Dag og Tid nr. 47, laurdag 22. november 2003
Film:
Også ein bokhandlar
Det er ikkje ein film med dei store faktene, men også ein bokhandlar i Tunisia har sitt å stri med.
Bokhandleren
Regi: Nawfel Saheb-Ettaba
Frankrike/Tunisia 2002
Forteljinga er av det enklaste slaget. Den unge Jamil vender attende til heimlandet etter å ha levd nokre år i fransk eksil etter ein konflikt med familien. Han får jobb på ein bokhandel som like mykje minner om eit antikvariat fordi den gamle eigaren aldri orka å kvitte seg med gamle bøker. Eit ungt ektepar driv butikken, svigermor bur også i det tilhøyrande husværet, og vår mann får også leige eit rom. Den unge, vakre husfrua er eit songtalent som vil ut og gjere karriere, motsett den trauste mannen som har grodd fast i den gamle sjappa på eit karakteristisk hjørne i byen, der svigermor morar seg med å slå ut vaskevatnet over ein dagdrivargjeng under balkongen.
Mellom her og den turbulente marknadsgata like ved spelar det meste seg ut eit lite familiedrama der det kvesser seg til mellom det unge ekteparet, alt mens det utviklar seg noko useieleg mellom Jamil og den eldre, men enno vakre svigermora som er enkje og aldri fekk levd livet. Akkurat det er det mest sitrande i dette dramaet, dei usagde kjenslene mellom enkja og innflyttaren, alt mens den forsmådde ektemannen i huset visnar bort, og sladrehankane kjem og går.
Det er ei soge av den mest banale sorten, men spelefilmdebutanten Nawfel Saheb-Ettaba held meg likevel stangen mot ein slutt eg knapt hadde kjøpt i nokon film elles. Det er noko Smoke-aktig, kvardagsleg og enkelt over soga, på eit spist gatehjørne med glimt av ein larmande storby i bakgrunnen. Ein vakker film utan fakter om eit univers av uendeleg mange.
Roald Helgheim
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|