Dag og Tid nr. 44, laurdag 1. november 2003


Bøker:
Altfor insisterande
Når ein insisterer på at den historia som skal forteljast, er forferdeleg, vert ho ofte ikkje det. Det er problemet med Engel av nylon.

ROMAN
Helene Uri:
Engel av nylon
Gyldendal

I den tredje boka si for vaksne, Engel av nylon, prøver Helene Uri å skildra manglande morskjærleik og sorg etter at eit barn døyr. ñg i DYP R¯D 315 frå 2001 og Honningtunger frå 2002 tok Uri for seg kvinner i ulike relasjonar og situasjonar. Det sjuke sinnet til kvinna i DYP R¯D 315 klarte å utfordra, medan Honningtunger vart ei meir jamt grei bok om overflater i intrikate venninnerelasjonar. Og nett overflater er problemet med Engelen av nylon.

Påstått skuld
For historia i Engel av nylon vert liggjande på overflata. Det gjer ho på grunn av at Uri er så frykteleg insisterande i å hevda at dette er ei forferdeleg historie. Eller rettare, hovudpersonen Beate, som saman med systera Janna vekslar som eg-forteljarar, insisterer så iherdig på at ho er eit monster og at historia som no skal koma, er forferdeleg. Det tek både brodd og sorg ut av ei historie og eit tema som har potensial i seg til på annleis, viktig og spennande vis diskutera og reflektera kring sider ved det å vera menneske og det å vera mor.
Men når Uri i tillegg til å servera ein hovudperson som utmattande insisterer på si skyld, ˜g gir henne eit morsideal utanfor alle dimensjonar (ÇJeg ser ikke at det stråler noe lys ut av meg. Jeg slokker lampene i gangen og stirrer på meg og Fie i speilet. Vi lyser ikke. Jeg ser ingen madonna med barnet i speiloverflaten.È), då vert skildringa av skuld og vonde og kompliserte morskjensler berre irriterande, ikkje gripande, viktig og utfordrande.

For lite undertekst
Uri skriv godt. Språket glir, er presist og komposisjonen er god med vekslinga mellom dei to systrene som forteljarar. Men problemet reint kompositorisk er at det er for mange frampeik. Det tappar historia for spenning i staden for å halda på ho. I tillegg doserer Uri med ymse platte fråsegner som: ÇJeg har alltid vært klar over at språket har en magisk kraft, og at ens egen forestilling om ting er mye mer betydningsfull enn hvordan tingene objektivt er. For objektivitet er i grunnen en illusjonÈ. Og så øydelegg Uri gleda over den gode forma på forteljinga med fråsegner som dette: ÇVi har alle mange historier i oss. Fortellingen om far er en av mine fortellinger. Jeg har allerede fortalt den til Janna, og kanskje fant jeg noe i den lille, grå kartongen. Verden er full av fortellinger, eventyr og historier. Noen er sanne. Noen er usanne. Noen av dem tror vi er sanne, og noen tror vi er bare løgn, selv om de slett ikke er det. Men det er vanskelig å vite hva som er den rette siden av historien. Kanskje er det ingen, for en historie kan fortelles på så mange måterÈ. Slike nøklar skulle ha lege uformulerte i komposisjonen og annan undertekst.
Eg tenkte på Plutselig høre noen åpne en dør av Trude Marstein då eg byrja å lesa Engel av nylon. Det skulle eg ikkje ha gjort. For Marstein maktar å visa i staden for å insistera med ord. Marstein klarer å mana fram ein mor-barnrelasjon som skaper ubehag og som rører ved skuld og tabu på ein utfordrande måte. I motsetnad til Uri.
Margunn Vikingstad

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |