Dag og Tid nr. 47, laurdag 22. november 2003
Historie:
Eit levande minne om Kathe Lasnik
Eg ville ikkje at den jødiske skulejenta som vart send til Auschwitz skulle bli hugsa berre som offer. Eg ville reise eit annleis monument over krigen, seier Espen Søbye, forfattaren av boka Kathe, alltid vært i Norge.
Roald Helgheim
roald@dagogtid.no
Dottera til Elias Lasnik og Dora, fødd Meszansky, vart drepen i gasskammera saman med foreldra og ei eldre syster. To andre systrer hadde flykta til Sverige. Etter å ha henta ei varm jakke ho hadde gløymt att hos ei venninne kvelden før, vart Kathe den 26. november 1942 henta i Hertzbergs gate 7b på Majorstua saman med resten av familien, transportert til kaia og sendt med Donau til Stettin. Berre 8 av dei 532 deporterte med den første lasta vende attende. Ein av dei lever enno, og fortalde om reisa i eit offentleg foredrag i januar i år. 20 personar møtte fram for å høyre på. Før ho sjølv vart arrestert, var Kathe Lasnik vitne til at politiet trass i legeprotestar også arresterte den sjuke faren på Lovisenberg sjukehus, etter instruks frå statspoliti-legen dr. Hans Eng. Det siste ho skal ha skrive, var ein lapp til venninnene der det stod: «Takk for meg. Nå får dere ikke se meg mer. I
natt ble vi arrestert.»
På turen over skal mange av passasjerane ha trudd at skipet ville vende kursen mot nord, slik båten med dei protesterande norske lærarane hadde gjort, før dei såg lysa på svenskekysten. Det einaste synlege sporet etter arrestasjonen av Kathe Lasnik er eit spørjeteikn utanfor namnet hennar i protokollen etter juletentamen ved Fagerborg skule. Alt 2. desember låste advokat Haakon Høst frå Likvidasjonsstyret seg inn i bustaden til familien Lasnik, for å ta beslag i hus og inventar.
Likvidasjonsstyret gjorde jobben sin. Det er difor spora etter dei fleste deporterte jødane er borte. Her kan ein snakke om total utsletting, seier Søbye, som visste lite om kva han gav seg inn på då han byrja å nøste opp tråden etter Kathe Lasnik.
«Alltid vært i Norge»
Då han fortalde Dag og Tid om prosjektet for to år sidan, hadde han funne eit skjema for Kathe Lasnik i Riksarkivet, av den typen alle norske jødar måtte fylle ut. Søbye arbeider i Statistisk Sentralbyrå, og kom over skjemaet under arbeidet med eit foredrag han skulle halde om kva den offisielle statistikken hadde å seie om likvidasjonane. Kathe Lasniks skjema var datert 16. november 1942, ti dagar før deportasjonane. Eitt av spørsmåla var: «Når kom De til Norge?» Kathe svara: «Alltid vært i Norge». Herav tittelen på boka.
Søbye la skjemaet til side, men spørsmålet om kva som hadde hendt, plaga han. Slik byrja forfattaren å nøste opp trådar. Han spora opp klassevenninner frå Møllergata og Fagerborg skule. Han har vitja dei to overlevande systrene i Israel og Boston. Han har spora opp nokre grannar der dei budde i Wilsesgate, seinare i Hertzbergs gate. Ei tenestejente bur enno i Oslo, eit steinkast frå herverande journalist. Sonen til ein blikkenslagerkollega av Elias Lasnik spora han opp gjennom protokollane til Oslo Kobber- og Blikkenslagerlaug, etter ein tvist Elias Lasnik og ein viss Gorvitz hadde hatt med lauget. Den nitti år gamle sonen til Adolf Gorvitz, Moritz, hugsa saka. Han kjende Elias godt. Og han kunne dessutan fortelje at hans eigne foreldre og alle syskena vart deporterte og drepne. Sjølv slapp han unna fordi han var gift med ei ikkje-jødisk kvinne.
Dei få spora
Slik losar forfattaren oss gjennom ei nitid, pedantisk, lågmælt, men fengslande forteljing på knappe 150 sider, illustrert med ei sterk samling bilete av gammal familielukke. Men forfattaren er ikkje nøgd med det han fann.
Kva hadde du venta då du starta?
