Dag og Tid nr. 42, laurdag 18. oktober 2003

Bøker:
Fyller eit tomrom

Carl Frode Tiller er trønder frå Namsos, og han går inn i og fyller eit tomrom i trøndersk litteratur.


Carl Frode Tiller:
Bipersonar
Aschehoug

Carl Frode Tiller brakdebuterte i 2001 og fekk Tarjei Vesaas debutantpris, han fekk romanprisen frå P2-lyttarane, blei innstilt til Brageprisen og Kritikarprisen. Det var ein debut mange misunte han og som samtidig stilte store forventningar til kva som måtte komme.

No er oppfølgjaren på plass, og ein ser at det talentet og den ambisjonen som avslørte seg i debuten så absolutt er på plass og til dels vidareutvikla i kraft av ein original komposisjon og eit større stilistisk register der ulike språknivå får ein sentral plass i karakterteikninga. Samtidig møter denne lesaren andreboka med ein liten ambivalens i forhold til eit metalitterært aspekt som ligg til grunn for romanen under eitt og som mot slutten blir ganske sjenerande og skuggar for det genuint kunstnarlege i teksten og gjer den unødig litterær.

Fem monologar

Teksten er komponert rundt fem ulike forteljarstemmer som framfører kvar sin monolog. Desse forteljarane er i familie med kvarandre, og det er bluesmusikaren Thomas Isaksen som bind det heile saman og opptrer i kvar av dei fem sekvensane. Han er utan stemme i teksten, men blir sett gjennom dei andre. Kvar av forteljarstemmene utgjer på sitt vis fem lange noveller som er klipte opp og fordelte utover i teksten. Det er ein fiffig komposisjon som får vist fram Thomas Isaksen i fem ulike stadium av livet frå 30-årsalderen fram til han er godt og vel femti.

Dei fem stemmene er halvbrørne Kjell og Peter, sønene til Thomas Isaksen, det er Ivar, broren til Thomas, svigerfaren Marselius pluss forfattaren Arnt, han som sit og skriv ein roman om bipersonar, og det er nettopp figuren Arnt som skaper problem for denne lesaren fordi han insisterer på at dette er dikting, dette har ikkje hendt, det er skapt som fantasi, og han bygger opp ein metalitterær poetikk rundt si eiga skriving, problematiserer den i form av eit essayaktig innslag der forfattaren Arnt i fylla prøver å forklare den fascinasjonskrafta som ligg i teikneseriefiguren Fantomet og koplar dette saman med det norske sosialdemokratiets vekst og fall i etterkrigstida. Det heile verkar litt unødvendig og påklistra og blir av den grunn det svakaste partiet i romanen.

Når det er sagt, må det også seiast at resten er eineståande og flott dikting der kvar av forteljarstemmene fyller det rommet dei har fått på ein måte som lyfter teksten til store høgder av djupt og gripande alvor og ram og befriande humor. Tiller strammar til og løyser opp og skriv seg inn i barnesinnet til Kjell, eldstesonen, i tankegangen til Ivar, den kristen-naive broren som driv slektsgarden, i svigerfaren Marselius sine verbale utfall mot alt og alle og i den desperate tankestraumen til Peter, yngstesonen, den notoriske løgnaren, han som har dopa seg frå 12-årsalderen og no har nådd eit punkt der alt låser seg. Desse kvernande monologane der det sjølvrettferdige hos personane er tatt ut med stor psykologisk innsikt og realisme, er ikkje mindre enn imponerande og avslører ein diktar med enorm spennvidde og fantasi i forhold til det stoffet han har for handa. Språket er rått og folkeleg, det er mildt og forsonande, det er fylt av bannskap og gudsord, og det speglar dei ulike karakterane så det søkk i lesaren av glede og gjenkjenning.

Familierelasjonar

Sjølve handlinga krinsar rundt familierelasjonar, far-son-forhold, psykiske problem, flukt og svik av ulike slag, leiting etter det trygge og truverdige. Det handlar kanskje fremst av alt om det kompromisslause i all kunst, enten det er musikk, litteratur eller biletkunst, for mange av desse bipersonane syslar med det kunstnarlege uttrykket, anten som hobby eller i fullt alvor, og i den samanhengen oppstår problematikken mellom det verkelege og kunsten som ei spegling av det verkelege. Det er dette som blir forfattaren Arnt sitt problem.

Carl Frode Tiller er trønder frå Namsos, og det er ikkje for mykje sagt at han går inn i og fyller eit tomrom i trøndersk litteratur etter Olav Duun og Kristofer Uppdal i første rekke, men også etter Johan Falkberget, Johan Bojer og Peter Egge. Derfor er det med glede og begeistring eg utropar ein ny og banebrytande diktar frå landsdelen, ein som har format i seg til det heilt, heilt store. Gratulerer, Carl Frode Tiller! Gratulerer, Aschehoug!

Oddmund Hagen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |