Dag og Tid nr. 47, laurdag 22. november 2003

Klok på bok 640:
Ikkje berre ein hund

«John Irving og ‘Enke for et år’ er vel så velkjend at svara strøymer inn», skriv han Tore Aschim frå Askim, og det har han heilt rett i. Det er lenge sidan postkassa mi har vore så full. Han Tore held fram: «Det er ei tjukk og god bok for lange vinterkveldar. Førre gongen eg skreiv til Klok på bok, såg eg dei første snøfillene. No er det mildvêr, men misjonsbasaren er eit sikkert teikn på at det stundar mot jul.»

Ja, eg har nett vore på basar sjølv eg, og vann eit par hekla gryteklutar og fruktkorga. Slett ikkje verst! Uhell i kjærleik, hell i spel – det held seg opp att, det!

Han Gunnar Hagen i Andfiskå etterlyser norske omsetjingar av dei første Irving-bøkene. Dessutan har han eit tips: «Omsett til norsk er enno heller ikkje nokon av bøkene til finske Arto Paasilinna. Forteljingane hans er villare enn Irving sine, svartare og meir morosame. Å lesa Paasilinna er vanedannande. Han burde vera ein forfattar for dei som likar Irving.»

Han Olav Grimstad på Sætre i Hurum sender ein stor og varm takk fordi eg endeleg har funne fram til «Den Store Forteljaren i vår tid»: «Utdraget er dei første avsnitta i boka ‘Enke for et år’ (1998), og presenterer oss for tre sentrale personar i dette vedunderlege litterære universet; Ruth Cole, Marion Cole (mora) og den då 16 år gamle Eddie. Resten får de lese sjølve! Som alle bøkene til Irving er denne lang og nydeleg rik på fantastiske personar og hendingar. Kva meir kan ein seie? Meir John Irving!» Eg veit ikkje korleis det er med kjærleiken, Olav, men du har iallfall hell i klok på bok-spelet denne veka. Gratulerer med sigeren!

Ho Eli Sylta med adresse «nyforelsket.com» tok svaret med ein gong: «Eg las bok først i fjor, sjølv om ho kom i 1998. Noen hadde sagt dei hadde måtta legge ho vekk for forfattaren er for ordrik, og det er han jo. Men eg blei ikkje skuffa: ‘Enke for et år’ handlar om forfattaren Ruth Cole samt slekta og vennene hennar. Og kvart ord er nødvendig. John Irving har her nok ein roman om underlege, men truverdige menneske. God haustlesning! Dette siste meint som ei oppmoding om å dykke ned i alt som er av spennande ordsamansettingar – nytt og gammalt.»

Ho Tone Magnussen i Bodø er lukkeleg: «Boka kom på norsk i 1998, og fekk Sissel Benneche Osvold i Dagbladet til å skrive om ‘lyden av leselykke’. Sjølv fekk eg ei engelsk utgåve i bygåve av ein mann på USA-tur same året, og las boka nokre strålande nordnorske sommardagar på Tranøy fyr. Det var også leselykke!»

Ho Guri Skeie i Tromsø svarer rett, og har ei oppmoding: «Send ei lita helsing til han Hallvor Reiar, og ønsk han lukke til i Lyon! Det er ein kjekk by, så stor at det går bokbussar i byen. Eg hadde 15 minutt å gå frå hybelen min til metroen, og kom forbi to bokbuss-stopp på vegen.»

Han Thor Henriksen i Oslo tek oss med på litteratur: «På nettet finnes både lesesirkelspørsmål for ‘A Widow for One Year’, og en interessant samtale mellom forfatteren og hans redigent Harvey Ginsberg. Her får horene i Amsterdam støtte fra uventet hold. Så kan man spørre seg hvorfor enkelte suges inn i denne boka, som tilfellet var med verket om Garp. Erik Lundegaard prøvde å svare i Seattle Weekly da ‘enka’ ble presentert i 1998. Han kom fram til at de store temaene trekker lesere: lystens makt, kjærlighetens spinkelhet, og sorgens evne til å skape toleranse. Irving får oss dessuten til å lese videre, selv når avsløringene skjer. Endelig forteller han gode historier, noe andre talentfulle forfattere ofte glemmer.»

Han Gunder Runde i Ulsteinvik er oppteken av kvantitet: «For ungdommar som har behov for tunge litterære verk i samband med pressing av planter til herbarium, er John Irving eit sjølvsagt førsteval, utfordra berre av Vikram Seth og Charles Dickens. ‘Enke for et år’ veg 630 gram, og høver for ei passeleg stor blåklokke. Og etter mi meining overstig nok den fysiske tyngda den litterære. Likevel er hyllene mine belasta (!) med 3.010 gram (og 2545 sider) Irving.»

«Kjære Paula, som trofast abonnent og leser i sikkert 30 år, har jeg mer enn en gang tenkt å være med i Klok på bok. To ting ble avgjørende lørdag 8. november: at mine gamle venner Lilly Erna og Karle Gjernes deltok og at forfatteren i Klok på bok 638 er en av mine (og sikkert mange, mange andres) store favoritter. Sitatet er fra ‘Enke for et år’ av John Irving. Jeg finner ikke boken i hylla akkurat nå, men den rangerer høyt oppe på listen over Irving-bøkene», skriv han Magne Nylenna i Ski, «eks-Smøla, eks-Sunnmøre.»

Han Gunnar Bæra på Løten peikar på at handlinga i romanen er tredelt og går føre seg i 1958, 1990 og 1995: «Under lesinga stiller ein seg spørsmålet: Er dette ein stor roman, eller er det ein intelligent fortald såperoman? Vel, i alle høve er det ei morosam bok. Les og le!»

Klok på bok 640

At det kvart år skal bli så mørkt og kaldt, tenkjer fjordahunden Olav der han ligg oppe på naustskukken og lyttar til regnet som prikkar mot dei store hellene over hovudet på han, (...)


Løysinga er nær, svært nær, nærare har ho kanskje aldri vore før, nær, nærare enn natta, nærare dag. Kven vil eg fram til? Send nære ord til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, paula@dagogtid.no eller faks 22 41 42 10 før fredag 28. november.

Paula på posta

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |