Dag og Tid nr. 44, laurdag 1. november 2003
Arbeid:
_ Norsk fagrørsle er for nasjonalistisk
Leiinga i norsk LO er nasjonalistisk og kortsynt, meiner historikar Harald Berntsen. Han etterlyser ei verkeleg internasjonal fagrørsle, og vil ha opne dører for arbeidssøkjarar frå aust.
Per Anders Todal
peranders@dagogtid.no
1. mai neste år får befolkninga i dei ti nye EU-landa truleg fritt høve til å søkje arbeid i Noreg. Regjeringa ønskjer ikkje overgangsordningar som kan redusere eller utsetje arbeidsinnvandringa frå aust. Store delar av LO er derimot sv¾rt skeptiske til arbeidsinnvandringa, og fryktar ho skal undergrave norske arbeidarrettar. Den innstillinga er feil, meiner historikaren Harald Berntsen, som har arbeidd mykje med fagforeiningshistorie og vore ein aktiv debattant på norsk venstreside i mange år.
_ Eg meiner i prinsippet at ein skal vere for fri innvandring. Det er ingen rasjonell grunn til at ein arbeidar fødd i Noreg skal ha fortrinnsrett framfor ein polsk arbeidar. Ikkje meir enn at ein arbeidar frå Herøya skal ha fortrinnsrett framfor ein frå Nord-Noreg. For moderne arbeidarrørsle burde dette vere eit spørsmål om klasse, ikkje om territoriell tilhøyrsle, seier Berntsen.
På like fot
_ Er det usolidarisk av LO å vere negative til arbeidsinnvandringa?
_ Slik eg ser det, må folk frå Aust-Europa absolutt ha høve til å søkje arbeid her _ på like fot med arbeidsfolk som bur i Noreg allereie. Det fagrørsla i Noreg må kjempe for, er at gjeldande avtalar og tariffar må gjelde for alle, også arbeidsinnvandrarane.
_ Men med friare rørsle av arbeidskraft over landegrensene, er det ikkje uunngåeleg at løn, arbeidsvilkår og velferdsgode i Noreg kjem til å kome under press?
_ Det blir eit press, spørsmålet er om fagrørsla klarer å oppretthalde dei posisjonane og rettane som er vunne. Når det blir fleire arbeidssøkjarar og mindre konkurranse om arbeidskrafta, kjem det eit press på løn og arbeidsvilkår. Men dette er ikkje spesielt for arbeidsinnvandringa, det skjer g under ein lågkonjunktur med høg arbeidsløyse. Arbeidarar er aldri sikra rettane sine for godt, dei må kjempast for heile tida, seier Berntsen.
LO har svikta
Arbeidarar i alle land, samein dykk, baud Karl Marx. Vel, han har ikkje heilt fått ønsket oppfylt enno. Medan kapitalen etter kvart flyt fritt over landegrensene, i alle fall i Europa, fører fagrørslene i hovudsak framleis kampen sin innanfor nasjonale rammer.
_ Har dei nasjonale fagrørslene i vestlege land svikta dei internasjonale ambisjonane til arbeidarrørsla?
_ Eg meiner leiinga i norsk fagrørsle har svikta på dette feltet. Eg har eit stjernedøme på det, frå kongressen til den europeiske metallarbeidarføderasjonen i 1998. Der foreslo det tyske fagforbundet IG Metall at jern- og metallarbeidarar skulle gå saman om å stille same type krav i alle land, i staden for å underby kvarandre. Dette vert det stor semje om, men ein representant ville ikkje vere med. Det var Kjell Bjørndalen frå det norske Fellesforbundet. Han ville halde fast ved det såkalla solidaritetsalternativet i Noreg, seier Berntsen.
Nasjonalistisk
Slik Harald Berntsen ser det, er solidaritetsalternativet er i strid med fagrørsla sitt opphavlege grunnlag.
_ Den norske fagrørsla har stått på ein nasjonalistisk posisjon, og godteke premissen om at krav om faglege rettar hemmar konkurranseevna til Noreg. Slik undergrev fagrørsla seg sjølv. Ein må bli samd med arbeidarar i andre land, ikkje stå splitta, seier Berntsen.
_ Det er lett å tenkje snevert og nasjonalt, det er det n¾raste å ty til. Men fagrørsla må tenkje lenger enn nasen rekk.
_ Men når ein fabrikk blir flytta frå Noreg til Estland på grunn av kostnadsnivået, kjem dei som får arbeid i Estland, til å juble, og dei som misser jobben i Noreg, til å gråte?
_ Det er mange slike tilfelle, same kva veg ei verksemd blir flytta. Om norske arbeidarar får eit oppdrag, ikkje spanske, vil ikkje nordmennene vere urolege over følgjene i Spania. Men dette er ei tenking det gjeld å bekjempe, og temaet blir diskutert innanfor fagrørsla. Det finst døme på ei anna, meir internasjonal tenking òg.
_ Kva med synet til Ottar Brox: At meir arbeidsinnvandring frå Aust-Europa kjem til å vere med på å skape ein ny underklasse i Noreg?
_ Eg har irritert meg lenge over den typen tenking. Brox ser dette berre ut frå ein norsk synsvinkel, og det er sneversynt og til og med farleg. Ein kan ikkje berre sjå dette ut frå Noreg. Desse prosessane går jo båe vegar. Om arbeidsinnvandring til Noreg skaper press på lønene her, blir det samstundes mindre arbeidsløyse i Aust-Europa, og det gjer det lettare å kjempe gjennom betre kår i heimlanda. Marcus Thrane var i si tid ein sterk forkjempar for emigrasjon frå Noreg. For di fleire som emigrerte, di mindre arbeidskraft vart det i Noreg, og di meir makt fekk dei som var att.
Brun fare
Harald Berntsen vonar at flyten av arbeidskraft i Europa på sikt kan styrkje, ikkje svekkje fagrørsla.
_ Om ein får meir einskaplege arbeidsforhold over større område, kan det vere med på å sveise arbeidarar i ulike land saman. Historisk sett har arbeidsvandringar i meir tradisjonell forstand vore veldig bra for samhaldet i arbeidarklassen over landegrensene.
Det er likevel ikkje gjeve at det går slik, vedgår Berntsen.
_ I mellomkrigstida profitterte ytterleggåande høgrekrefter på økonomisk krise og arbeidsløyse, dei klarte å vende misnøyen mot utlendingar. Noko liknande kan skje igjen. Det finst sterke brune rørsler i Vest-Europa i dag, og for somme kan det umiddelbart sjå ut som arbeidarar frå andre land er eit trugsmål. Men nett difor er det viktig at fagrørsla ser ut over det nasjonale nivået, elles taper dei, meiner Harald Berntsen.
_ Sjå på korleis Carl I. Hagen spelar på det nasjonale i spørsmålet om arbeidsinnvandring. Han kritiserer LO fordi dei ikkje står hardt nok på for å krevje overgangsordningar som avgrensar innvandringa. Dette er eit heilt medvite forsøk frå Hagen på å trekkje til seg norske arbeidarar. Men slike forsøk på å skjerme seg nasjonalt er det veldig farleg for fagrørsla å vere med på, seier Berntsen.
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|