Dag og Tid nr. 44, laurdag 1. november 2003


Klok på bok:
Til skogs
”Det passar godt. Det kjem nokre snøfiller nett no. Diktet ‘Den første snøen’ av Stein Versto står i diktsamlinga ‘Snø i partituret’ frå 2000. Eg vart først kjend med forfattarskapen til Stein Versto gjennom den framifrå tittelnovella i ‘Ho blei borte i trappene’. Fleire av dikta hans har ˜g mykje å seie til ein som har mist den viktigaste personen i livet sittÈ, skriv han Tore Aschim i Askim og vinn på det. Gratulerer! Ja, det var sjølvsagt iskald utrekning frå mi side, at snøen skulle kome parallelt med oppgåva. Og det var fleire som fekk syn for segn:”Diktet ‘Den første snøen’ høver godt i og med at vi fekk snø og kuldegrader natt til i går. Dermed vart det brått seinhaust og fint for turar på frosen mark i skogen. Diktet er skrive av han Stein Versto i samlinga ‘Snø i partituret’ frå år 2000. Her er det mange fine dikt. Eg fekk forresten denne diktsamlinga av Versto etter eit seminar i Samlaget for eit par år sidanÈ, skriv han Gunnar Hagen frå Andfiskå.

Ho Ranveig Lundquist i Orkanger sender rett svar. Det gjer ˜g ho Inger Storbråten i Askim.

”Det snør, det snør... tiddelibom... Ja, du Paula, eg vart litt borte i trappene no! Det er mange som har skrive om ‘snø og heimsleg’, og spesielt i Telemark. Eg var innom minst fem nynorskbrukande, yngre lyrikarar før eg fann fram. Grunnen til at eg løyste oppgåva, var Dag og Tid sjølv Ð dei hadde ei grundig melding av diktsamlinga i desember 2000, fem år etter forrige diktsamling, som kom fem år etter debutboka. Fylgjer han dette mønsteret, kjem altså nest bok i 2005. Dersom du er spent no, så er svaret Stein Versto og ‘Snø i partituret’È, skriv han Gunnar Bæra frå Løten.

Han Thor Arne Sæterholen på musikkavdelinga til Deichmanske bibliotek er inne på det same som han Gunnar: ”Versto har til nå gitt ut tre vakre bøker siden 1990. Hvis han beholder syklusen sin på 5 år mellom hver bok, er det bare å begynne å glede seg til 2005!

Ho Ellen Pauline i Gaupne skriv at dette ikkje var lett. Likevel var ho den første som kom med rett svar denne veka: ”Søkte på litt av kvart, også i Deichmanske bibliotek sin diktbase, utan resultat. Så var det stikkordet som vart forløysande denne gongen ˜g. Av titlar med ordet ‘trapp’ i, dukka Stein Versto si bok frå 1990 opp. Den heiter ‘Ho blei borte i trappene’. I dikthylla fann eg ei vakker lita bok med tittelen ‘Snø i partituret’ av same forfattar. I den kan eg lese både diktet vi skal fram til, og at forfattaren fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for fystnemnde bok. I Luster folkebibliotek er det ingen som har lånt denne vetle boka før, men no har eg gjort det. Eg gler meg til diktlesing og krosstingsbroderi i kveld. Det er korkje lys eller varme att på kveldane til hagearbeid. Men eg tykkjer no ˜g det er fint å lese bøker utan å ha svarte render under naglaneÈ, skriv ho Ellen Pauline.

Ja, kva skulle vi ha gjort utan dei fire årstidene våre? Variasjonen i naturen og ute-og-inne-aktivitetane som følgjer årstidene, er kjekk. Sjølv om ikkje alle er like glade i vinteren, så har han sin sjarm. Ein treng ikkje å gå på ski. Ein kan sitje inne med ei god bok.

Han Olav Molven i Bergen skriv at Versto er blitt kalla ”minimalistÈ av slike som har fagkunnskap. Han held fram: ”Eg er forresten fengsla av to forfattarportrett, eitt frå 1995 i ‘Innfalda tid. Minne.’ og det andre frå 2000 i ‘Snø i partituret’. Spørsmål: Tyder det siste på at ein bygdegut er vorten trygg som musikklærar og forfattar med svip av ‘frons urbana’? Ho Paula må vel kunne uttale seg her? No skal eg lese diktsamlingane. Trygg med nynorsken er han no i alle høve han Stein V..

Eg trur sanneleg ikkje at eg forstår spørsmålet ditt, Olav. Viser du til den nylege ytringa mi om hovudstaden? Håper du kan leve med at engasjementet mitt er på eit historisk lågmål! Du skjønar eg har hatt influensa, så eg kjenner meg både kraft- og hovudlaus. Ligg makteslaus i hengjekøya og ser ut på småfuglane som insisterer på å overvintre i dette kalde landet.

Han Kaare Stegavik i Trondheim er ute i siste liten: ”Æ e så lite kjeinnt i Telemark, så det tok litt tid før æ faijnnt haijnn som ha skrevve diktsamlinga ‘Snø i partituret’ med eitt dikt som hette ‘Den første snøen’. Men det va’n Stein Versto. Det verste va no at haijnn ha fløtta frå Vinje, så det va itj så lett å fijnn’n heijller da.
Eg held meg i dette tusenåret i komande boknøtt, og eg held meg - på eit vis - på begge sider av svenskegrensa.


Klok på bok 637
Lyset, toget, trær, trærne. Farten. Tårene. Som vi har ordnet det for oss, tenker Anders. Han står inne på toalettet. Han må tenke det. Så vellykket. Jeg fraktes gjennom landskapet. Ekspresstoget farer frem. Mens varmtvannet renner fra kranen og varmer hendene mine. Mens tårene renner. Sollyset renner. Det er ikke måte på hvor praktisk vi har ordnet det for oss. Det er ikke måte på, det er fint og sørgelig på samme tid, hvordan alt fungerer. Det er mandag 9. oktober.

Forfattaren står sjølv for fotografering og formgjeving av bokomslaget. Skrivaren debuterte med noveller i 1990, Fleire bøker har kome etterpå, men ˜g manus for film og teater. Stikkord: boksing.
Send kloke ord og vendingar i all slags sendingar: Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, paula@dagogtid.no eller faks 22 41 42 10 før fredag 7. november.
Paula på posta

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |