Dag og Tid nr. 44, laurdag 1. november 2003
Roald Helgheim:
Eg, ein anti-amerikanar?
I 1970 spela Miles Davis inn det som skulle bli A Tribute to Jack Johnson, den amerikanske tungvektsboksaren som i 1908 gjekk til topps, som omkom i ei bilulukke i 1946, 68 år gammal, etter å ha levd like sterkt utanfor bokseringen som innanfor. Han var ein mann Miles Davis kunne sjå opp til. Difor skreiv han for første gong ein omslagstekst på plata, som også vart brukt til ein dokumentarfilm om den svarte helten. ÇJack Johnsons veg til tungvektstoppen var eit signal for oppstoda til den kvite misunninga. Kan du forstå det? Og sjølvsagt, som fødd svart i Amerika .... vi veit alle korleis det går. Dagen før Johnson forsvara tittelen mot Jim Flynn (1912) fekk han ein beskjed: Legg deg ned i morgon eller vi hengjer deg opp - Ku Klux Klan. Dig That!
Ein grunn til å skrive om dette er at Columbia i desse dagar har gitt ut The Complete Jack Johnson Sessions, ein boks med 5 cd-ar der alt som vart spela over ein periode på 16 veker er med. Mellom songane var ÇWillie Nelson, ein hyllest til den countrykongen Miles sette høgst.
I skrivande stund ligg det ei anna jazzlegende på cd-spelaren. The Complete Verve Master Takes med Charlie Parker, ein jazzmusikar som brende sine lys i alle endar og døydde i 1955, berre 35 år gammal. Difor opplevde eg han aldri live, men han har følgt meg gjennom eit jazzliv saman med Louis Armstrong, John Coltrane, Charlie Haden, Carla Bley, Bill Evans, Ella Fitzgerald, Anita ODay, svarte som kvite, med ein musikalsk arv som også braut ned barrierar. Amerikanske jazzmusikarar av alle kulørar var pionerar i å bryte ned fargeskiljet, på ei tid då svarte artistar måtte gå bakvegen inn på dei hotella dei spela på.
Det er del av min amerikanske ballast, som eg ber med meg saman med James Baldwin, Richard Wright, Norman Mailer. Til ballasten høyrer også ein for meg femti år gammal filmtradisjon som frå High Noon og Tolv edsvorne menn har gitt meg mange av mine største filmkick. Ofte kom eg i snakk med amerikanske jazzmusikarar. Den politisk korrekte måten å nærme seg dei på, var å få dei til å rakke ned på landet dei kom frå. Det kunne vere ei enkel sak, men musikken til ein Mingus, Coltrane eller Haden snakka eit språk som var mykje tydelegare. Då Louis Armstrong såg fjernsynsbilda frå kampen mot segregeringa i skulen i Little Rock, nekta han å reise på ein europeisk turne som ein slags gladjazzens amerikanske Çambassadør i Europa. Det er ikkje den einaste grunnen til at Armstrong er ein del av det Amerika eg elskar.
Nokre dagar etter at boka Frykten for Amerika kom ut, vart Erik Bye intervjua. Få nordmenn kjenner det nord-amerikanske kontinentet betre enn Bye, som i ungdomsåra etter krigen var på loffen over there, strålande skildra i Munnspill under åpen himmel, og som i ein mannsalder som NRK-reporter har laga nokre av dei beste programma om eit USA nyhendemedia ikkje fortel oss om. Vi må ikkje la einøygd antiamerikanisme hindre oss i sjå det gode og store ved landet, sa han. Utan å ha vore i New York meir enn nokre flyktige VM-dagar i 1994 - nok til å få det store kicket av byen - kan eg klappe den gamle samtykkjande på skuldra. Men eg trur vi kan ta det med ro. Eg kjøper ikkje påstanden om eit USA-syn skapt i det bildet som gir den billege tittelen Ç68-generasjonens univers og våre alminnelige fordommer mot USA til eit avsnitt i Bernt Hagtvets artikkel i boka Spillet om Irak. Den som leitar etter
historiske stereotypiar om USA, har en like lett jobb som den som leitar etter kva stereotypiar som helst. Framstillinga av Çanti-amerikanismen er like stereotyp. Om norske skulebøker har manglar i framstillinga, trur eg det er fleire land og kontinent som kan stille i konkurransen. Skilnaden er at USA er noko vi har vore nærare knytt til enn andre, på godt og vondt. At til og med Vietnam etter ei meiningsmåling har eit meir forsonleg syn på USA enn delar av Europa, er ingen sensasjon.
Stian Bromark og Dag Herbjørnsrud, som har skrive boka Frykten for Amerika, må gå sitt Amerika-omgrep kritisk etter i saumane. Folk har mindre grunn til å frykte det sør-amerikanske landet Chile, som for 30 år sidan vart råka av eit 11. september som har kosta det mangedobbelte av dei døde etter terroråtaket mot USA. Ken Loach sitt bidrag til ein 11. september-film frå eit knippe internasjonale regissørar, sette dette i perspektiv. Jens Bjørneboe sitt første USA-essay frå 1952, Frykten for Amerika i oss, er som forfattarane påviser også tjukt av fordommar. Dei held det opp mot den kulturelle forståinga til John Steinbeck, den store nord-amerikanske forfattaren som på sine gamle dagar var den største Vietnam-hauken ved sida av John Wayne.
I desse dagar fyller tidsskriftet New York Review of Books 40 år. Meir enn publikasjonar flest har det vore ei kjelde til innsyn i den herskande psyken til den nye, messianske leiinga i Det kvite huset, med essay av Norman Mailer, Arthur Schlesingar jr. og mange andre. Attåt dette har magasinet Time og avisa New York Times vore blant mine beste hjelpemiddel til å forstå kva som rører seg, under eit regime som i si noverande framtoning verkeleg er noko å vere redd for.
Vår tids plage heiter hype. Etter ordboka er det både eit narko-skot og namnet på ei stor mediesatsing. Som verb er det å blåse opp ei sak, å hype opp ein generasjon, ein kunstart, ein trend, ein stereotypi. No er det ikkje ein amerikansk, men ein "anti-amerikansk trussel det er in å åtvare mot. Eg lyttar heller på Miles Davis.
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|