Eg fann færre kjelder enn eg trudde. Eg vona det skulle dukke opp ei og anna historie, ei flott anekdote. Ikkje eit einaste brev har eg funne. Ikkje eit samtidsdokument, anna enn eit obligatorisk skjema, og eit spørjeteikn i ein karakterprotokoll. Eg har snakka med mange, men dei har eigentleg ikkje så mykje å fortelje. Tenestejenta hugsa at ho sov bak eit forheng på gangen. Dei munnlege kjeldene er tvitydige. Alt hende for seksti år sidan. Likevel er det jo nært, seier Søbye.
Dei klåraste minna har eg frå venninna Karen Svärd, som hugsar 1. maitoga og samanstimlinga av folk i Møllergata, rett ved Youngstorget. Begge foreldra gjekk i 1. mai tog. Det gjorde Gorvitz også.
Eg har vegra meg for å bruke uttrykket direkte, men eg tenkte ofte på uttrykket «willing executioners» når eg prøvde å forstå kor lett det var å deportere dei norske jødane. Eg ville reise eit annleis monument. Eg ville ikkje at det einaste Kathe Lasnik skulle bli hugsa for, er at ho vart utrydda. Eg søkte etter kjelder som kunne fortelje meg andre historier, men det var vanskeleg. Det viser kor total utryddinga har vore. Heller ikkje kjelder frå det jødiske samfunnet seier noko om denne saka. Familien Lasnik, som kom frå Vilnius, kjende seg ikkje som spesielt jødiske. Dei ville vere som alle andre. Nokre toneangjevande jødar veit vi ein del om, men det er ikkje så mange spor av ein blikkenslager og forhandlar av kjøkenutstyr. Då eg snakka med venninnene, slo det meg kor lite også dei visste om kva som hende med dei norske jødane, endå dei på ein måte var
vitne til ein av dei største katastrofane Noreg har opplevd. Nitti jødiske barn vart deporterte frå Noreg. Kor mange vitne må det ikkje ha vore? Denne boka har gitt meg ei kjensle av å drive med arkeologi, seier Espen Søbye.
Den uskuldige eksekutøren
Politiembetsmannen som leidde jødearrestasjonane i Oslo, vart etter krigen frikjend i ei oppsiktsvekkjande rettssak. Korleis kunne det skje?
Dei avgjerande vitneprova kom frå folk i heimefronten. Politi-mennene som vitna for han, hadde sjølve vore med på arrestasjonane. Men den første dommen som frikjende Rød, var ikkje samrøystes. Lagdommar Cap-pelen hevda at «det er ikke noe som tyder på at tiltalte da han sto foran slike forbrytelser hadde patriotiske oppgaver å løse av en slik betydning og så uløselig knyttet til hans stilling i Statspolitiet at hans ledende andel i jøde-arrestasjonane kan rettferdiggjøres».
Då høgsterett etter anke frå riksadvokaten oppheva dommen, kom saka opp på ny 9. april 1948. Retten med motstandsmann Erik Solem som dommar frifann han på ny. «Når retten skal bedømme tiltaltes samlede virksomhet kan en ikke finne det bevist at tiltalte i virkeligheten har ytet fienden noen bistand av verdi. De handlinger som isolert sett kunne ses som bistandshandlinger (uth. her) var nødvendige for å utføre det annet meget mer betydningsfulle motstandsarbeid».
Å leie deportasjonen av norske jødar var ikkje å gje fienden «noen bistand av verdi». Rettssosiologen Knut Sver, som omtalte saka i ein artikkel i eit festskrift til Johs. Andenæs i 1992. «Hos meg vekker dette til liv den høyst ubehagelige tanke at domstolen ikke har ansett de norske jøder som likeverdige andre nordmenn», skreiv han. Knut Rød påstod sjølv ikkje at han gjekk inn i NS for å kamuflere motstandsarbeid, men for å hindre at Hirden skulle få politioppgåver. Det var betre å melde seg inn i NS slik at gamle politifolk frå før krigen kunne halde fram med arbeidet sitt. Rød varsla aldri motstandsrørsla om dei kommande arrestasjonane. I staden vart politiet det Per Ole Johansen i boka Oss selv nærmest skildrar som den fløyelshansken den tyske jarnneven trong.
Med eit hirdpoliti hadde det vore umogleg å gjennom-føre deportasjonen så effektivt. Dei ville ha møtte ein heilt annan motstand, seier Espen Søbye.
Både Knut Rød og legen som garanterte for at også jødiske sjukehuspasientar kunne arresterast, var snøgt attende i jobbane sine etter krigen.
Eit norsk ansvar
Norske styresmakter har enno ikkje granska, dokumentert eller teke på seg sin del av ansvaret for likvidasjonen av norske jødar, seier Joron Pihl.
Roald Helgheim
roald@dagogtid.no
Pihl er professor i fleirkulturelle utdanningsstudiar ved Høgskulen i Oslo. I fjor skreiv ho ein artikkel i Nytt Norsk Tidsskrift der ho spurde kva det var ved dei etniske relasjonane i det norske samfunnet som gjorde det mogleg å arrestere og deportere dei norske jødane i eit slikt stort omfang.
Gjennom erstatning til gjenlevande jødar har Noreg teke på seg eit økonomisk ansvar for det som er gjort. Men offisielt har det aldri vore sagt noko om kva ansvar nordmenn, norske profesjonar og styresmakter har hatt for utryddinga. I staden blir det stadig framstilt som om Holocaust i Noreg er eit tysk fenomen, og ikkje eit norsk. Det gjeld også i historiebøkene, seinast i Norsk innvandringshistorie, seier Pihl.
Norsk politi og norske lensmenn deltok i kartlegginga av jødane, i arrestasjonane, sytte for at dei vart transporterte med tog til Oslo, og sette om bord i «Donau» til utryddingsleirane i Tyskland. Kvar var regjeringa i London? Kva rolle spela den norske motstandsrørsla? Tenk om norske statsinstitusjonar hadde medverka like ihuga i deportasjonar av norsk politi, norske legar, lærarar eller andre. Hadde dei ansvarlege blitt frikjent då, spør Pihl, som meiner frikjenninga av den ansvarlege politiembetsmannen i Oslo, Knut Rød, står att som eit hårreisande monument over norsk legitimering av den norske medverknaden til jødedeportasjonane.
Viss ein har eit problem, så greier ein det ut. Men den norske medverkinga til Holocaust har aldri vore definert som eit norsk problem som ein må greie ut, kartleggje og finne ansvaret for. Vi snakkar om ein av dei mest effektive aksjonane i Noreg under krigen, deporteringa av nær halvparten av dei norske jødane på ei natt, seier Joron Pihl.
Pedantisk om det grufulle
Ved å skildre det som hende så pedantisk, får Espen Søbye fram det fryktelege ved det, seier kriminologi-professor Nils Christie.
Christie, som er nær jamgammal med Kathe Lasnik, spør seg sjølv kva han hadde gjort om han hadde budd over gata og stått i vindauget og sett politiet grytidleg om morgonen 26. november 1942. I eit sterkt innlegg under lanseringa til Espen Søbye onsdag sa han at denne boka er så konkret, så grundig og så pedantisk at det er mest umogleg å verne seg mot henne.
I staden for å huje og skrike, har han skrive ei bok som er lågmælt. Samstundes er det ei bok som på mange måtar ikkje kan gjentakast, seier Christie til Dag og Tid.
Det ein ikkje forstår, kan ein heller ikkje gløyme, seier eit tysk ordtak. Espen Søbye har skrive ei forståingsbok, seier professor Irene Levin.
Ho er ein overlevar etter Holocaust. Då foreldra vart varsla om jødedeportasjonane, gjekk mor svanger med Irene, som seinare har vore aktiv i å finne folk som hjelpte norske jødar til å flykte krigen.
Inga Anne Frank
Kathe Lasnik var inga norsk Anne Frank, og ho kunne heller aldri bli det. Anne Frank skreiv sjølv sitt vitnesbyrd, ei dagbok som vart verdskjend. Det gjorde ikkje Kathe Lasnik, som kom frå eit heilt anna slags miljø, i eit heilt anna land. Ein annan har teke på seg å skrive vitneprovet hennar. Det er som om forteljaren har vilja motsetje seg det som hende, sa Levin, som ikkje tykkjer det er rart at folk ikkje hugsar så mykje.
Vi verjar oss mot å hugse det aktivt vonde. Difor har det herska ein tagnad. Etter krigen trudde alle at vi visste, og at ingen var verre enn andre. Men tagnaden er også ein tale. Å bli borte er ein del av den same tagnaden, sa Levin.
Takk frå familien
Nokre av klassevenninnene til Kathe Lasnik var til stades på pressekonferansen. Det var også Iver Bermann, nevøen til Kathe, son til storesyster Jenny Lasnik som gifta seg med Leopold Bermann i 1937. Iver vart fødd i Oslo i 1938. 15. november 1942 vart mor og son hjelpt over til Sverige, dit mannen hadde rømt 15. oktober. Iver Bermann retta ei varm takk til Espen Søbye for at han har gjenreist minnet til familien.
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|