Dag og Tid nr. 35, laurdag 8. november 2003

Bokmelding:
I forfjor og året før der igjen

Står det mellom romanen
I fjor sommer og ei anna bok, går du ikkje glipp av noe om du kjøper den andre.

ROMAN
Niels Fredrik Dahl:
I fjor sommer
roman,
Oktober 2003

Ein dårleg roman er det same som ein bokklubbroman. Trass i at bokklubbane kan smykke seg med ei og anna viktig bokutgjeving, er det ei kjensgjerning at dei fleste bokklubbøker ikkje har noe nytt, uventa, provoserande eller fantasirikt ved seg. Det er ikkje frå bokklubbane det nye og banebrytande kjem, ikkje ein gong det som var nytt i fjor kjem i bokklubb. Var det nytt i forfjor har det bokklubbsjans. På den andre sida skal vi vel ikkje snakke så bastant om det flunkande nye heller, det er slett ikkje så ofte å sjå verken her eller der. Dei gamle sa etter lange liv at det ikkje var noe nytt under sola. Men det finst ein mellomting mellom det avantgardistiske og det tradisjonelle.
Mellomtinga freistar i det minste å nyskape det tradisjonelle på ein eller annan måte, i det minste ved å plassere eit gammalt tema i ei ny tid og altså lage ein relevant samtidsroman av tematikken.

Saker og sex
I fjor sommer er ein roman om eit lykkeleg forelska par i førtiåra. Forteljaren er den mannlege parten i forholdet. Dramaet, ekteskapet, kjærleiken og livet han fortel om, utspeler seg på sommarstaden deira rett over svenskegrensa. Kona er ei livsglad dame med glupsk appetitt både på mat og mann. Men så blir ho gravid og endrar seg frå livsnytar til ei snusfornuftig dame. Ho dreg på sykkel- og vandreturar aleine i ferieparadiset deira, og mannen hennar får mistanke om at ho har seg med ein annan mann. Sjalusien gneg. Sjalusien får mannen til å fantasere og innbille seg saker og sex. Spenninga i romanen ligg i spørsmålet om kona faktisk er utru eller om dette bare er noe han innbiller seg.
Nær havet-stemninga i ferieparadiset til forteljaren og Siri kan minne om øylivet i Kjell Askildsens Omgivelser, men Askildsen maktar å etablere linjer, samanhengar, konfliktar og spenningar på kryss og tvers mellom personane på sine snaue 100 sider. Folka hos Dahl er verken særeigne eller typiske, dei er bare flate, vanlege og kjedelege. Men dei er jo ikkje ordinære folk heller, dei er ikkje slike folk som vi har til naboar og som vi treffer på byen eller på kjøpesenteret. Neida, dei er bare ordinære romanfolk eller romanfigurar. Dei har mellom anna eit
utruleg ukomplisert, lykkeleg og rikt seksualliv. Dette er ein del av det klisjé- og bokklubbaktige ved dei, at romanforfattaren har gitt dei eit sommarhus ved eit vatn, og eit glupsk og lykkeleg seksualliv før han skriv inn ein mogleg inntrengjar, eit mogleg svik og veksande sjalusi og fall i romanen sin.

Kopiar
Siri og forteljaren er alltid tilfredse, og dei kjem som regel samtidig. Eller han ligg under henne og blir tilskodar til at ho kjem på ein vanvittig uvanleg rik og dameløyndomsfull måte. Og når Dahl skal skildre dette, er språket eller skildringa ei blanding av mjuk- eller hardporno-mytar, eller av bøker om tantrisk og kroppsoverskridande sex, eller bare eit oppkok av dei enklaste mannedraumane om den dyriske og sexovergitte kvinna: «Av og til når vi ligger med hverandre kan jeg få et glimt av henne. Den andre Siri. Kanskje det er når nytelsen hennes blir så voldsom at hun glemmer meg, eller glemmer seg, for å si det sånn (...) At hun slik føder seg selv som den andre Siri. Utenfor min kontroll, utenfor min rekkevidde!»
I fjor sommer verkar skreddarsydd for bokbad og bokklubb. Her er det med andre ord ingenting å hente for dei som vil lære av bok, nyte bok og til slutt bli forfjamsa og klok av bok. Boka omhandlar det gamle temaet «stor kjærleik» og «svik» utan at eg trur noe særleg verken på kjærleiken eller sviket i romanen.
Karakterane framstår som kopiar av romanfigur-kopiar utan at kopieringa blir gjord til noe poeng i romanen. Hovudpersonane er flatt og konturlaust teikna. Refleksjonane forteljaren gjer seg om pikken sin og forholdet mellom mann og kvinne er pinlege, vekebladaktige og ordinære. Ja, eg veit ikkje om det er rettvist å kalle dei ordinære heller, for det ordinære er kanskje ikkje så ordinært?

Fort gløymd

Romanen er blotta for ambisjonar ut over det å ha setningar som er rett formulerte og greie å lese. Romanen vekslar greitt mellom referat, opptrinn og replikkar. Noen stader har forfattaren forelska seg i bokstavrim som kanskje ikkje gir like god meining som klang, men alt i alt er boka velformulert og forfattaren må seiast å ha ein god penn. Her blir vi aldri usikre på det som står skrive. Spranga i tid og rom er oversiktlege. Aldri får vi noen grunn til å stanse lesinga for å lese om igjen eller dvele ved det som står skrive. Romanen driv oss vidare, og det er fort gjort å lese, gjere seg ferdig og gløyme denne romanen på 173 sider.
Atle Christiansen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |