han ble arrestert for mordet på snekkeren.

Vi skal til ein forfattar som har gjesta oss før. Denne boka er den siste i ein trilogi om Azaro. Forfattaren som har fått Booker-prisen, vart første gong omsett til norsk på 1990-talet så vidt eg kan sjå. Kven vil eg fram til? Svar paula@dagogtid.no eller Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo eller faks 22 41 42 10 før fredag 5. desember.
Paula på posta



© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |