Dag og Tid, nr 48, laurdag 29. november, 2003

Roald Helgheim:
NRK som mikrofonstativ

NRK har drive ein ukritisk kampanjejournalistikk i saka om moglege krigsforbrytarar i Norge. Det kan ein slutte av dekninga etter at det kom for ein dag at ein serbisk flyktning dømd i ein kroatisk domstol har fått opphaldsløyve for seg og familien i landet. Fart i saka vart det då statsadvokat Arne Willy Dahl rykte ut og sa at Norge nærmast er ein fristat for krigsforbrytarar på rømmen. NRK har frå starten stilt ukritisk opp som mikrofonstativ, og ei rad politikarar let seg rive med. Asylretten har vore i fare for å bli uthola. Ein Amnesty-representant sa at vi ikkje kan ta imot folk som rømmer frå dommar. Kva med ein opposisjonell som er dømd til døden av eit totalitært regime? I det første ledige politiske kvarteret var Frps Per Sandberg i studio hos ein reporter som tydeleg hadde slukt statsadvokatens utspel med søkke og snøre, og var Sandbergs sidemann mot ein kommunalmininister som i anstendets namn meinte vi har prosedyrar å følgje, «Jo, men nå er de jo her», sa NRK-reporteren.

Sandberg køyrde leksa om Norge som fristad for kriminelle, for folk med psykiske problem, for mordarar, og for krigsforbrytarar i hopetal. Denne veka kom eit Sandberg-utspel om å krevje truskapslovnad for folk som vil ha opphald i landet. Framlegget blir kontant avvist av dei andre partia, «men vil det ikkje gjere det lettare å forholde seg konkret til norske lover?», spør ein reporter. Sandberg snakka om norske lover og norsk norm som to sider av same sak. Kva med å stille spørsmålet: Dersom ein som har svore truskap mot norsk lov likevel gjer ei kriminell handling, skal han då straffast hardare enn ein annan som gjer det same brotsverket? For ei tid sidan kom ein innvandrarrepresentant i det kriminalitetsførebyggjande rådet med framlegg om at muslimar som vitnar i norsk rett må sverje ved Koranen, for å hindre at dei lyg. Kvifor berre muslimar? Opptil fleire advokatar hadde sans for framlegget, inntil nokon med is i magen gjorde merksam på at til og med i Pakistan hadde ein slutta med slikt, slik vår eigen Bibel forlengst er borte frå våre rettssalar. Ei truskapsfråsegn kan uansett ikkje ha nokon juridisk status.

Justisdepartementet har utnemnt den tidlegare generaladvokaten Arne Willy Dahl til statsadvokat for spesielle internasjonale straffesaker. Innan eit år skal han komme med framlegg til ei etterforskingseining som skal granske krigsbrotsverk. Det gjeld å byggje seg opp. «Dahl er overbevist om at mange utenlandske krigsforbrytere gjemmer seg i Norge», skriv Aftenposten. Til NRK sa han at «hvis jeg var krigsforbryter på rømmen, tror jeg nok jeg ville dratt til Norge så lenge det ikke er noen der som håndterer disse sakene på skikkeleg måte.» «Påtalemyndighetene mener at det kan skjule seg flere hundre krigsforbrytere i Norge», stod det i Aftenposten. «Det er uheldig at vi i mange år har tatt imot flyktninger fra konfliktområder hvor nok en stor del av dem har vært borti krigsforbrytelser av noe slag», sa han til NRK. Alt dette stilte media og i særklasse NRK seg ukritiske til. Ikkje på noko tidspunkt stilte Dagsnytt spørsmål ved påstandane som kom fram. Då Dag og Tid gjorde det for ei veke sidan, rygga statsadvokaten frå skanse til skanse. «Eg trur ikkje Noreg er spesielt attraktivt», sa han. Han meinte ikkje at Norge var kjent blant krigsforbrytarar som eit lett land å gøyme seg. På spørsmål om det ikkje er naturleg at flyktningar ofte kjem frå konfliktområde, måtte han svare ja. Talet på folk som kunne ha vore borti krigsbrotsverk, kom til slutt ned i ein til fem promille av alle flyktningar. Endeleg var Dahl ikkje framand for tanken om at utspelet hans kunne vere med på å mistenkjeleggjere alle flyktningar og asylsøkjarar.

Dermed står vi att med ein statstenestemann med eit nytt embete å styre, som snakkar med store ord til ukritiske media. Ikkje på noko tidspunkt høyrde eg NRK stille spørsmål ved det han sa. Etter kvart fekk vi vite kva skuldingane gjekk ut på, fordi media har gjort sitt beste for å byggje opp under dei, i ei sak der tiltalte sjølv vart dømd in absentia. I Aftenposten måndag kunne vi så lese at det store fleirtalet av 550 påståtte krigsforbrytarar i Kroatia er dømde in absentia. For dette har Kroatia fått kritikk frå internasjonale organ. I juli 2002 slo den kroatiske riksadvokaten fast at ei rad krigsforbrytarsaker var prega av utilstrekkeleg dokumenterte tiltalar. Han har instruert påtalemakta til å revurdere bevismaterialet i 1850 pågåande saker.
I den norske saka står påstandar mot påstandar. Og bekymringa i NRK denne veka var at ei utleveringssak tar tid. Norsk rett har faktisk fleire ankeinstansar, og det kan gå eit heilt år! I mellomtida held Mulla Krekar-såpa enno fram, etter at riksadvokaten endeleg har fått Økokrim til å forstå at dei ikkje har ei god nok sak. Det er ein farse ein kan meine mykje om. Eg tykkjer det er mykje viktigare at Norge har ei haldning som er ein rettsstat verdig. Det gjeld særleg i ei tid då den nye internasjonale krigsforbrytardomstolen er under konstant eld frå USA, som til no har fått 40 land til galantare den immuniteten dei krev mot ein slik domstol. USA held terrormistenkte i hopetal fanga under vilkår som strir mot alle konvensjonar, dei vil ta seg retten til å lage sine eigne straffedomstolar av nær standrett-type der det passar dei. Det er det store trugsmålet mot ein internasjonal rettsorden. Rettsstaten Norge må ikkje fire på krava til seg sjølv.



© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |