Dag og Tid nr. 46, laurdag 15. november 2003
Roald Helgheim:
Eitt, to, mange Amerika
Lét du deg forføre av sentimentale kjensler den septemberdagen for to år sidan? Kjende du ein augneblinks medynk med den hardt råka nasjonen etter terroråtaka mot tvillingtårna? Då er du berre ein hyklar. I Aftenposten fortel forfattaren Herman Willis at no er også han amerikanar. Etter Kennedys kjende tale ved Muren nyttar Willis tysk tittel, «Ich bin ein Amerikaner». Tittelen presiserer ikkje kva for eit Amerika han høyrer til, men intervjuet viser at han meiner USA. På kontorveggen min heng National Geographics siste kartutgåve av The Americas, som går frå Kapp Horn i sør til nordpynten av Alaska i nord, og endå er det nokre øyar lenger nord som høyrer til det arktiske Canada. Men vår mann har reist rundt i USA under arbeidet med boka, og konkluderer: «Den enorme solidariteten med amerikanerne som oppsto etter 11. september var vekk etter ett år. Demonstrasjonstogene i
Europa ble omgjort til antiamerikanske orgier der islamistene og de venstreradikale gjorde felles sak og mente USA fikk som fortjent».
Dei som hugsar så langt, vil vite at demonstrasjonane mot USA var ein protest mot at Bush ville starte ein ny krig, attpåtil mot eit land dei sjølve har vedgått ikkje hadde noko med terroråtaka å gjere. Etter det vi veit no, var det ein agenda Donald Rumsfeld la på bordet i det nasjonale tryggingsrådet alt dagen etter terroråtaket. Etter det vi også veit, tyder alt på at avgjerda om krig var teken sommaren 2002, før det vart skikkeleg fart i dei «anti-amerikanske» demonstrasjonane som mange stader var større enn nokon politisk demonstrasjon etter krigen. Vi var altså seint ute. Men spørsmålet er: Vil boka til Herman Willis passere nålauget for kva som er ei akseptabel knebøying for fridommens forpost der vest?
Ikkje i augo til Charles Krauthammer, hauken blant amerikanske aviskommentatorar som innimellom også dukkar opp i magasinet Time. Resten av verda har vore mot oss heile tida, og den kortvarige sympatien somme europearar prøvde å uttrykke, var eit spel for galleriet. Slik er tonen i kommentaren hans i siste nummer under tittelen «The U.S. Gets No Sympathy. Should It Care?». Før Irak-krigen, då det etter Krauthammers syn vart kasta bort altfor mykje krefter på eit tvilande Europa og eit tåpeleg FN-spor, oppmoda han Bush om å gå sitt eige løp. I august i år var tonen ein annan. «Om verda ønskjer at USA skal spele Gud, særleg på gudsforlatne stader, er det best at ho hjelper til», bad han. Sentimentale kjensler må ha tatt overhand. Med forakt avfeier Krauthammer no amerikanske demokratar og folk som Theodore Sorensen, som meiner Bush har skusla bort den sympatien USA hadde etter
terroråtaka. Den USA-sympatiske vinden vart ikkje skusla bort, for han har aldri eksistert.
«Misunninga mot Amerika, forarginga over makta og hatet mot den amerikanske suksessen har vore stabil i mange tiår, men særleg etter at sigeren i den kalde krigen gjorde Amerika til den einaste supermakta», skriv Krauthammer. Han peikar på at sjølv om fløytepusen Bill Clinton var den mest kjenslevare blant amerikanske presidentar, den audmjuke mannen som til og med bad om orsaking for det amerikanske slaveriet, var det nettopp i perioden hans Bin Laden og hans menn erklærte krig mot Amerika, på høgda av Clinton-administrasjonens «hyperapologetiske, velmeinande internasjonalisme». Likevel meiner nokon at Washington skal leggje seg endå flatare mellom anna for etniske gruppers krav! Verda likar tydelegvis USA når ho er på kne, men 3000 døde for ein dag med godord og nokre tomme FN-resolusjonar, det er «a fools bargain», meiner Krauthammer. Faktum er at verda hatar USA for
rikdommen, suksessen og makta. Nokre mislikar USA for den kristne fundamentalismen, arabarane foraktar dei for sekularismen, og blir vi ikkje skulda for anti-islamisme også, endå vi vederlagsfritt berga muslimane i Kuwait, Bosnia og Kosovo?
Krauthammer har gitt opp å forstå anti-amerikanismen. Den er i lufta folk pustar inn. Røtene er misunning og sjølvforakt av folk som, «lengtande etter moderniteten, men utan å oppnå han, finn den einaste tilfredsstillinga i forakta for modernitetens store føredøme». Kva er vel den bleiksottige boka Frykten for Amerika mot dette? Trur Willis at han får avlat hos Krauthammer med å snakke Kennedy-tysk? Uansett bleiknar all «anti-amerikanisme» når ein les siste Samtidens intervju med redaktør Lewis Lapham i Harpers Magazine, det legendariske tidsskriftet som har vore pustehol for radikale amerikanske intellektuelle i 150 år.
Til Nazneen Khan seier Lapham at den frie amerikanske pressa er ein illusjon. «Det er lenge siden det har eksistert reelle opposisjonsmedier i USA. Kanskje de aldri har eksistert? Jeg overdriver ikke når jeg sier vi må helt tilbake til 1790. Den gang var det en republikansk avis i Philadelphia, American Law, tror jeg den het, som var tilhenger av Thomas Jefferson. På den andre fløyen var det Federal Gazette som støttet Adams. Begge aviser var kjent for å ha sterke meninger», seier redaktøren. Han meiner det kan tenkjast at det var reelle meiningsutvekslingar under borgarkrigen, men at media i det 20. århundre «har slavet for det bestående».
Skap eitt, to, mange Vietnam, heitte det ein gong i tida. Det var ein antiimperialistisk parole om å følgje Vietnams eksempel mot USA. Utan tvil finst det eitt, to, fleire Amerika. Det finst sikkert fleire USA enn Krauthammers også.
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|