Dag og Tid nr. 47, laurdag 22. november 2003
Bøker:
Avmaktsutgreiinga
Norsk politikk er sinnelagsetisk. Difor er Palmes «politikk er å vilja noko» eit meir brukt sitat enn Bismarck sitt om pølser og politikk. Dei som brukar det siste gjer det helst for skjemt.
Øyvind Østerud, Fredrik Engelstad, Per Selle:
Makt og demokrati: slutt-rapport fra Makt- og demokratiutredningen.
Gyldendal akademisk
Ei lesing av Makt og demokrati, sluttboka frå Makt-og demokratiutgreiinga, som er førd i pennen av professortrioen Øyvind Østerud, UiO, Fredrik Engelstad, ISF, og Per Selle, UiB, er at det norske demokratiet har rotna på rot: «Når betydningen av demokrati overføres fra folkestyre som formell beslutningsform til ulike former for tilleggsdemokrati, blir forvitringa av folkestyret tildekket og skillet mellom demokrati og ikke-demokrati utydelig», skriv dei som avslutning på den 298 sider lange katalogen over formelle og uformelle maktstrukturar i det norske samfunnet i det Herrens år 2000 (s.298). Ei paradoksal årsak til dette er at det har gått troll i Sverdrups ord om «all makt i denne sal».
Pølsemakarane
Mindretalsparlamentarismen gjev veike regjeringar som må tinga seg fram i Stortinget (kap.4). Og kva dei enn måtte seia Første og Syttande Mai, så er dei folkevalde vortne pølsemakarar. Pølsene deira er feite nok. Det må dei vera, ettersom den demokratiske infrastrukturen som ein gong i verda gjorde dei folkevalde til representantar for andre enn seg sjølve og sine personlege vener, er forvitra (kap. 9). Dei ideologiske skilja er ikkje lenger viktige for veljarane og den politiske eliten har i sentrale politiske saker som innvandring og kriminalitet inga tru på at veljarane veit kva som er best for dei. (t.d. kap.3). «Rettsliggjeringa» av politikken, både ved at internasjonale konvensjonar som Den europeiske menneskerettstraktaten og EØS-avtalen er vortne norsk lov, og ved at ymse sosiale og økonomiske gode er gjorde til individuelle rettar som gjev den einskilde krav mot Staten, har samstundes snevra inn
i det politiske styringsrommet (t.d. kap.7). Rettsleggjeringa av sosialpolitikken har effektivt øydelagt det lokale folkestyret og gjort kommunane til statlege iverksetjingsorgan (kap.8).
Trøyttande
Når sant skal seiast visste vi alt dette frå før. Og boka er, om enn velskriven til å vera norsk samfunnsvitskap, keisam. Eg sovna av henne. Det er noko sosiologisk over katalogiseringa av elendet, men ho saknar det handlingsperspektivet som faktisk gjer sosiologi til underhaldande lesing. Forfattaren dreg konklusjonar og let det vera med det. Det er mogeleg at maktutgreiarane ikkje skulle koma med tilrådingar. Men ikkje ein gong eit snev av ironi er å merka i teksten. Synberr dårskap, som dei biennale kampanjane for å folk til å røysta i politiske val som ikkje har noko mål eller meining fordi KrF vil koma med i regjeringa okke som, vert ikkje nemnde. Ikkje eit kritisk ord. Dersom forfattarane har meiningar om årsakene til politisk passivitet og politikarforakt, løyner dei dei godt.
Det usagde
Boka teier om mykje. Eigedomsrett i stort, naturressursar, er nemnt. Eigedomsrett i smått, bandlegging og planleggingslov, er det ikkje. Boka problematiserer ikkje lokale rettar til naturressursar anna enn i samband med samane sine rettar. I eit etnisk mangfaldig samfunn som det norske skal vera, bør vel både hardingar og hallingar reknast som urfolk. I bolken om «Kapitalisme og økonomisk makt» vert teiinga til fortrenging. Ikkje eit ord om den svarte økonomien. Ikkje eit ord om organisert kriminalitet. Om nokon har makt i den mest grunnleggjande tydinga av ordet i det norske samfunnet i dag, er det vel aktørane i den delen av økonomien.
Eg forstår kritikarane. Eg er ikkje samd med dei, men eg forstår dei. Dei tre maktutgreiarane har gjort jobben sin. At boka ikkje gjev eit einaste svar på spørsmåla som vert stilte, ligg i mandatet. Og det skulle teke seg ut om byråkratproduserande seniorprofessorar meinte noko som resten av den politiske eliten er usamd i.
Standssamfunnet
Boka viser til fulle kor åndsfattig og historielaus norsk statsvitskap er. Og dermed kor åndsfattig og historielaus den norske eliten er i sine autoritært liberale haldningar. For dei strukturane som vert skildra er ikkje nye. Det vi ser er konturane av, er Standssamfunnet eit samfunn ordna etter Pontoppidans Katekisme i Embetsstand, Lærd Stand og Husstand, kvar med sine rettar og plikter nedfelt i Lova. Embetsstanden er den politiske eliten, frå statsministrar til generalsekretærar i friviljuge organisasjonar, som får sitt mandat både frå universelle prinsipp og symbolske handlingar som val og syttandemai-tog. Den lærde standen omfattar heile åndseliten frå redaktørar til førskulelærarar, frå stand-up komikarar til Wenche Foss, som får sitt mandat frå innsikt i verda, medan Husstanden er «folket», den uorganiserte massen som krev styring, opplysing og underhaldning. Det som
skil det nye standssamfunnet frå det gamle, er at i det gamle var embetsstanden medviten si eiga avmakt.
Maktutgreiinga skildrar denne avmakta. Men eg saknar medvitet.
Pål Bakka
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|