Dag og Tid nr. 44, laurdag 1. november 2003


Bøker:
Hunter S. Thompsons siste skanse
Er Hunter S. Thompson framleis den stjerna som han ein gong var innanfor journalismen?

SAKPROSA
Hunter S. Thompson:
Kingdom of Fear
Penguin/Allen Lane

Lit ein på forordet i denne boka, har Hunter S. Thompson ein imponerande stor skare av tilhengjarar som n¾rast dogmatisk trur og meiner at alt han skriv, er som dei ti boda, Guds ord. Hadde han, Gud forby, døydd ein gong på 70-talet hadde han truleg gått inn i historia som journalismens Elohim, den allmektige nye journalismens skapar. Men Thompson lever enno og har skrive ein hybrid av ei bok. Litt memoarar her, litt resirkulerte artiklar der, pluss litt nytt stoff på toppen med tryggleik om at dei rettruande skal betala sin avlat utan å stilla spørsmål. Men reformasjonen har kome, og han kan ikkje stoggast. Sjølv dei rettruande skulle starta ein motreformasjon, ”itÕs all over now, babe blue.”

Patetisk
Men ein kan ikkje seia slikt om Thompson, høyrer eg massane ropa mot meg medan dei førebur å brenna meg som heretikar. Jau, seier eg til mitt forsvar, eg kan, med bakgrunn i det Thompson har skrive tidlegare, den gongen han var ung og skapande, og ikkje no som han er gamal og patetisk. For få ting er så patetisk som 65-åringar som trur dei er 25, sjølv i ei tid der me vert bombarderte av søppel-e-post med tilbod om penisforlenging, Viagra og jenter som har seg med hestar. For det er patetisk når Thompson skriv til skodespelar Johnny Depp: ”Or maybe you want to come to CUBA this weekend & help me write my new honky-tonk song: Jesus Hated Bald Pussy.”
Ein må anten vera overtrøytt eller kanon på sterk drykk for å le av den. Når ein har med ein ordkunstnar, eventuelt tidlegare ordkunstnar som Thompson å gjera, ventar ein meir enn dette. For å vera heilt ¾rleg lo eg ikkje ein einaste gong då eg las denne boka, eg drakk kaffi for ikkje å sovna. (Berre for å syna at eg ikkje er ein stoikar, så tek eg med at eg låg på golvet og hadde vondt i magen av latter då eg las Bjørn Gabrielsens Lutefisk på Pr¾rien dagen etter, utan å ha drukke anna enn tre prosentmjølk.)

Gamle meisterverk
Hunter S. Thompson seier i eit intervju, attgjeve i boka, at hans eiga bok, Fear and Loathing in Las Vegas, er eit meisterverk. Og han har rett når han seier det. Eg las ho om att rett før eg las denne boka, og ho er eit meisterverk som både er originalt og har ein fantastisk prosa. Det er ˜g skildringane hans av USA-valet i 1972, Fear and Loathing: On the Campaingn Trail Ô72. Og stiller me Kingdom of Fear opp mot desse, ser Thompson ut som ein dårleg parodi på seg sjølv. Denne parodien spring i dag rundt i hagen på Owl Farm, Creek Valley, Colerado og skyt på sine eigne påfuglar og snakkar om kor stor han er. Var, er ordet, var stor.
Sjølv når han vågar seg frampå og skriv om den 11. september vert det ikkje anna enn platt synsing av typen: ”We are at war now Ð with somebody Ð and we will stay At War (sic) with that mysterious Enemy for the rest of our lives.”

Små lysglimt
Du treng ikkje vera noko geni for å hosta opp det, Mr. Thompson, du treng berre ein utgjevar som trykkjer alt du skriv. Men trass i ein overflod av makkverk så finst det nokre få lyspunkt i boka der Hunter S. Thompson er sitt gamle eg. Eit av dei er ein artikkel frå den amerikanske invasjonen av Grenada frå 1984. Her skriv han i alle høve godt og interessant om og ikring hendinga på øya. Og ein sit igjen med inntrykket om den ekte vara. Det vert ikkje berre eit samansurium av ord som minner ein om boksaren Muhammed Alis sjølvsikre ”I am the greatest”. Der finst ˜g nokre interessante refleksjonar om kampen for den amerikanske fridommen til å gjera kva ein vil, noko som Thompson meiner er i ferd med å forsvinna, sjølv i artiklar som er daterte før alt vart snudd på hovudet etter den 11. september 2001. Det er alltid interessant for oss i Europa å prøva å forstå den enorme individualistiske fridommen som amerikanarane har ein hug til å dyrka anten dei heiter Hunter S. Thompson eller er medlemmer av Montana-militsen.
Men trass i dette har Hunter S. Thompson gjort den bragda det er å skriva seg inn i skorne til general Custer og hans siste skanse. Før indianarane slakta Custer og det 7. kavaleriet hadde ˜g Custer ein imponerande CV å syna til. I ettertida vart han gjort til latter. Thompson har gjort seg sjølv til latter, eller kanskje han har synt oss at han trass i sin gudsliknande status blant mange lesarar berre er ein av oss, eit vanleg, døyeleg menneske.
Asgeir Ueland

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |