Dag og Tid, nr 48, laurdag 29. november, 2003
Barnebøker:
Grafsing i blod og gørr
Fantasy-sjangeren grip om seg både i barne- og ungdomslitteraturen.
Før var det meir eventyr og fantasi i bøkene. No får grufulle hendingar større plass. Eg vil kalla det grafsing i blod og gørr, seier bibliotekar Alf Ramsfjell ved Ås bibliotek.
Ottar Fyllingsnes
ottar@dagogtid.n
Det var i 1996 at Tiden forlag lanserte den første fantasyboka, og amerikanske fantasyforfattarar vart fort ein suksess. Sidan har stadig fleire vorte sette om til norsk, og fleire nordmenn har byrja å skriva i sjangeren. Men trass i at det er få år sidan fantasy vart introdusert, har det skjedd ei utvikling.
Det var smart av Tiden forlag då dei lanserte fantasylitteraturen, men no er det ein tendens til at forfattarane prøver å overgå kvarandre i skildringar av vondskap. Fantasy-litteraturen har vorte meir prega av horror, seier Ramsfjell.
Ruben Eliassen hadde stor suksess med Phenomena Profetiens utvalgte, og i år kjem han med oppfølgjaren Phenomena II Parados øye.
I den første boka hadde han dei yngre ungane som målgruppe, og han lukkast. No kjem oppfølgjaren, men han treffer ikkje målgruppa. Boka er rett og slett for dramatisk for dei yngste. Ho eignar seg betre for dei som er langt oppe i ungdomsskulen, seier Alf Ramsfjell.
I eiga gravferd
Han nemner også den nye spenningsserien til Damm. Darren Shan heiter forfattaren, og Darren Shan er også skuleguten som er hovudperson i bøkene. Serien er på seks bøker, og han er krydra både med vampyrar og andre farlege skapningar. I Damm-katalogen vert serien presentert blant ungdomsbøkene.
I bøkene vert ungane bitne av vampyrar, og dei opplever si eiga gravferd. Dei vert halvvampyrar og må slafsa blod av den beste venen som vert drepen av uhyre. Det er ikkje måte på. Eg kan ikkje skjøna at dette er så spennande, men trenden breier om seg også i barnelitteraturen. Truleg er bøkene rekna for barn mellom 10 og 14 år.
Korleis reagerer du på denne utviklinga?
Eg vil ikkje rå ungar i alderen frå 10 til 14 til å låna bøkene. Når innhaldet i bøkene er slik, må bibliotekarane i større grad lesa bøkene, og dermed vert du fort ei slags tante politi. Frå forlaga får me svært lite råd og rettleiing.
Har du kjøp inn Darren Shan-bøkene på biblioteket i Ås?
Ja. Eg har ikkje hatt lyst til å ta inn bøkene, men likevel har eg måtta gjera det. Den første vart kjøpt inn utan at eg hadde lese henne. Det viser seg nemleg at Darren Shan får barn til å lesa bøker, og me har lånarar som er lesevegrarar. Dermed vert ei merkeleg blanding av ideal og praksis...
Men Darren Shan-bøkene vekkjer ingen debatt?
Nei, i dagsavisene er det svært få bokmeldingar, slår Alf Ramsfjell fast.
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|