Dag og Tid nr. 46, laurdag 15. november 2003

Musikk:
Tradisjon som svingar

Platedebuten til strengespelaren Andreas Aase viser at tradisjonsmusikken svingar som aldri før.


Andreas Aase:
Maus
Raven Records

Pols frå Innherred, ril frå Mausundvær, halling frå Orkdal, slåttar etter Johannes Brekken, Hilmar Alexandersen og Alfred Maurstad, det er ein del av ingrediensane som gjer Andreas Aases platedebut Maus til ein fest å høyre på. Sjølv har Andreas ein mangslungen karriere bak seg som sidemann for artistar som Steinar Albrigtsen, Sissel Kyrkjebø, Jonas Fjeld, Lynni Treekrem, og han har spela fast i bandet til Åge Alexandersen sidan 1997.

No går han solo på gitar, irsk og gresk bouzouki, mandolin, steel gitar og seksstrengs bass. Innimellom får han hjelp av trommeslagar og perkusjonist Tor Haugerud, produsent Gunnar Andreas Berg er også bassist, og på «Sprengar» etter Johannes Brekken har han også med seg tubaist og kornettist.

Resultatet er nesten sjokkerande bra. Musikantar som er dyktige til å gje tradisjonsmusikk ei ny tonedrakt utan å miste festet i opphavet, blir det stadig fleire av. Med den mangfaldige bruken av strengeinstrument forsterka med rytmeinstrument står Andreas Aase fram som ein spennande fornyar i dette landskapet. Innimellom minner det om dei country-aktige platene til Bill Frisell, men Aase spelar bokstaveleg tala på fleire strenger. Og pols, reinlendar, bruremarsjar og ril, det lyder som verdsmusikk god som nokon. Maus er ei plate som vil få det til å rykkje i foten til nokon kvar.

Roald Helgheim

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |