Dag og Tid nr. 46, laurdag 15. november 2003

Klok på bok 639:
Q for Quattro

Først vil eg gjere merksam på at det er visst visse grenser for kva eg ikkje forstår: «Beate Grimsrud har eg venta på i Kpb-spalta. Men eg stussa litt då ho kom. Ho debuterte då visseleg i Sverige i 1989 med ‘Det finnes gränser för vad jag inte förstår’. Eg tykkjer vel om boktitlane hennar, og ein kritikarkommentar til debutverket: ‘Avantgardistisk intimprosa på bristepunktet’, fengjer, og gjer meg så forviten at eg har lånt debutverket saman med 2002-boka som oppgåva syner til. No skal det lesast! Dessutan, Beate var ei dokke i ei bok i min oppvekst og vert såleis både uvanleg og uventa som forfattarnamn, eller kva? Kanskje kjem andre av spalta sine svararar også til å syne til den første Beate dei møtte i boksamanheng. Og – om ikkje – får det vere som det er, for meg. Eg helsar til Paula og alle i spalta før eg faksar i veg svaret, og sidan ‘feirar det’ saman med nokre gode venner, med laksesmørbrød til kaffien», skriv han Olav Molven i Bergen.

Så mange kloke ord og vendingar blir det ikkje, skriv ho Elen Maria Todal i Hellandsjøen: «‘Å smyge forbi en øks’ var god, sjølv om eg ikkje synest at ho var ‘ustyrterlig morsom’, slik bokkatalogomtalen seier. Det er forresten noko til titlar Grimsrud har på bøkene sine, meir schwung over dei enn ‘Arne, gå på’ og ‘Samtid’.»

Ho Ranveig Lundquist i Orkanger sender rett svar. Det gjer han Kaare Stegavik i Trondheim òg: «Bærre så det e klart, på svensk hette det ‘søte bror’, å itj ‘søta’, som så mang skriv å sei! (Det bli itj svensk berre om ein sætt en a i sluijtten). Jau hu Beate Grimsrud frå Bærum gjol svenske tå sæ som 21-åring, å hu ha vårre der sea. Å hu ha vårre med på mangt, aktiv på Enskede IK sitt damelag i fotball, å skreiv vel manus te ‘Ballen i øyet’ som va en bra film. Hu gjol åsså en dokumentarfilm i svensk TV: ‘En film om boxning’, å sjøl om hu fremdeles e norsk statsborger så va det Sverige som nominert a te Nordisk råds litteraturpris!! Hu skriv både norsk å svensk, å sei sjøl at det går bra ferdi’ at hu har litt dysleksi, å e derfor så vant te at det kaijnn bli litte feil nån gonga. Interessang ferfatter, å det herre va boka ‘Vad är det som finns i skogen barn’.»

Han Gunnar Bæra på Løten er klok, og peikar på feilen i debut-året frå underskrivne. Ho Inge-bjørg Aagre i Arendal fortel at ho byrja på denne boka i kvelden før etter å ha lese ut Å smyge forbi en øks søndag. Han Stian B. Hope i Oslo skriv at ho Beate Grimsrud er ein glimrande forfattar som bør flytte heim til Noreg snart. Ho Undis Aarbakke Hope skriv rett svar frå biblioteket til Noregs musikkhøgskule i Oslo.

Ho Tone Magnussen i Bodø kjem med nyttig tilleggsinformasjon: «Beate Grimsrud er forfattaren bak boka ‘Hva er det som fins i skogen barn?’, som kom ut på Cappelen i 2002. For denne boka fekk forfattaren, som er fødd i Norge og busett i Sverige – to litteraturprisar: Aftonbladets litteraturpris og Wahlströms & Widstrands litteraturpris. I 1999 blei ho nominert til Nordisk råds litteraturpris frå Sverige for boka ‘Jag smyger förbi en yxa’. Denne boka kom på norsk i 1998, under tittelen ‘Å smyge forbi en øks’. Brikt Jensen skreiv dette i si bokmelding i Dagbladet: ‘Lydia har jeg aldri møtt før. Det er også ment som en sterk anbefaling’. Grimsrud har skrive fire romanar, sju radioteater, tre skodespel, manus til spelefilm, kortfilm og dokumentarfilm. Spelefilmen ‘Ballen i øyet’, med manus av Grimsrud, kom i 2000, og året før kom dokumentarfilmen ‘Noen spørsmål om boksing’.» Gratulerer Tone, du vinn denne veka!

Han Gunder Runde i Ulsteinvik har teke på seg forskarbrillene: «Boktitlar er eit interessant forskningsemne. Kva er det som fengjer ein potensiell lesar, slik at interessa vert pirra, og ein grip etter boka? I alle fall ikkje titlar som ‘Om bare’, ‘For alt jeg vet’, ‘Sammen igjen’ (eller for den saks skuld: ‘Bakgård’). Derimot vert i alle fall denne lesaren nyfiken dersom han ser titlar som ‘Jeg ler i Forden’, ‘Grøftetildragelsesmysteriet’, ‘I skyggen av små menn midt på dagen’ (eller for den saks skuld: ‘Trist som faen’). Kvifor denne lange og omstendelege innleiinga, trur du, Paula? Jau, fordi ein av desse interessante titlane er ‘Å smyge forbi en øks’, som fekk meg til å låne Beate Grimsruds roman frå 1998, utan å ha høyrt om forfattaren tidlegare. (Seinare kom meldinga om at den svenske utgåva av same boka var nominert til Nordisk råds litteraturpris, frå Sverige). Beate Grimsrud er noko så sjeldan som profet i to land samtidig! Bøkene hennar kjem ut på likt i Noreg og Sverige. Debuten hennar, ‘Det fins grenser for hva jeg ikke forstår’, ville (utifrå tittelen) neppe ha ført til at eg for min del hadde lånt boka. Men no er eg altså vorten venn med ein ny, god forfattarskap! Dagens Kpb er 2002-boka, ‘Hva er det som fins i skogen barn’, som er eit frittståande framhald av smyge-boka, der søskena i den store barneflokken dreg ut på leiting etter ein av brørne, som er blitt borte (i skogen). Nesten like god som økse-smyge-boka. Beate Grimsrud er ikkje berre bok-, men også bokseinteressert, og har mellom anna laga ein dokumentarfilm om boksing, så vidt eg minnest. Ei spennande dame, med (truleg) mykje ugjort enno!»

Klok på bok 639
Kor er Suzi Quattro no?
Før song ho rock.

Vi skal nordover til ein diktar som diktar gode dikt for barn. Stikkord: Pult. Svar Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, paula@dagogtid.no eller faks 22 41 42 10 før fredag 21. november.

Paula på posta

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |