Dag og Tid nr. 43, laurdag 25. oktober 2003

Leiar:
Størst same kva pris?

 Kva anna kan vi måla med enn sjåartala, spør TV 2s Kåre Valebrokk. Sjølvsagt veit Valebrokk at det er mange andre variablar som kan nyttast til å vurdera ein kanal. Mangfald er ein. Kvalitet har også objektive kriterium som kan målast. Talet på eigenproduksjonar ein annan. Men det er sjåartala som tel – også i NRK. Noko ikkje minst tidlegare kringkastingssjef Einar Førde må ta ansvaret for. Det er ikkje lenger rom for eit smalt program i beste sendetid av di det går ut over sjåartalet for resten av TV-kvelden.

Men å vera størst kan ikkje vera eit poeng i seg sjølv for ein allmennkringkastar. Kvalitet og mangfald, folkeopplysing, demokratisk og kulturelt ansvar må vera det styrande. Sjølvsagt skal ikkje NRK måtta senda time etter time med program om undulatar eller lange innslag med terrenglaup. Men fotball kveld etter kveld i beste sendetid etterfølgt av reklameplakatar, lottosendingar, prateprogram og amerikanske seriar er med på å øydeleggja grunnlaget for det lisensbaserte NRK.

 Vi har ikkje organisert oss med ein ikkje-kommersiell, riksdekkjande lisenskanal for at han skal vera størst dersom det krev at ein må pøsa på med underhaldning. Det kan reine kommersielle kanalar klara like godt.

 Alle som arbeider i mediebransjen må heile tida fortelja seg sjølve at dei forvaltar eit stort ansvar. Keisame ting som kultur og demokrati må også løftast fram andre plassar enn i konsesjonssøknadene og i festtalane. Alt kan ikkje styrast av suget etter underhaldning. Endringane i NRK har vore så store og negative dei siste åra at tillita og støtta fort kan forsvinna hjå andre og langt større pressgrupper enn dei som ytrar seg kritisk i dag.

Svein Gjerdåker

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |