Dag og Tid nr. 41, laurdag 11. oktober 2003
Teater:
Full fart med bremsene på
Musikkteater av Frendelaus? Ja, det må vere ein god idé, var det første eg tenkte. Stoffet er dramatisk, det er rørande sentimentalt, her luktar det balladar så tårene sprutar, glede og sorg, alt det livet kan by på.
Det Norske Teatret:
Frendelaus
etter Hector Malot
av Øystein Wiik og
Gisle Kverndokk
Regi: Matthias Davids
Og det startar lovande på Det Norske. Regissør Davids kastar ikkje bort eit ekstra ord på å kome i gang med handlinga. Dei ofte traurige presentasjonane finst ikkje, utviklinga av karakterane er gjort unna på førehand, og dramatikken i romanen er utnytta til fulle. Flott, var det.
Så skjer noko eg knapt kan hugse å ha sett før, i staden for å halde på tempoet og drive handlinga fram til den uunngåelege konfrontasjonen og lykkelege slutten, set dei bremsene på. Særleg etter pausen blir det opptrinn etter opptrinn, absolutt fine og jamvel morosame, men dei forblir opptrinn. Historia om det stakkars hittebarnet druknar nesten i tonnevis av musikk og spel. 2 timar og 40 er akkurat ein halvtime for langt, og det er ikkje vanskeleg å tenkje seg kvar det kan kuttast. Konsulenten på 12 var heilt klar, litt rett før pause og mykje etterpå.
Det er for mange songar, for mange scener der alle skal vise kva dei kan, og det går ikkje an å gjere Remi til ein bifigur i lange sekvensar. Det er faktisk han det heile dreier seg om. Dessutan kunne ei hard hand ha rydda litt i det musikalske. Musikken er kurant og iøyrefallande, sjølv om det ikkje er nokon show-stoppar av rang der. Meir problematisk er det at det er så mange sjangerbrot, noko minner sterkt om 80-talets musikaltradisjon, anna hentar sitt frå tidlegare tider, heilt tilbake til ragtime og charleston, og mest av alt funderer eg på kvar det blei av det franske. Her var det knapt nok ein allusjon.
Når dette er sagt: Paul-Ottar Haga gjer ei knallrolle som Vitalis, Paul Åge Johannessen tilsvarande som stygge onkel James, og Liv-Unni Larsson Undall er strålande som Lady Milligan. Iren Reppen og Anders Baasmo Christiansen er humor så det held, og ensemblet er som vanleg prikkfritt i større parti og kor. Hovudpersonen sjølv gjer det bra, ho også, men druknar som sagt litt i alle påfunna.
Fram med kniven, så blir dette ypparleg, og spe gjerne på med ein nyskriven, sørgjeleg sentimental ballade.
Asgeir Olden
|