Dag og Tid nr. 46, laurdag 15. november 2003
Energi:
Hydrogenstasjon i heimen
To tredelar av oljereservane i verda er i hendene på arabiske oljesjeikar, i lengda ein utoleleg situasjon for petroholikarane i USA. Men no kjem ei ny, islamfri energiløysing for både heimen og ikkje minst bilen: Heimehydrogenstasjonen.
Johan Brox
johan@dagogtid.no
«Steinalderen tok slutt lenge før steinen, og oljealderen kjem til å ta slutt lenge før oljen. Om ein berre høyrde slike spådommar frå miljøvernhald, kunne ein ha avfeidd dei som utopiar. Men sitatet kjem frå Sheikh Zaki Yamani, den tidlegare oljeministeren i Saudi-Arabia som for nett 30 år sidan var med på å kutta oljetilførsla til USA og såleis endra kursen på heile den moderne politiske og økonomiske verdshistoria. Når profetien kjem frå ein slik kant, kan han ikkje, må me tru, kallast ønsketenking».
Det skriv Economist på leiarplass i siste utgåva. Tidsskriftet melder at oljesjeiken frå Saudi-Arabia no kan sjå enden på oljealderen av di noko avgjerande har skjedd på energiområdet i dei 30 åra som har gått sidan oljekrisa i 1973. Og, diverre for Saudi-Arabia, har oljesjeiken rett, konkluderer The Economist.
Teknologiske framsteg har endeleg gjeve industrinasjonane (i nord) alternativ og supplement til oljen og såleis teke til med å bryta den geo-politiske makta oljeprodusentane (i sør) har hatt og framleis har.
Hydrogen-brensleceller og nye medium for lagring og distribusjon av energi er ikkje lenger ein fjern draum, men ein sped og raskt spirande røyndom. I dag har alle store bilfabrikkar minst ein modell med hydrogendrift, og alle store oljeselskap forskar på effektive måtar å fylla opp hydrogentankane på dei.
Hydro
Norsk Hydro har til dømes vore med på å opna den fyrste hydrogenstasjonen på Island og i Tyskland, og Sydkraft opna for kort tid sidan ein i Malmö. BMW satsar på at Tyskland har nasjonal hydrogendekking innan tre år.
Men typisk nok, vil mange seia, har ingen kome på å byggja nokon hydrogenstasjon i Noreg.
Om Noreg framleis skal vera teknologi- og premissleverandør for rein hydrogenteknologi til Europa, må det snart satsast heime. I anna fall kjem me til å missa forspranget, sukkar Sondre Grinna i Bellona.
Noreg kan velja å sjå hydrogen-brenslecella som eit trugsmål mot nordsjøoljeeksporten. Men brenslecella kan òg sjåast som ein ny marknad for den norske naturgassen, og det har regjeringa fått med seg. I juni i år blei det sett ned eit nasjonalt hydrogenutval som innan 1. juni 2004 skal ha «formulert nasjonale mål og nødvendige tiltak for å utvikle hydrogen som energibærer og virkemiddel for innenlands verdiskaping og bedre miljø».
Det er ikkje ein dag for tidleg.
Det er 164 år for seint.
Gamalt nytt
«Eg er viss på at ein dag vil hydrogen og oksygen, som saman blir til vatn, bli nytta, i lag eller kvar for seg, som ei utømmeleg kjelde til varme og lys», skreiv Jules Verne i Den løyndomsfulle øya, 1874.
Med hjelp frå det japanske konsernet Honda, som mellom anna produserer bilar med hydrogendrivne motorar, kan dagen som Jules Verne drøymde om ha kome mykje nærare. Honda og det amerikanske selskapet Power Plug starta førre månad utviklinga av eit heimekraftverk, Home Energy Station (HES), som ikkje berre skaffar elektrisitet, oppvarming og varmvatn i huset, men òg drivstoff til bilen alt i ein pakke som får plass om lag der fyrkjelen før stod i kjellaren.
Jules Verne kjende truleg til brenslecelle-teknologien, som blei patentert alt i 1839, men dei neste hundre og tjue åra var det få som såg nokon mon i han ikkje før romfarten tok av på 1960-talet. Brensleceller blei nytta i Gemini, Apollo og alle seinare romferder. Men det er fyrst etter tusenårsskiftet at kommersialiseringa, utviklinga av ein brenslecelle-teknologi for masse-marknaden, for alvor har skote fart. Ford hevda alt i 1999 at brenslecellemotoren kan bli like rimeleg i produksjon som bensinmotoren, med kostnader 180-500 kroner per kilowatt motorstyrke.
Etter 11. september 2001, har ikkje minst marknaden i USA vore særs mottakeleg for teknologi som gjer nasjonen og ikkje minst den individuelle borgaren meir sjølvberga. At store delar av USA attåt blei mørklagde, kan hende som resultat av ein kanadisk feil i år, og Italia etter ein sveitsisk feil, medan svenskane og britane har seg sjølve å takka, har såleis auka interessa mellom bedrifter og privatfolk for å vera sjølvberga òg med elektrisk kraft.
Dermed har teknologien til Honda og Power Plug som har hovudkvarter i California, der den offentlege kraftforsyninga tidvis har brote heilt saman alt ein svolten marknad, sjølv om prisen i byrjinga nok blir for høg for folk flest. Men med masseproduksjon kjem prisen til å falla sterkt.
I Home Energy Station finst fem komponentar:
* Ei eining som skil hydrogen ut frå naturgass eller ein annan hydrogenhaldig energiberar.
