Dag og Tid nr. 42, laurdag 18. oktober 2003

Roald Helgheim:
 Krig for moro skuld

For seksti år sidan gjekk Japan til «for-kjøpsåtak» mot USA og bomba den amerikanske marinebasen på Pearl Harbor. Det var ei handling som for alltid vil framstå som vanære, sa president Roosewelt. I dag er slik vanærande framferd ein del av Bush-doktrinen. Det er ikkje mine ord, men orda til Arthur Schlesinger jr., historikar, politikar og forfattar, ein gong best kjend som den spesielle rådgivaren til president Kennedy, sidan professor i historie, og ein flittig skribent den dag i dag, i ein alder av 86. Den siste boka er den sjølvbiografiske A Life in the Twentieth Century. Den boka norske lesarar vil hugse han for, er den som på originalspråket heitte A Thousand Days: John F. Kennedy in the White House. Mellom dei mange boktitlane er også The Coming to Power: Critical Presidential Elections in American History, som han i 1971 stod som redaktør for.

Av naturlege grunnar er ikkje mindretalsvalet av Bush med på lista, men den første mindretalspresidenten var John Quincy Adams, som lik Bush også var son av ein tidlegare president. Etter å ha blitt eidsvoren til presidentstolen sa han at sidan han etter resultatet hadde mindre tiltru i folket enn nokon av forgjengarane, «er eg djupt medviten om utsiktene til at eg oftare og meir vil trenge tolsemda dykkar». Ein slik underdanig tone var ikkje å finne i innsetjingstalen til Bush jr. Han oppførde seg som om han hadde vunne i eit landsens valskred og gjort seg fortent til eit nasjonalt mandat, og han tedde seg deretter.

Det skriv Schlesinger i ein ny artikkel, der han også peikar på at den retten til forkjøpsåtak som det nye presidentembetet har gitt seg sjølv gjennom The National Security of The United States of America, ikkje har det historiske mandatet apologetar som Robert Kagan meiner det har. «Preemptive» er ei vidareføring og raffinering av «preventive». Preventiv krig har blitt til ein krig for å komme ein potensiell angripar i forkjøpet. Dei som gjekk inn for preventiv krig vart under alle presidentar frå Truman til Bush senior og Clinton rekna som galningar (loonies), meiner Schlesinger. Det kan nok verke som ein merkeleg påstand i lys av USAs framferd i verda, men sjølv då USA var truga av dei sovjetiske rakettane på Cuba, avviste presidenten generalstabens råd om å fjerne rakettane med eit «preventive attack». Robert Kennedy kalla ideen eit «omvendt Pearl Harbor».

Krigen for å komme ein angripar i forkjøpet er til bruk i ein situasjon då det etter det amerikanske forsvarsdepartementet sin manual er «uomtvisteleg opplagt» at faren for eit fiende-åtak er akutt. Utanriksminister Daniel Webster snakka alt i 1841 om krig for å komme andre i forkjøpet dersom angriparen kan framvise «eit behov for sjølvforsvar, øyeblikkeleg, overveldande, utan tvil om midlar, utan tid til å tenkje seg om». Den preventive krigen har ikkje slikt krav til legitimitet, og som verda til overmål har fått syn for, var Irak denne gongen ikkje nokon trussel etter nokon av kriteria.

Det er difor det nye felttoget under Bush meir og meir får karakteren av det han forsnakka seg om då 11. september-åtaka skulle hemnast, eit korstog. Schlesinger ser den ideologiske fylkinga i den nykonservative lobbyen vi alle kjenner, mens den politiske er anført av det han kallar dei «sjølvsikre nasjonalistane» Dick Cheney og Donald Rumsfeld. I spiss er ein president som i den stendige bruken av religiøs tale framstår som attfødd. Til ein av sine rådgivarar sa Bush at «I’m here for a reason». Schlesinger minner om at i hans ungdom kunne ein lite på at protestantiske fundamentalistar i USA var både antikatolske og antisemittiske, og dei leidde ein kampanje mot Kennedy. Men i den siste generasjonen har det kristne høgre danna ein allianse med høgreorienterte katolikkar i abortspørsmålet, og med høgreorienterte jødar om Det heilage landet. Difor er det religiøse høgre i dag ei mykje meir potent politisk kraft – kan hende 40 prosent av veljarane – som gir ein «born-again president» eit innebygd forsprang.
Men sjølv eit korstog treng moderne våpen. Ei ny amerikansk superbombe, Massive Ordnance Air Blast (MOAB), vart aldri meir enn eit skremmevåpen i Irak. Meir alvorleg er arbeidet med å få i stand ein ny kjernefysisk «first strike»-strategi. I ein senatsdebatt 20. mai i år prøvde Bush-administrasjonen å oppheve ei forskrift i ei forsvarslov av 1994 der det står at det må ikkje vere amerikansk politikk å utvikle produksjon av eit nytt «mini»-atomvåpen. I ein senatskomite gjorde Edward Kennedy og Dianne Feinstein framlegg om å halde på det opphavlege innhaldet. Det er snakk om bomber opp til fem kilotonn, ein tredjedel av styrken til ei Hiroshima-bombe, og opposisjonen meiner dette er oppmoding til eit nytt atomkappløp. 16. september gjekk Senatet endå ein gong mot framlegget til Kennedy-Feinstein.

I 1821 sa forsvarsminister John Quincy Adams at så snart USA involverte seg i utanlandske krigar ville den grunnleggjande maksimen for politikken opplagt gå frå fridom til makt. I 1848 kalla Abraham Lincoln eit framlegg som likna på Bush-doktrinen det same som å gje lov til å føre krig for moro skuld. Det var over hundre år før Kennedy slo fast at USA er verken allmektig eller allvitande, og at det, sidan USA berre har seks prosent av befolkninga, «ikkje kan vere ei amerikansk løysing på kvart problem i verda».

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |