Dag og Tid nr. 35, laurdag 8. november 2003

Roald Helgheim:
Svamp i klaveret

I 1975 offentleggjorde Arbeiderbladet ein del av ei magisteravhandling i statsvitskap, skriven av kaptein Anders Hellebust. Ho inneheldt sensasjonelle opplysningar om korleis norske styresmakter i 1959-60, i samarbeid med USA, hadde oppretta hemmelege elektroniske navigasjonsstasjonar i Bø i Vesterålen og på Jan Mayen av typen Loran C (Long Range Navigation). Systemet hadde tilknyting til det amerikanske atomubåtprogrammet Polaris. I klårtekst innebar saka at den offisielle norske atom- og basepolitikken var undergraven av regjeringa Gerhardsen, og Loran C-saka skulle bli ei politisk bombe i Norge, på meir enn éin måte. Eit utval kalla Schei-utvalet vart nedsett, men Schei-rapporten vart hemmelegstempla. Rapporten vart dessutan handsama i eit hemmeleg møte i utanrikskomiteen, noko det etter parlamentarismens øvsteprest Guttorm Hansen var presedens for i slike saker. Eit framlegg om offentleggjering fekk ikkje fleirtal, men SV-avisa Ny Tid prenta likevel eit referat frå det hemmelege møtet. Guttorm Hansen ville ha riksrett mot Ny Tid same dag.

SV-leiar Berge Furre kunngjorde at han ville bryte teieplikta dersom ikkje hemmelegstemplinga vart omgjord, og på eit historisk møte i Folkets Hus, med alle media på plass, fortalde han og Finn Gustavsen kva som stod der. Pax offentleggjorde rapporten dagen etter, men trass i at aktene no var kjende for alle, var det berre ti aviser som omtalte henne. Både NRK, NTB og alle Oslo-aviser unntatt Dagbladet, Klassekampen, Ny Tid og Friheten, tagde. I staden vart Berge Furre og Finn Gustavsen møtte med massiv kritikk for brotet på teieplikta, Stortinget vurderte riksrettstiltale, og som Hans Fredrik Dahl og Henrik G. Bastiansen skriv i boka Hvor fritt et land?: «Å avsløre ulovligheter ble altså ansett som verre enn å begå ulovligheter, ifølge pressens kritikk av de to.»

Saka hadde to nesten samtidige parallellar. Ny Tid detonerte den såkalla Listesaka. Politiet aksjonerte mot redaksjonen, og opphavsmannen til avsløringa, Ivar Johansen, fekk fengselsstraff for offentleggjering av materiale han hadde samla frå opne kjelder. I 1983 gjekk politiet til razzia mot avisa Ikkevold, og tok beslag i medlemslistene til Folkereisning mot krig, og abonnementsarkivet til avisa, fordi ho hadde avslørt ein lyttestasjon i Norskehavet. Det var den første razzia av dette slaget mot ei norsk avis sidan krigen, og det er berre tjue år sidan.
Tjue år før, i 1963, var den då unge SF-debutanten på Stortinget, Finn Gustavsen, med på å felle regjeringa Gerhardsen, etter at to store gruveulukker på Svalbard avslørde grove forsømmingar frå eigaren, staten, ved den ansvarlege regjeringa. Det er utan samanlikning vårt største politiske drama i etterkrigstid, og nasjonen sat nagla til radio og fjernsyn da Finn Gustavsen heldt det dramatiske og fellande sluttinnlegget sitt. Det skapte eit traume mellom SF/SV og Ap som ligg der enno.

Sidan 1963 har regjeringar ikkje blitt kasta på verkeleg store saker. Dei politiske skifta vi kjem til å hugse, er då Trygve Bratteli vart avsett av folket etter å ha stilt kabinettspørsmål på EF-saka i 1972. Regjeringa Borten måtte gå etter ein lekkasje, mens den eigentlege grunnen var at han ikkje greidde å bere politisk sprikjande staur. Willoch gjekk av på striden om ei bensinavgift, Jan P. Syse vart råka av dei blodtørstige media på ei burettssak som i ettertid har vist seg utan substans. Og vi hugsar Rolf Presthus, som gjekk sin politiske og fysiske død i møte etter at partiet pressa han til ei håplaus regjeringsjakt, noko media brukte til ein vondsinna kampanje mot ein politikar utan karisma.
Det næraste vi kjem lekkasjeskandalane, er Lund-kommisjonens avsløring av ei omfattande, ulovleg politisk overvaking i Norge i det meste av etterkrigstida. Ingen har blitt stilt politisk ansvarleg for det. Justisminister Faremo var Thorbjørn Jaglands politiske bondeoffer i den etterfølgjande Furre/DDR-saka. Det var ein skandale Gro Harlem Brundtland kom seg unna ved å gå av, rett før den saka ho må ha sett komme, eksploderte.
Kvar høyrer balladen om Victor Norman heime i denne krønika over politiske skakingar i fedrelandet? Som eit slåande uttrykk for ei politisk forvitring der det er dritsakene det blir støy av, mens rundt 50 norske arbeidsplassar har blitt borte kvar dag Norman-saka har herja. Det er det ingen som løfter på augneloket for, og det er ingen som gjer noko med det. I mellomtida fell verksemdene som dominobrikker på Norgeskartet. Jens Stoltenbergs politiske utspel denne veka var å krevje lengre skuledagar for dei arme små.
Ikkje ein gong ei norsk Lewinsky-sak kan vi skilte med, sjølv om somme prøvde å gjere hopehavet med ein statssekretær til det også. Her har folk kjempa seg til politiske posisjonar, og så er det driten som feller dei, til ein medie-støy verdig eit nytt Kings Bay. Det er mindre enn ein mannsalder sidan dei store media friviljug let seg kneble politisk. Og alt blir akkompagnert av politikarar som står i kø for å krevje at den arme ministeren ikkje berre må krype, han må åle.
Eg kjenner ingen medynk med han. Men greier du verkeleg å hisse deg opp over denne saka? Då tykkjer eg det er på tide å finne viktigare ting å tenkje på.



© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |