Dag og Tid nr. 43, laurdag 25. oktober 2003

Bøker:
Sex, språk og samanbrot

Psykologisk samanbrotsroman. Psykobiografisk oppvekstroman. Essay- og språkroman. Kjært barn har det med å få mange namn.

Hermann Starheimsæter:
Nordvegen
Aschehoug


Nordvegen
er ein rik roman, men har likevel fått to hovudspor eller sjangerforløp. Forteljaren i romanen er Claus Hjelle. Etter eit samanbrot sit han nå og skriv brev til psykologen sin. Det eine skriftsporet er livssoga hans, forteljinga om barndomen, oppveksten, kjærasten, giftarmålet, skulejobben, avisjobben, skilsmissa og samanbrotet. Det andre hovudsporet er essay eller artiklar om menn som har vore viktige i utviklinga av det nynorske skriftspråket.


Tidleg i romanen blir det hevda at samanbrotet til hovudpersonen og forteljaren har noe med det nynorske skriftspråket å gjere. Koplinga mellom personleg samanbrot og kulturelt språksamanbrot er dristig. Korleis kan Starheimsæter klare å gjere ei slik kopling truverdig? På den eine sida er det kanskje innlysande, for fagfolk, at psykisk samanbrot handlar om å miste språket på ein eller annan måte. Konspirasjonstankar og vrangførestellingar gjer den sjuke framand overfor dei andre. Dermed mistar han evna til å gjere seg kjend og forstått gjennom språket. Men at eit psykisk samanbrot har med samanbrotet til nynorsken å gjere? Claus Hjelle meiner nynorsken allereie frå starten av var eit dødfødt prosjekt. Landsmaalet blei nemleg starta av ein mann som såg bakover da han konstruerte det nye skriftspråket. Og eit skriftspråk lèt seg ikkje konstruere, eit skriftspråk må ein dikte fram, hevdar Hjelle. Språket må vekse fram, som natur. Elles blir det falskt og holt. Det er dette som Claus Hjelle kjenner på. Språket er falskt, derfor samanbrot.


Forfattaren gir hovudpersonen meir og meir kjøt, ånd og historie for kvar romanside som går. Starheimsæter har skapt ein karakter som kallar på medkjensle og undring. Hjelle lærer vi fort å kjenne som kroppsleg puslete og ikkje så reint lite sytete. Han syt nok meir enn nødvendig, men vi forstår at Hjelle har det med å overdimensjonere. Hjelle er den flinkaste i klassen, og med sterkt hovud og veik kropp blir han fort eit mobbeoffer. Men det finst lyspunkt i oppveksten. Det finst jenter, også for Claus Hjelle. Når Hjelle er i ungdomen, blir kjærleiken og sexen skildra várt og vakkert, med ein passeleg dose sjølvironi:

«Sammen gikk vi inn imellom haugene og ble borte for de andre. Borte fra tid og rom, vil jeg nesten si, og fra denne konstante bevissthet om egne feil og mangler. Det var som å bli ført av sted av vind og vær og ikke gjøre motstand, inn i en stor hvile. Hvor lenge hvilte vi? – aner ikke. Sett fra mitt ståsted kunne det ha vært et helt liv, for det var så annerledes enn alt jeg før hadde opplevd.»

Starheimsæter skriv forsiktig og vakkert om vanskane med å nærme seg den utkåra. Men synda ligg på lur, og ungguten trur etter kvart at han ikkje får den jenta han vil ha fordi han tuklar med seg sjølv. Hjelle går inn i lagsarbeid og omvender seg da han byrjar på gymnaset. Når Hjelle blir vaksen, blir ikkje sexlivet lenger bare vakkert skildra. Kroppen og seksuallivet blir brukt i eit lunefullt, uutgrunneleg og oppkåta maktspel mellom Hjelle og damene hans.


Både damer, sex og omvendingar speler forresten ei viss rolle i denne romanen. Av og til får eg inntrykk av at det ikkje er Hjelle, men dei tre s-ane sex, språk og samanbrot som har hovudrolla. Men også stadige omvendingar er viktige, om dei nå er djupfølte og ekte eller ikkje. Hjelle «omvender» seg frå nøytral nynorskbrukar til kjempande målmann da han jobbar på gymnaset. Da han seinare byrjar i avisa Bygdi, omvender han seg frå moderat nynorskbrukar til konservativ nynorskmann. Og til slutt bryt han saman og forklarer seg på bokmål til psykologen. Nordvegen er definitivt den beste mursteinsromanen eg har lese i år. Blant årets nye romanar, uansett lengd, kjem eg ikkje i farten på om eg har lese noen som har vore så god som denne. Dette er ein velskriven, ambisiøs og spennande roman utover det alminnelege. Her er gode skildringar av eit mentalt samanbrot, gode forsøk på karakteristikkar av eit språkleg og kulturelt samanbrot, her er nære og gode skildringar av seksuell frustrasjon og seksuell glede, av språkleg glede, av lutter natur, av lukka og tette miljø og ulike karakterar. Denne etter vanlege mål altfor lange romanen blir aldri kjedeleg.

Starheimsæter fortel levande om Claus Hjelle og nynorsken, og han skriv på kav bokmål. Ja, Starheimsæter har for først gong skrive ei bok på bokmål. Replikkane går rett nok på dialekt eller nynorsk. Med sine 484 sider kunne romanen fort ha blitt utflytande, laus i kantane og pratete. Men romanen er tvert imot blitt tett og god. Trass i at det er eit mentalt og språkleg samanbrot som er bakteppet for romanen, er han stramt formulert. Romanen har praktisk talt ingen dødpunkt. Forfattaren maktar stadig å skape forventningar og konfliktar som held lesaren interessert i stoffet. Lærestykka om språkutviklinga her i landet er eksemplarisk korte og pregnante. Essaya eller artiklane om nynorsken er tette, grundige og poengterte. Skildringane av jenter (og seinare damer) og sex kjem passeleg porsjonerte gjennom heile romanen. Og det tidleg varsla samanbrotet til forteljaren viser seg ikkje i oppstykka og øydelagd språkføring. Romanen er kanskje svakast når vi nærmar oss dei siste 20-30 sidene, men det gjenspeglar kanskje likevel Hjelles samanbrot?


Det er ikkje noe halvvegs og nesten med denne romanen, det måtte i så fall vere at det ikkje blir gitt like inngåande portrett av nynorske høvdingar eller milepålar etter pionerane Aasen, Vinje og Garborg. Det er kanskje feigt gjort av Hjelle (og Starheimsæter), eller det seier også noe om at Hjelle (og Starheimsæter) ikkje har funne noe levande nynorske kraftsentrum? Det er forresten heller ikkje sant, som Hjelle fortel, at politikarane overtok nynorskarbeidet frå og med jamstellingsvedtaket under statsråd Elias Blix i 1885. Språkhistorieskrivinga til Hjelle er skeiv og ufullstendig, men framstillinga er hans personlege perspektiv, og ikkje ei nyansert og korrekt historieskriving. Eg tviler på at nynorskperspektivet i romanen framstår oppsiktsvekkjande, slik forlaget hevdar på baksida av boka. Men det er heller ikkje kvart år det blir gitt ut samtidsromanar som besinner seg på an-be-het-else og den kulturarven det nynorske skriftspråket er ein del av.

Claus Hjelle må stadig korrigere og rette på sine eigne forklaringar i løpet av romanen. Han er fæl til å overdrive og underdrive. Han er neppe så einsam som han i byrjinga gir uttrykk for. Er nynorsken så falsk og kollapsa som han gir inntrykk av? Hjelle «omvender» seg som sagt fleire gonger i løpet av romanen; til Gud, til konservativt nynorsk og til bokmål. Sjølvrettingane og overdrivingane hans skaper uvisse hos lesaren, men dei gir også romanen ein nødvendig dose med humor midt oppi alt som fell saman. Om ikkje Hjelle beint fram er ein upåliteleg forteljar, må vi ha lov å seie at han anten er ustabil, spent eller ekstremt subjektiv. Claus Hjelle skal vi absolutt ta på alvor, men vi skal kanskje ikkje ta han på ordet heile tida? Og det er vel i grunnen teiknet på stor litteratur, at vi ikkje forstår han ved bare å lese bokstavleg.

Atle Christiansen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |