Dag og Tid nr. 46, laurdag 15. november 2003


Teater:
Lite futt, mykje sjarm

Scenografi og kostyme byr inn til gøy på landet når Det Norske Teatret set opp Ungkarsfesten av Norvald Tveit.

Det Norske Teatret:
Ungkarsfesten
av Norvald Tveit
Regi: Per Jansen

Det er akkurat så forsoffent som ein ventar seg, haugar av oppvask, bilete på skeive, ekte agro-uniformer og eit putrande heimebrentapparat.
Heller ikkje er det noko å seie på figurane: Ungkarane sit som støypte i forma, ungkarskvinnene likeins, bestefar, ungjenta og den aller, aller heilagaste storesystera du kan tenkje deg. Og om det skulle vere tvil, når dette stykket ikkje ber heilt, så er det i alle fall ikkje aktørane sin feil. Dei speler på det dei har, og gir lune og sjarmerande portrett av rollefigurane sine.

Men så var det dette med komedie då. Det skal gå unna i ein fei, det skal vere ein rimeleg porsjon overraskingar, personane skal utleverast i all sin dumskap, helst skal det vere ein bra dunge med forviklingar, og så skal det gå bra til sist. Og bortsett frå at det går godt til slutt, manglar det ein heil del på alt det andre. Det er kort mellom HB-drammane i stykket, men langt mellom dei teatrale. Først og fremst har forfattaren altfor mykje sympati med personane sine, han greier ikkje å utlevere og harselere, det smell for sjeldan i iltre replikkvekslingar, vi blir ikkje spesielt overraska, og forviklingane er det for få av. Dermed blir det heile for langdrygt, for snilt og forsiktig, og då er det ikkje lett å opne latterdørene på vidt gap.

Trass i strålande prestasjonar av Reidar Sørensen, Jon Eikemo og Nils Sletta som ungkarar, alle dei flotte damene og bestefar Brodal, blir Ungkarsfesten ein parentes i teaterhausten, sjarmerande, men utan drivet som skal få folk til å gå mann av huse. Det er vel så enkelt som at stykket sjølv ikkje held mål.

Asgeir Olden


© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |