Dag og Tid nr. 46, laurdag 15. november 2003
Bøker:
Åsnes Bagdad
Ho har vore ute i hardt vêr denne hausten, og har gardert seg. Bakpå den nye boka til Åsne Seierstad står det: «Mine rapporter fra Bagdad er mine rapporter. De er forstått i lys av mitt eget, sikkert ikke tilstrekkelige, erfaringsgrunnlag».
Åsne Seierstad:
Hundre og én dag. En reportasjereise
Cappelen
Åsne Seierstads Bagdad-rapportar er skrivne frå tida rett før, under og rett etter krigen til amerikanarane mot Irak i byrjinga av dette året. Seierstad var i Bagdad som frilansjournalist og rapporterte til aviser, radio og TV i Noreg, Sverige, Danmark, Nederland og Canada. Eg vil tru at dei fleste av lesarane til denne avisa følgde godt med i rapportane hennar. Boka kjem i så fall ikkje med mykje nytt. Ho er likevel viktig å lese, både for å bearbeida inntrykka frå media og si eiga meining om åtaket til amerikanarane på Irak.
Ein får drive bearbeiding på eiga hand, for Åsne Seierstad er ikkje den som trer meiningar ned over hovudet på lesaren. Ho er reporter til fingerspissane: Ho skildrar. Ho skriv godt og nyansert, og heilt utan hipp motesjargong. Forteljarstilen hennar er enkel og lettfatteleg, og ho gjev seg aldri i kast med noka politisk eller moralistisk vurdering av hendingane ho observerer. Når ho røper irritasjon, dreier det seg mest alltid om tregskap og trenering i byråkratiske prosessar, slik at ho ikkje får gjort jobben sin.
Atterhald
Den føretrekte metoden hennar er å la folk sjølv få fortelje historia si, synet sitt på saka. Åsne Seierstad er eit talerøyr. I dei to tidlegare bøkene hennar, Med ryggen mot verden (2000) og Bokhandleren i Kabul (2002), merkar lesaren svært lite til personen Åsne Seierstad, og også i denne boka er ho atterhalden med å la lesaren kome inn under huda på seg. Det er bra, veldig bra, for sidan førre boka har ho blitt ein internasjonal kjendis. Det finst sikkert nok av dei som gjerne vil vite korleis seksuallivet hennar artar seg, i kva teikn ho har ascendenten eller om ho bleikar håret, og det er lett for ei stjerne å gje etter for narsissistisk vedkjenning.
Men om Åsne Seierstad får ein i denne boka ikkje vite meir enn det som høyrer til dei daglege sutene til den profesjonelle krigsreporteren: Korleis skaffe seg noko å rapportera heim om når ingen vil fortelje noko som strir mot propagandaen til regimet? Korleis omgå sensuren? Og framfor alt: Korleis få forlengje visumet så ein kan vere til stades når det omsider tek til å hende noko? Og attåt den forsiktige undringa hennar når ho avgjer å bli att i Bagdad etter at dei fleste andre har flykta: Er ho fryktlaus eller idiot?
Utan empati
Ho er i alle fall nyfiken. Og ho treng ikkje mykje materiell komfort: Ho klagar aldri når vatnet forsvinn, elektrisiteten, reinhaldet. For henne er det viktigaste å vere til stades, slik at ho kan skildre korleis andre menneske denne gongen menneske i Bagdad, i krig har det, og det vil ho at resten av verda skal kjenne til og danne seg si eiga meining om.
Nokre av journalistkollegaene hennar blir alvorleg skadde i rakettåtak. Ho får sjå mange daude, på sjukehus og liggjande i vegkantane. Når det handlar om dauden, slik Åsne Seierstad sjølv har sett han, blir teksten saftlaust nøktern, ja, nærast mekanisk, mest heilt utan empati. Det same gjeld soga om dei hårreisande plyndringane etter at krigen offisielt var slutt. Denne tørrskapen når det gjeld kjensler forringar teksten sterkt, men er på sett og vis til å forstå, for det er ikkje lenge sidan Seierstad kom heim frå Bagdad, og inntrykka er ferske. Ho må nok framleis stålsetje seg.
Hastverk
Boka gjev elles eit visst inntrykk av reportermentaliteten, både hjå Seierstad sjølv og kollegaene hennar: Det handlar om konstant å vera på hogget. Trongen til svevn og mat må vike i jakta på eit journalistisk scoop. Krigsreportaren er ein person som oppsøkjer spenning og fare, men den som er interessert i eit journalistisk djupdykk i dette temaet, må finne seg andre bøker.
Hundre og én dag har ein del språkslurv. Især mot slutten av boka kan det tydeleg merkast at både forfattaren (og språkkonsulenten til forlaget) har hasta av stad: Teksten lèt til å vere meir oppstykkja og stundom smektande som i eit vekeblad. Det kan me tilgje, boka er tjukk og ho måtte kome ut no, for me har venta på henne, på rapportane, alle me som følgde Irak-krigen i nyhenda. Analysane er det andre som skriv, i andre bøker. Eit viktig trekk i denne boka er nettopp at Åsne Seierstad overlèt til lesaren sjølv å analysere og til å innta ei haldning.
Nøste Kendzior
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|