Dag og Tid nr. 43, laurdag 25. oktober 2003

Roald Helgheim:

Kan ein svamp tenkje?

Det er Spencer Tracy som stiller spørsmålet i Inherit the wind, Stanley Kramers film frå 1958 som på norsk heitte De skal arve vinden, etter eit bibelord i Jesaja. Ein amerikansk lærar på tjuetalet underviser i darwinisme og evolusjon; han blir sett på tiltalebenken, og Spencer Tracy tar saka. Det vil seie at han spelar ein kjend advokat, Henry Drummond, som avisa Baltimore Herald har betalt for å føre saka til læraren. Påtalemaktas mann er presidentkandidaten Matthew Harrison Brady (spela av den mindre kjende Fredric March), mens den tredje personen vi hugsar er Gene Kelly, i rolla som Herald-journalisten som dekkjer saka. Men først og sist er det filmen til Spencer Tracy, og duellane i rettssalen har sidan prega nordamerikansk film og fjernsyn. Ei klassisk slagscene mellom Brady og Drummond går slik:

«Brady: – Vi må ikkje gå bort frå trua. Trua er det viktigaste av alt.

Drummond: – Kvifor utstyrte då Gud mennesket med evna til å tenkje? Herr Brady, kvifor nektar du for det eine som skil oss frå andre dyr? Kva andre fordelar har vi? Elefanten er større, hesten er sterkare og snøggare, sommarfuglen er vakrare, myggen er raskare til å formeire seg, til og med svampen varer lenger. Eller kan ein svamp tenkje?

Brady: – Eg veit ikkje. Eg er eit menneske, ikkje ein svamp.

Drummond: – Trur du at ein svamp tenkjer?

Brady: – Om Herren ønskjer at ein svamp skal tenkje, så tenkjer han!

Drummond: – Har ein mann dei same privilegia som ein svamp?

Brady: – Sjølvsagt!

Drummond: – I så fall ønskjer denne mannen å ha det same privilegiet som ein svamp, han ønskjer å tenkje!»

Slik rulla saka over lerretet, og supportergjengen til Brady flokka seg utanfor rettssalen og song «Give me that old time religion, it’s good enough for me». I den verkelege saka frå Tennessee i 1925 som filmen byggjer på, tapte læraren. Han heitte John Thomas Scopes, og Scopes-saka er betre kjend som Apeprosessen. Men både i filmen og røyndomen blir læraren ein bifigur. Saka har gått over i historia som det knusande slaget i retten mellom vitskap og religion. Dei verkelege advokatane heitte Clarence Darrow og William Jennings Bryan. Interessa var enorm, det møtte opp tusenvis av tilskodarar, og folk over heile USA følgde prosessen direkte på radio.

I moderne tid fekk Norge eit ynkeleg lite blaff av striden då Kjell Magne Bondevik som kulturminister i 1986 hadde fått inn i eit tillegg i fagplanen for naturfag for folkeskulen at den kristne skapingssoga skulle med saman med utviklingslæra som ei av fleire skapingssoger. Trua på skaparverket blir også kalla kreasjonisme, som i sin nye versjon har fått ein vitskapleg frakk. Og under den blandinga av nykonservatisme og messianisme som herskar i maktkorridorane i Washington no, er det ikkje rart at det også er grobotn for politisk innblanding i vitskapen. President Bush blandar seg meir og meir inn i vitskap og forsking, for å manipulere han og tilpasse han eigne interesser. Det skreiv Svein Sjøberg, professor i naturfagdidaktikk og medlem av EUs ekspertkomité for handlingsplanen «Science and Society» om, i ein kronikk om i Aftenposten denne veka. Det gjeld på område etter område. Vitskaplege tidsskrift som Science, Nature og Scientific American slår alarm. Ein rapport til Kongressen fortel om mange tilfelle der Bush-administrasjonen «har manipulert den vitenskapelige prosess og forvrengt eller undertrykket vitenskapelige funn». Det har ført til villeiande og feilaktige fråsegner frå presidenten, undertrykte forskingsrapportar, endring av faglege nettstader og feil rapportering til internasjonale organ som FN. Kanskje mest skremmande er sensur og redigering av pedagogiske nettstader, der utdanningsdepartementet har instruert medarbeidarane om at dei skal fjerne stoff som er i strid med «nåværende prioriteringer».

Etter dette er det ikkje til å undre seg over at freistnadene på å sprite opp «bevisa» for kjemiske våpen i Irak har vakt mykje meir røre i England enn i USA. Det alvorlege er at staten direkte blandar seg inn på område etter område. Og når det gjeld kampen i skulestova, er apeprosessane ikkje over, les vi på nettsida forsking.no. I 1967 vart læraren Gary Scott oppsagt for å undervise i evolusjon. Han gjekk til rettssak og vann. I 1973 vedtok styresmaktene i USA ei lov som kravde at kvar lærebok som omtalte evolusjonen skulle setje av like mykje plass til den bibelske skapingssoga. Lova vart avvist i 1975, fordi ho favoriserte Bibelen framfor skapingssoga slik ho er framstilt i andre religionar. Men når kreasjonismen kledde seg i den vitskaplege trøya, innførde Arkansas ei lov som slo fast at om ein lærar underviste i evolusjon, hadde han også plikt til å undervise i kreasjonisme. Med vitskapsfolk som Stephen Jay Gould i ryggen gjekk nokre av statens borgarar til rettssak og vann.

Men med valde skulekomitear som avgjer kva som skal vere med i undervisinga, er mogleikane for påverknad stor. Difor vedtok det folkevalde skulestyret i Kansas på slutten av nittitalet det andre delstatar har gjort etterpå, at utviklingslæra ikkje er forboden. Det er lov å undervise i Darwins lære, men det er ikkje pensum. Og kva skal vi med det som ikkje er pensum? Vi spør med Spencer Tracy: Kvifor fekk mennesket evna til å tenkje?

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |