Dag og Tid nr. 46, laurdag 15. november 2003

Leiar:
Media og andre pøblar

Eit dykk på internett under stikkordet Valgerd Svarstad Haugland gjev ei ubehageleg innsikt i kva KrF-leiaren har måtta tola av kritikk og usaklege kommentarar. Ikkje minst har mange sjølvhevdande kulturfolk og middelmåtige forfattarar kome med frekke kommentarar i vanleg kjend stil. Lyfta fram av avisene med store overskrifter og spissa ingressar.

Kritikk i sak kan alle tola. Personleg retta negativ omtale er derimot svært vanskeleg for den det gjeld. Dei fleste av oss hadde vorte slegne ut jamvel om han berre vart framførd i ein liten notis. No skal ein ikkje stakkarsleggjera Svarstad Haugland. Ho har synt evne og vilje til å stå oppreist i stormen og har klart å svara godt for seg.

Somme medium og journalistar ter seg som pøblar og pressar ei sak til minste trevl. Politikarane burde vera langt tøffare til å ta att. Rettare sagt bør dei i større grad avvisa spørsmål som ikkje er direkte knytte til saka. Nekta å svara på spørsmål og ikkje la seg provosera til å forsvara seg i kva samanheng som helst. Det beste er oftast å ignorera pøblar. Å prøva å tala dei til fornuft er som oftast fånyttes.

Det hadde vore ein stor lette å få oppleva politikarar i maktposisjonar som rett og slett nekta å la dagsorden verta styrd av markeringstrongen til redaksjonane og ynskje om kvikke vinklingar. Demokratiet tek ikkje skade av ei slik avvising.

Svein Gjerdåker

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |