Dag og Tid nr. 35, laurdag 8. november 2003

Bokmelding:
Sosiologisk gravalvor trygt planta i 60- og 70-talets teoretisering av verda

SAKPROSA
Ivar Frønes og Lise Kjølsrød (red.)
Det norske samfunn
4.utg.
Gyldendal Akademisk

Mange med meg har i embets medfør venta lenge på denne boka. Som ein sosiolog sa det over halvliteren førre fredag: «Dette er ei viktig bok». Viktig fordi Det norske samfunn er sjølve den norske sosiologiske bibelen. Ho gjev den autoritative skildringa av samfunnstilhøva i kongeriket ved inngangen til det tredje tusenåret. Studentar vil lesa boka både som pensum og av eiga interesse. I den grad framtidige generasjonar norske samfunnsvitarar vil ha systematisk kunnskap om folket dei skal styra, vil dei ha det frå denne boka. I all si empiriske keisemd, sosiologiske sjargong og til dels fortvilande dårlege språk er ho viktig fordi ho vil bli lesen.

Sakna

Førsteutgåva av Det norske samfunn kom i 1968 med Natalie Rogoff Ramsøy som redaktør. Det var ei omarbeiding og utviding av ein stensil Vilhelm Aubert hadde redigert for sosiologane ved Universitetet i Oslo i 1966. Nye utgåver kom i 1975 og 1986. Andreutgåva vart omsett til engelsk, noko eg vonar Gyldendal vil gjera med den nye utgåva også. Det er ein marknad for bøker om Noreg på engelsk. Ny utgåve var sakna heile 90-talet igjennom.

Noreg og verda

Fjerdeutgåva er heilt ny; redigert og stort sett skriven av forskarar ved Institutt for sosiologi ved UiO. Med unnatak av Pål Repstad er alle forfattarane henta frå det miljøet i rikshovudstaden. At Repstad frå Agder er med kjem vel av at det ikkje finst nokon religionssosiolog i miljøet. I val av stoff eller konklusjonar byr ikkje boka på nokon overraskingar for den som kjenner sosiologifaget i Noreg. Vekta er, som ventande kan vera i ei slik bok, på faktisk og potensielt elende, med noko meir vekt på økonomisk sosiologiske tilhøve enn i dei tidlegare utgåvene. Den, i universitetspolitisk forstand, sosiologiske akademiske vinklinga gjer at korkje kriminalitet eller politikk er handsama. Heller ikkje har redaksjonen funne nokon kompetent forfattar til å samanlikna Noreg med resten av verda. Det er synd.
Johan Galtung sitt essay om «Norge i verdenssamfunnet» i 1968-utgåva er ei perle av komparative innsikter. Som den at Noreg er eit «ekstremt antipluralistisk land». At ingen har funne det verdt å referera til Galtung 1968, er direkte ille.

Teier

Men ikkje uventa. Den akademiske sosiologien er på sitt vis like ahistorisk som økonomifaget. Ettersom «samfunn» som noko empirisk påviseleg er ein entitet lokalisert i tid og rom, er tittelen på boka strengt teke misvisande. Boka Det norske samfunn er i røynda ein «statistisk-oeconomisk beskrivelse» av Noreg frå opplysningstida. Den historiske innsikta som er naudsynt for å forstå folket som er Noreg, vantar. Og kva nordmenn, etnisk norske så vel som etnisk svenske, måtte tenkja om livet og verda – det som går under merkelappen kultur og haldningar – teier boka om. Det finst meir enn nok data til å gjera gode empiriske analysar av dette.

Einøygd

Boka speglar den anvendte vinklinga av norsk sosiologisk forsking. Det vert mykje sosialpolitikk og ymse sosiale problem. Og ho speglar sjølvsagt den implisitte ideologiske agendaen til sosiologifaget: The underdog perspective. Det er ikkje noko gale i å ha det perspektivet. Men det er einøygt å berre ha det. Den tradisjonen norsk sosiologi står i, har ein tendens til å vera einøygd. Når Kåre Hagen og Ivar Lødemel klagar over ein medieskapt fattigdomskonstruksjon som av og til produserer tåpeleg politikk (s. 228) er vel det nettopp ein konsekvens av at sosiologien så einøygt konstruerer dei personlege problema til dei to-tre prosentane av det norske folket som vert sosialt ekskluderte som «sosiale problem» i tydinga problem som kan løysast med å kasta pengar på dei. Det er ikkje gjeve at det hadde vore færre enn 6000 heimlause i Noreg sjølv om samfunnet hadde vore organisert i den likskapsutopien dei fleste forfattarane i boka synest å tru på. Men sosiologien er eit radikalt fag, sjølve modernitetens teologi. Ikkje minst i Oslo. Og referansane avslørar eit miljø med beina trygt planta i 60- og 70-talets teoretisering av verda. Mange referansar til Goldthorpe, ingen til Ulrich Beck. Post-
moderne tankar har på godt og vondt ikkje gjort sitt inntog i
Harriet Holters hus på Blindern heller.

Ufriviljuge perler
Teksten har sine ufriviljuge perler. «Døden er den ultimate helsesvikt som en gang rammer alle», skriv Jon Erik Elstad (s. 237). Og sitt nyspråk, som Arnlaug Leira sitt bruk av verbet «å fortala» for «å gjera seg til talsmann for» (s. 278). Og sine uforklarte vitskaplege termar som Svein Bjørkås sitt «harryfisert» (s. 437). Men felles for alle tekstane er det sosiologiske gravalvoret: At verda er vond og at det er vår skuld.
Det er noko profetisk over the underdog perspective. Eg skulle ynskja at sosiologane snart byrja å problematisera kvifor alle samfunn som ikkje praktiserer blodhemn er tufta på ulikskap.
Pål Bakka

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |