Dag og Tid nr. 44, laurdag 1. november 2003

Religion
Avslører det skjulte andletet til islam
Boka skandaliserer islam og avslører det skjøre fundamentet til islams hus. Boka er farlegare for islam enn Sataniske vers, skriv Walid al-Kubaisi.

SAKPROSA
Ibn Warraq (psevdonym):
Hvorfor jeg ikke er muslim
Omsett av Peder Edvinsson
Humanist forlag

Islam vert presentert av muslimane som ein idealistisk religion med gudeleg openberring. Norske akademikarar har prøvd Å formidle dei ulike andleta til islam. Boka Hvorfor jeg ikke er muslim er ein rasjonalistisk versjon av islam presentert av ein muslimsk religionskritikar. Han serverer den ville sanninga som ikkje er tamd av den nyanserte leiken til akademikarane.
For norske akademikarar har ikkje vore interesserte i Å formidle den humanistiske, sekulære og religionskritiske tradisjonen. Dei har berre formidla det religiøse islam, og oversett den kjetterske tradisjonen som er like rotfesta blant dei opplyste og dei beleste som blant dei intellektuelle. Vestlege akademikar har vore opptekne av Å vera nyanserte slik at dei ikkje støyter dei sÅrbare muslimane eller vekkjer avsky mot islam blant norske lesarar. Det vil skapa hat mot muslimane. Derfor brukte dei formidlingsmetodar som oversÅg eit av andleta til islam, det religionskritiske andletet. Kvifor har dei ikkje vore interesserte i Å formidla eller stadfesta opplysningane som Ibn Warraq har gjeve att i detalj i denne boka? Dette har eg ikkje funne verken i Kari Vogts, Knut Vikørs eller Oddbjørn Leirviks bøker. Alle tre er for ukritiske til islam. Dei fÅr ikkje godt nok fram dei negative sidene ved religionen. Negative sider  som strir med dei vestlege, humanistiske verdiane.

Kler av islam
Islam som religion har mange andlet, seier alle forskarar og akademikarar. Forfattaren hatar dei alle saman. Og han har rett i hatet og indignasjonen. Det same vil dei norske lesarane gjere, som etter Å ha lese boka, vil oppfatte faren ved islam i eit vestleg sÅ vel som i muslimske samfunn. For denne boka er ein kritikk av islam og ei kjærleikserklæring til muslimane som lever i islams hus i hundreÅr etter hundreÅr Ð eit hus heimsøkt av vondskap, demonar, dogme og rotne, senile sanningar som trivst best i mørkre.
Forfattaren kler av heilagdomen i islam og koplar han frÅ himmelen. Skal me tru Ibn Warraq, var Muhammed ein løgnar fordi han ikkje fekk noka openberring, og islam er ikkje eit ideal for det kolliderer med demokrati, ytringsfridom og menneskerettar. Islams underkuing av kvinna er eit gudeleg bod. Hat mot heidningar, homoseksuelle og andre religionar enn kristendommen og jødedommen, er nedfelt i islams natur. Islam som religion har ikkje noko Å skryte av.
Islams historie er derimot noko anna, skriv Ibn Warraq. For muslimane hadde ein stor sivilisasjon som rangerte høgt i toleranse. Dei skapte eit fleirkulturelt fellesskap med mange kulturar, rasar og folkeslag. Men Ibn Warraq vil ikkje takke islam eller Muhammed for det. Sivilisasjonen er eit produkt av impulsar frÅ andre kulturar; hellenistisk arv, persisk og indisk pÅverknad og andre subkulturar. Toleransen er eit produkt av innverknad frÅ kjettarar og poetar, religionskritikarar, fritenkjarar og maktmotstandarar.
Boka presenterer ein versjon av islam som nordmenn neppe har høyrt om, og dette er ein versjon som den sekulære rørsla i den islamske verda identifiserer seg med. Manglande ytringsfridom i dei muslimske landa gjer at denne versjon vert gjeven att berre pÅ folkemunne Ð ingen tør Å skrive han ned. Boka presenterer muslimske poetar og tenkjarar som kritiserte islam rasjonalistisk. Muslimane, som alle andre folkeslag, har ikkje vore passive mottakarar av islam, men er reflekterte, dei har nekta og teke avstand, tvilt og kritisert. SÅleis vil nordmenn fÅ eit omfattande oversyn over islam.

Feig forfattarar
Boka vart skriven i kjølvatnet av oppstyret rundt Sataniske vers og Khomeinis dødsdom over Salman Rushdie. Difor har boka ei entusiastisk Ånd, og tek sterkt avstand frÅ islam som heilskap. Forfattaren kan skuldast for Å vera ytterleggÅande pÅ same viset som Voltaire, men alle nye tankar startar pÅ denne mÅten med Å provosere med spissformuleringar for Å ryste den passive fornufta.
Tittelen pÅ boka vekkjer interesse. Han fortel at forfattaren er ein muslim som gjev opp trua si og vil fortelje grunnen til dette for lesarane. Utover dette veit vi ingenting om forfattaren. Han har valt Å vere anonym. Ibn Warraq er eit pseudonym for Å unngÅ ein mogeleg reaksjon frÅ muslimske fanatikarar. Forfattaren, som imponerer med sine kunnskapar, er ein feiging. Han vil ikkje stÅ fram og ta ansvar for boka si, dermed vert merksemda i staden retta mot vestlege forleggjarar. Fundamentalistane tok ikkje Salman Rushdie, men William Nygaard. Kvifor er ein vestleg forleggjar villig til Å ta ansvar for ei slik bok, medan ein muslimsk forfattar som brenn for si sak, skjuler seg bak psevdonym? Forfattaren, som set Vesten høgt, overser skilnaden mellom Vestens folk og dei feige muslimane. Ytringsfridom vart ikkje servert folk i Vesten pÅ eit sølvfat, men europearar kjempa sjølv for han og ofra store hovud til giljotinen og kroppar vart brende pÅ bÅl. Kvifor er ikkje Ibn Warraq villig til Å ta ansvar for saka han sjølv trur pÅ og brenn for?
Kunnskapen som er presentert i boka, er kjend for mange intellektuelle. Det som vi, sekulære muslimar manglar, er personar som stÅr fram og kjempar for frie tankar. Muslimane kan lett feie bort kritikken i boka ved Å skulda forfattaren for Å vera jøde med eit innlegg i kampen mot islam, eller hevda at det er eit sionistisk verk, eller dei kan kalle det eit kristent misjonsverk i tospann med USAs felttog mot den muslimske verda. Og dei kan sÅ tvil om eksistensen til forfattaren som har skrive boka. Eg skulle ønskt forfattaren sjølv stod fram og forsvara boka.
Boka er likevel viktig i debatten om islam og ei bragd for Human-etisk Forbund. Etter at Levi Fragel i vinter Åtvara mot islam, har humanetikarar teke opp kampen mot islam som ei religiøs makt som er i ferd med Å gjere seg gjeldande i det norske samfunnet. Dette kjem klart fram i Lars Gules viktige og vektige forord. Han peikar pÅ at kritikk av islam som tru og politisk islam som eit vonde, og ein samstundes kamp for muslimane sine rettar, er to sider av same sak.
Walid al-Kubaisi

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |