Dag og Tid nr. 43, laurdag 25. oktober 2003

Bøker:
Øklands gudomelege  komedie

Ei bok av Økland er ikkje bare ei bok av Økland. For sanninga om Økland er at han brenn.

Einar Økland:
Poetiske gleder
Samlaget

Einar Økland er ute med ei ny diktsamling, Poetiske gleder. Økland har ein gong sagt, eller rettare sagt skrive, at han kan setja seg ned når som helst og skriva dikt. Sanninga er at han har gjeve ut 11 diktsamlingar, på 40 år.

Økland omtalar lista si over bokutgjevingar som «det forferdelege», les eg i Dagbladet. Som om han skjemmest over kor lang lista er. Og ho er lang. Men det er fordi Økland inkluderer ein heilt masse rare ting på lista si, ting ingen andre ville føra opp på kolofonsida i bøkene sine.

På denne måten prøver Økland å simulera at dikta hans kjem ut i ein stadig straum. Sjølv om han, etter Olav H. Hauge, er den langsamtskrivande poeten me har hatt her til lands. Skriv ein langsamare enn Økland, skriv ein ikkje i det heile.

Eg meiner dette er rett. Økland sine dikt skal lesast som om dei ikkje er noka storhending. Dei skal lesast som om dei er skrivne av ein mann med eit enormt kreativt overskot, som bare har sett seg ned og late pennen vandra over papiret. Dei er ikkje kunst med stor K, og prøver heller ikkje å vera det.

Nonsjalant

Økland er ein strålande opplesar. Eg merkar det godt når eg les dikta hans inni meg. Dei er ikkje så morosame når eg les dei som når han les dei. Ein kan seia at Økland les opp dikt, medan eg les dei ned. Dei blir meir tunge, uelegante og sturne når eg les dei. Fordi eg ikkje finn timinga i dei. Dikta til Økland er avhengige av timing. Slik er det med all humor. Og at denne timinga i Økland sitt tilfelle er knytt til opplesinga, vil seia at timinga er muntleg. Trass i dette kan eg lesa dikta til Økland. Men eg les dei på ein annan måte. Meir på alvor, eller kva ein skal seia.

Då blir konklusjonen noko slikt som dette: Poetiske gleder er ei god diktsamling. Ho er ujamn, rett nok. Men det er meir enn nok gode dikt her til å seia at dette er ei av dei beste diktsamlingane som kjem ut i Noreg i år. Samstundes kan eg ikkje fri meg for å føla at eg er litt skuffa etter å ha lese henne. Boka er unødvendig, på den måten at ho ikkje tilfører forfattarskapen noko han ikkje hadde frå før. Økland leverer varene, men det han gjer i dag er ikkje like pågåande og friskt som det han gjorde for 30-40 år sidan. Det vil med andre ord seia at om me legg Økland sin eigen standard til grunn, er dette bare ei heilt passeleg diktsamling.

God nok, meir enn god nok. Men det skulle bare mangla. Økland kan dikt så godt at det ikkje kostar han noko særleg å setja i hop ei bok som denne. Men det er nett der han vil ha oss! Han vil ha oss til å tru at dette er ei av 100 bøker han har skrive. Han vil ha oss til å tru at han ikkje har slite i det heile tatt for å laga henne. Han vil, kort sagt, at me ikkje skal ta boka på alvor. Ikkje før me har blitt så nonsjalante i vår måte å lesa på at me blir forundra når me oppdagar at det er noko anna her. At det er eit eller anna som faktisk prøver å vera stor kunst, stor kunst med stor K, i denne boka. Og på grunn av denne nonsjalansen kan me på ny bli vekte til liv i møtet med kunsten. Men me må ha nonsjalansen først. Hadde me trudd at dette skulle vera virtuost, at dette var resultatet av den store, sfæriske kunstnaren sitt strev gjennom ei årrekkje, hadde me truleg ikkje opplevd møtet med kunsten.

Derfor er nonsjalansen viktig. Derfor er bløffen til Økland rett.

Gudomeleg?

Samlinga fell i to delar. I den første handlar det mellom anna om komikk, om døden og om å bli sedd og om ikkje å bli sedd av kvinner. I den andre handlar det mellom anna om tal, om musikk og om skrift.

Eg trur dette er ei deling som svarar til eit klassisk skilje innanfor kunsten. Tala, musikken og skrifta har med det hinsidige, med det ideale å gjera. Komikken, døden og spelet mellom menn og kvinner har med det fysiske, med det låge å gjera. Samstundes kjem eg til å tenkja på Dante når eg les desse sidene. Dante skriv òg om å sjå og om å bli oversedd, av Beatrice. Dante skriv òg om ein stad der det er varmt, akkurat som Økland skriv om å vera på eit hotell i Beograd der ein ikkje kan skruva ned varmen. (Beograd: hovudstaden i Serbia. Når NATO gjorde det heitt der, gjekk det ikkje an for dei som budde der å skruva ned varmen.) Og er det ikkje slik at Dante plasserer prominente folk frå samtida si i helvete? Er Øklands diktsamling såleis ein moderne, eventuelt postmoderne, versjon av Den gudomelege komedien? Eg meiner det.

For ein som ikkje trur på Gud, er det sjølvsagt Den menneskelege komedien det handlar om. I den menneskelege komedien er skrifta, musikken og matematikken opningar mot det heilage, mot Paradis. I den menneskelege komedien er den dårlege humoren og prosjektmakeriet opningar mot Helvete. Skjærselden eksisterer bare i djupet av oss sjølv, der me drøymer om at dei dårlege komikarane og dei endå verre politikarane får unngjelda for gjerningane sine. I Den menneskelege komedien er det ikkje så såre vel. Men likevel er her gode dikt:


Brecht i Sunnhordland
Plukk ei rose sund og
kvart einaste kronblad
er vakkert
sa Brecht
Ja seier
eg det er sant og
nei seier eg ikkje gjer det.


Dante livnærte seg ved å reisa rundt og framføra delar av den endå uferdige Komedien ved hoffa i Europa. Og då er me tilbake ved den munnlege framføringa. Eg trur du skal gå og høyra Økland lesa opp desse tekstane. Set deg ned saman med det lokale hoffet og høyr når han les. Då vil du oppdaga at dette ikkje er stor kunst. Så kan du gå heim, seia at den kommuniserande talelyrikken er daud, og lesa denne boka som Økland har sendt ifrå seg, som del av ein stri straum med dikt han bare set seg ned, når som helst, og skriv. Kanskje vil du då oppleva kunsten med liten k, og kva kunsten med liten k kan visa seg å vera. Og kanskje vil du då oppdaga kva verd du lever i, saman med Økland.

Eller, for å seia det med ord som er lettare å sitera: Dei poetiske gledene oppstår når Økland, som her, gjer raseriet og humoren til stor kunst med liten k.

Hadle Oftedal Andersen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |