Dag og Tid nr. 35, laurdag 8. november 2003
Leiar:
Sjølveigande aviser
Eigarane av Nordlys, A-pressa, krev at avisa skal ha ein driftsmargin på ti prosent. Kravet kan føra til at staben vert redusert med 26 tilsette over to år. Nordlys går med overskot, og har gjort det i mange år. Alt tyder på at verksemda har ein trygg og solid økonomi. Då A-pressa overtok Nordlys, hadde avisa ein eigenkapital på 60 millionar.
A-pressa er eigd av LO, Telenor og Institusjonen Fritt Ord, og er ein stor aktør i det norske medie-samfunnet. Konsernet eig 48 aviser landet rundt, og er ein av tre store eigarar i TV2. Som Orkla driv A-pressa ein aktiv oppkjøpspolitikk. Dei effektiviserer, skjerpar kostnadskontrollen, sentraliserer trykkjeria og fakturaavdelingane. På sikt kjem mange aviser berre til å sitja att med journalistar og seljarar.
Avisene vert styrde av ei stor konsernleiing i Oslo som sjølvsagt har andre interesser enn eit lokalt eigarskap. Nordlys er ei svært viktig avis for heile Tromsø-regionen, og treng ein sterk redaksjonsstab med distriktskontor utanfor Tromsø. No er det fare for at avisa vert ei rein Tromsø-avis og på sikt vert slegen saman med avisa Tromsø. Sjølv om ei slik samanslåing kan ha sine klare føremoner, kjem det til å skapa ein lei monopolsituasjon. Det må vera rom for to levedyktige, konkurrerande aviser i Nord-Noregs største by.
Det må vera eit mål at så mange region- og lokalaviser som råd greier å stå imot oppkjøpsplanane til dei store konserna. Det var fagforeiningane i Tromsø som selde aksjane sine til A-pressa, og gjorde det mogeleg for konsernet å få kontroll over avisa. Det var eit stort mistak, og føyer seg inn som eitt av mange døme på korleis kommunar og lokale eigarskap sel arvesølvet sitt for kortsiktige inntekter.
Svein Gjerdåker
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|