Dag og Tid nr. 35, laurdag 8. november 2003

Kommentar:
Vêret og nasjonalglobalismen

Så deilig! sa dei fyrst, franskmennene, i sommar då den store varmebylgja melde seg. Eg såg nok fælt plaga ut, for eg hadde nett kome meg vekk frå høgslettene i Spania, der eg trudde eg skulle forkome i godt over førti grader – i skuggen. «Ja, om det er dette som er drivhuseffekten, så velkomen skal han vere!» smilte ei dame, så lettkledd at eg fekk eit sjeldant åtak av blygskap og ikkje turde sjå lenger enn til smilen. – Nokre dagar etter var Rhindalen så uuthaldeleg at det for ein lettare kokt nordmann berre var å flykte vidare austover, til asyl i djupe skuggar i St.Veits-domen i Praha, men også den vart som ein bakaromn då brusteinane var så heite at ein kunne steikje egg på dei. Og medan eg vende nasen nordover, tok franskmennene til å telje sine falne: Kring 15.000 menneske døydde der under varmebylgja.

I pakt med tradisjonen heldt folk i Frankrike styresmaktene sine ansvarlege for alt som hende, og det vart mykje mas om at helseministeren måtte gå av, som ikkje hadde føresett eller hindra katastrofa. Men regjeringa svara at naturen kunne dei ikkje gjere noko med. Dersom ein då ikkje vil slakte ned alle kyrne som slepp ut metangass; ifylgje franske statistikkar gjev bovine tarmgassar største franske tilskottet til drivhuseffekten... Dette minte mykje om norske haldningar til orkanar, flaumar og ikkje minst, vassnivået i demningane som gjev oss vasskraft: Naturen er som han er; straumprisane og økonomien vår fylgjer naturens orden. Så marknadsøkonomien er heilt ut naturleg, og vi må berre rette oss etter den, som etter andre naturkatastrofar. – Medan franskmennene seriøst drøftar kufjerting, snakkar norske styresmakter som om all politisk handling ikkje har meir verknad enn eit musepiss i havet.
Somme franskmenn har sidan i sommar sagt om att og om att: «Kva var det vi sa?» Og ikkje ganske med urette. Franske aviser har i fleire år rett som det er hatt store oppslag og grundige artiklar om klimaforsking, om polområda så vel som om hava – det er såleis nokså alminneleg å finne norske forskarar, særleg frå Bergen, sitert i Le Monde og Libération. Den store franske frykta er at Golfstraumen skal døy. Dét kan han visstnok gjere om isen på nordkalotten – som skal ha mist over 20% av omfanget sitt dei siste 50 år – trekkjer seg så langt attende at det varme vatnet sørfrå ikkje lenger møter ismassane og blir pressa ned i djupet, så straumen blir til understraum og vender sørover. Denne evigheitsmaskinen kan altså ein vakker dag slå seg av. Og då vil Nord-Europa, irekna dei vest- og nordfranske kystområda, etter kvart bli ganske kaldt, nokre spår ei ny istid.

Det er lettare å finne stoff om norsk hav- og polarforsking i franske aviser, enn i norske. I den grad vi får lese om desse tilhøva på norsk, er det med stor fråstand, mest som om vi bør forstå at problema er overdrivne eller at vi bør vere litt overberande overfor nærsynte forskarar som berre tenkjer på sitt. Dette samstundes som isen veke etter veke brotnar opp og flyt av garde... Koss kan dette ha seg? Enklaste forklåringa – og enkle forklåringar kan somme tider vere dei beste – er at vi som nasjon har alt for store interesser i olje- og gassproduksjonen. Vi kan ikkje ta opp diskusjonen om klimaendringar som eit politisk og somtid – som i sommar – i bokstavleg forstand heitt emne. Då måtte vi omgjere viktige delar av sjølvforståinga vår, såleis vår eiga forståing av Noreg som ei drivkraft i internasjonalt samarbeid om økologi og naturvern.
Dermed viser klimaendringane og vanskane med å drøfte dei, eit underleg paradoks: Di meir innvovne vi blir i den globale økonomien, di meir oljeselskapa våre involverer seg ute i verda, di mindre globalt klarer vi å tenkje på natur og samfunnsliv. Den økonomiske globaliseringsprosessen er nemleg også ein kulturell nasjonaliseringsprosess: Dei nasjonale økonomiske interessene – og slett ikkje farane for at Golfstraumen ein dag skal kolne av og etterlate oss hustrige igjen her på austsida av Atlanterhavet – veg tyngre enn alt anna. I så måte er også anti-globaliserings-kampanjene (såleis frå Attac) noko tvitydige; det er ikkje godt å vite kva det er for alternative interesser som står opp mot det globale, anna enn dei nasjonale interessene.

Kanskje står vi her også ved grunnen til at dei sosialdemokratiske partia er i fritt fall mest over heile Europa: Der finst ingen reell sosialistisk internasjonale lenger, der er berre meir eller mindre velfunderte sosialøkonomiske resonnement om koss ein skal jenke til marknaden. Då kan ein heller ikkje presentere noko alternativ til den globale marknadsøkonomien, for det heile dreier seg om kva for del den einskilde nasjonen skal ha i han. Klimaendringane kan då ikkje bli noko tema for den økonomiske politikken, for ein kan ikkje tale høgt om slikt som kan oppfattast å vere til skade for nasjonaløkonomien. At franskmennene ser ut til å ville tale mykje om drivhuseffekten, kan såleis komme av at dei er så avhengige av atomkraft, som dei så freistar å vise fram som ei «rein» kraftkjelde.
Før eller sidan bør vel dei dramatiske svingingane i temperatur og klima som vi har opplevd fleire og fleire av det siste tiåret, lære oss noko om at vi her står overfor eksistensielle problem som ikkje lèt seg utsetje stort lenger. Ja, det kan vere på tide å setje opp fylgjande maksime: Vêret – eller ikkje-veret.
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |