Dag og Tid nr. 46, laurdag 15. november 2003
Bøker:
Den poetiske motstandsrørsla
Av og til inneheld bøker grep som er så nye og samstundes så naturlege at ein utbryt «Sjølvsagt, at ein ikkje skulle tenkt på det før!». Anne Bøes nye diktsamling er ei slik bok.
Anne Bøe:
Sisyfos synger
Gyldendal
Anne Bøe debuterte i 1984. Saman med Geir Gulliksen, Rune Christiansen og Jon Fosse, som gav ut sine første dikt to år seinare, stakar ho ut den kursen som dei siste åra har blitt den dominerande: Ei søking mot det punktet der diktet på eine sida avset seg som noko avgrensa, og på andre sida tematiserer det utydelege, det ein ikkje kan gripa.
Men viktigast er det sjølvsagt at Bøe heile tida har skrive gode dikt. Derfor er det noko av ei storhending at ho no er tilbake, etter ni års togn, med ei ny diktsamling. (Då reknar eg frå Krigslogikkene, som kom for to år sidan, og som på eit vis står for seg sjølv i forfattarskapen.)
Samlinga har fått tittelen Sisyfos synger, etter han som var faren til Odyssevs og som blei dømd til stadig å gjenta den same jobben å skyva ein stor stein opp ein bakke fordi han hadde prøvt å lura seg unna døden.
Det er lett å sjå relevansen av den siste av desse tydingane i høve den nye Bøe-samlinga. For eit grep ho nyttar om og om igjen, er at ho skriv dikt som er stilte etter kvarandre, og som gjer bruk av og turnerer dei same formuleringane. På denne måten framstår dikta som ein repetisjon av den same rørsla, som ei flytting av den same steinen om ein vil.
Og det tvangsmessige i dette ligg, så vidt eg kan forstå, i at dette er ei fortetting av noko som heftar ved all dikting. Dikt kjem av dikt, som det heiter. Diktaren skriv med tradisjonen når han set pennen på papiret. Og i allusjonen og det intertekstuelle blir dette gjort tydeleg. Men i Sisofys synger går Bøe endå lenger. Ved å setja dikt som ligg heilt tett opptil kvarandre på motståande sider, reduserer ho distansen til desse tekstane som er tenkte inn til eit minimum.
Tidlegare har eg sett dette hos Pia Tafdrup, som opnar ei av samlingane sine med å gjeva att ulike versjonar av den same inspirasjonen. Og eg har sett det hos Einar Økland, i eit essay der han gjer greie for korleis han arbeider seg fram mot den endelege versjonen av diktet. Men då har det meir handla om prosessen, om diktvariantane som ulike, meir eller mindre uferdige utkast til det som skal enda opp som det eigentlege diktet.
Hos Bøe er det derimot dei ulike versjonane som er saka. Dei skal stå etter kvarandre, ikkje som variantar, men som endelege dikt. På denne måten får ho gjort tydeleg noko fleire lyrikarar har tematisert dei siste åra, nemleg at diktet tenderer mot oppløysing i eit ingenting, i noko som ikkje er nok til å halda seg flytande som sjølvstendig ytring. Sisyfos synger er sjølv full av referansar til dette, mellom anna når ho skriv om «vev av vissent over/ varmt spirende liv» (ordet tekst kjem som kjent av ordet for vev, jamfør tekstil).
På denne måten tek Bøe tenkinga kring det utydelege eit steg vidare, ved å gjera bruk av eit komposisjonsprinsipp som på eine sida er heilt sjølvsagt og som samstundes framstår som friskt, originalt. Og som det skal eg ikkje leggja skjul på stiller store krav til lesaren. For det er ikkje lett å halda tinga frå kvarandre når dei byrjar å trekkja seg saman mot redundans på denne måten.
Eg trur ikkje det vil yta boka rettferd å sitera nokon einskild tekst. I staden vil eg nøya meg med å tilrå boka på det varmaste. Dette er ei diktsamling av dei sjeldne, og truleg årets bok for meg.
Hadle Oftedal Andersen
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|