* Ein pakke med brensleceller som genererer elektrisitet og varme til husbruk frå ein del av det utskilde hydrogenet.
* Eit raffineri som reinsar hydrogen.
* Ein kompressor som komprimerer det utskilde og reinsa hydrogenet.
* Ein trykktank til lagring av komprimert hydrogen ikkje minst til bruk som drivstoff for familiebilen, eller -bilane, om me held oss i USA.
Knytt til dette kan Honda tilby eit nyutvikla solcellepanel som er produsert med mindre bruk av energi enn tidlegare, og ei ditto nyutvikla elektrolyseeining som skil hydrogen ut frå vanleg vatn.
Her på våre breiddegradar er det òg verdt å merkja at Honda òg er fyrst ute med brensleceller som kan operera i kuldegrader noko som til no har sperra denne teknologien som har vatn til biprodukt ute frå ein stor del av marknaden. Honda hevdar no at dei nyutvikla cellene deira fungerer ned til 20 kuldegrader i tillegg til at dei berre har helvta så mange komponentar som tilsvarande produkt.
Frå ubåtar til skrujarn
Såleis er Honda leiande (eigen påstand), men slett ikkje åleine på marknaden for brenslecelle-kraftverk. Der er òg International Fuel Cells, General Electric, Ballard og Coleman, som mellom anna lagar straumaggregat som kan brukast innomhus av di dei er avgassfrie. Av produkt kan nemnast ubåtar, mobiltelefonar, rullestolar, gaffeltruckar, berbare datamaskinar, videokamera og skrutrekkjarar som alle blir drivne med brenslecelle-drift. Samanlikna med (akkumulator)batteriet, er fordelen at brenslecella ikkje treng ladetid, men kan tankast opp på ein augneblink.
Av til saman 7000 ulike brenslecellesystem på marknaden, er 2.800 introduserte berre i år, ein auke på 60 prosent, skriv www.fuelcelltoday.com.
Berre i 2003 kom såleis 200 nye køyretymodellar med brenslecelle-drift.
Farvel til gasskraftverka
Ein kommersialisert brenslecelle-teknologi kjem til å konkurrera med og til sist ut oljen, men han kan òg vera spikaren i kista til dei gigantiske gasskraftverka som norske politikarar og miljøvernarar har fantasert og krangla om dei siste åra. Brensleteknologien gjev liten sentraliseringsvinst. Kvar fabrikk, kvar blokk eller bustadhus kan i prinsippet skaffa sitt eige kraftverk tilpassa eigen trong. Då trengst ikkje alle dei skjemmande kraftgatene og høgspentlinene, og med dei forsvinn òg energitapet i overføringsnettet. Vindmøller treng heller ikkje knytast til leidningsnett, dei kan produsera hydrogen til lagertankar.
Staten, til dømes den norske, kan avgrensa seg til å stimulera utbygginga av infrastruktur, for dei fleste lokale kraftverk kjem til å trenga tilførsle av drivstoff frå andre stader, og her i landet kjem naturgassen til å vera mest aktuell, ettersom me rår over så store reservar, og i mangel på overskot av reinare energiberarar som vass-, vindkraft eller solenergi.
Makt, ikkje miljø
Bellona og andre miljøvernorganisasjonar har i mange år promotert og agitert for brenslecella, og dei har gode grunnar til det. Men det er ikkje miljøvern som fyrst og fremst får The Economist og ein noko meir halvhjarta George W. Bush i ein tale 6. februar til å hylla denne teknologien. Dei legg større vekt på eit reknestykke frå Det kvite huset som seier at «OPEC-landa dei siste 30 åra har greidd å overføra den enorme verdien av $7 trillion frå forbrukarar i USA til oljeprodusentane ved å halda oljeprisen over den reelle marknadsverdien (above its true marked-clearing level)».
The Economist legg til at reknestykket ikkje omfattar dei ymse formene for subsidiar fossil-brenseleindustrien i USA har nytt. Til dømes kjem kostnader knytte til «det militære nærværet i Midtausten» på toppen av dei sju trillionane dollar $7.000.000.000.000 eller ca femti tusen milliardar kroner!
BRENSLECELLA
* Brenslecella kan samanliknast med eit batteri på den måten at ho leverer elektrisk likestraum (og varme). Ho har ein negativ anode og ein positiv katode, og mellom dei elektrolyttar som transporterer ladde partiklar. I regelen blir òg ein katalysator av platina nytta for å betra effekten i cella. Det gjer henne òg dyr å produsera, men produsentane greier for kvar modell å redusera mengda som trengst av det dyre metallet.
* Motsett batteriet, lader ikkje brensecella seg ut, men held fram med å produsera elektrisitet og varme så lenge ho får tilførsle av kjemisk energi frå hydrogen eller eit drivstoff som inneheld hydrogen (naturgass, propan, etanol o.l).
* Ei brenslecelle produserer berre om lag ein volt likestraum. Til dei fleste føremål trengst difor ei mengd samankopla celler, ein stabel, eller stack, som det heiter på engelsk.
* Biprodukt ved bruk av hydrogen som drivstoff i brensleceller er ikkje anna enn reint vatn.
* Produksjonen av hydrogen kan gå føre seg heilt utan ureining, til dømes med hjelp av vind-, sol- eller vasskraft. Men hydrogen kan òg genererast med bruk av ureinande atomkraft, eller med naturgass, som då får CO2 til biprodukt, men denne klimagassen kan eventuelt deponerast. Køyrety med brenslecelle-drift basert på naturgass blir uansett mindre til skade for miljøet enn den bensin- og dieseldrivne køyretyparken me har i dag.
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|