Dag og Tid nr. 41, laurdag 11. oktober 2003
Roald Helgheim:
Ytringsfridom og folkeskikk
Ein ungdomsgjeng bankar opp ein mann dei trudde var journalisten bak det seinpubertale bladet Natt & Dags «guide til å få sex med muslimer». «Få dem på kurs i ytringsfrihet», ropar Presseforbundets formann frå pidestallen sin. Øvstepresten i norsk presseetikk vil sende heile andregenerasjonen av innvandrarar på «opplæring i hva ytringsfrihet er». Valden mot journalisten vår fortel oss at yrket ikkje er ufarleg, «heller ikke i Norge». «I dette tilfellet er det et spørsmål om andre kulturer. Ungdomsgjengen har åpenbart tatt med seg holdninger hjemmefra som er rådende i store deler av verden, at ytringer man ikke liker, kan man gå til håndgripeligheter mot».
Dette er ei fråsegn om andre generasjons innvandrarar en masse, den kollektive skuldiggjeringa som for hundre og nte gang skjer alle innvandrarar over ein kam, og gjer alle medskuldige i ein konkret gjengs handlingar. Det inneheld også den gjengse allmenngjeringa av «andre kulturer» i si sløvaste form. Det er barbariet utanfrå som trugar sivilisasjonen vår heime. Likevel er dette ikkje den viktigaste grunnen til at eg grip ordet.
For kvar var reaksjonane frå ånds- og ytringsfridommens pidestallar, då Natt & Dag i form av eit dårleg russeavis-oppslag laga det dei måtte vite var eit grovt krenkjande oppslag? Redaksjonen bak har no beklaga oppslaget, fordi dei utan å vite det hadde eit Koranen-sitat i dei arabiske tekstane som var kopierte på oppslaget. Norsk Rikskringkasting la seg også flat, då eit NRK-laga «Latvia»-innslag i den norske Melodi Grand Prix-sendinga inneheldt storrussiske element av kosakkuniformer og balalaika-musikk, ein så pinleg og arrogant demonstrasjon av kulturell kunnskapsløyse at kringkastingssjefen vart svidd bak. Eg ser ingen prinsipiell skilnad mellom sakene, enten dei sjølvbestalta urbanistane i Natt & Dag skulle ha brukt Koranen eller ikkje. Ein av dei første dagane hamna saka i radioens Ukeslutt, der ein kritisk innvandrarpolitikar frå SV ikkje fekk høyre anna enn at ho mangla
humoristisk sans, ein påstand framført av ein redaktør med hakk i plata og tom for alle andre argument, heilt til han kom på nokre historier om tvangsgifte og annan styggedom, som ikkje hadde det minste med den aktuelle saka å gjere. Det er pinleg å høyre så dumme utgåver av den kvite mann i aksjon.
Dei indiske skodespelarane bak den britiske serien Curry Nam Nam har raljert med sin eigen kultur og veremåte med stor humor. Den pubertale oppstøyten i den «urbane» gateavisa er alt anna enn urban. Å kalle det provinsielt er også eit for veikt uttrykk. Ein redaksjon set seg altså føre å gjere noko dei veit er å krenkje den gruppa som det er lettast å krenkje her i landet. Eg veit ikkje om dei var intelligente nok til å forsvare det som ytringsfridom ein gong, før glupare folk kom på det. Eg tykkjer det er minst like feigt som det er å banke opp det nokon trudde var journalisten bak. For dei «urbane» norske gjerningsmennene kan fare fram med etikkens faneberarar i ryggen, under høglydt snakk om at journalistikk, det er farleg det, no også i Norge!
Saka er ein ikkje heilt fjern slektning av ordskiftet om bokhandlarboka til Åsne Seierstad. Det er ein debatt eg ikkje har deltatt i, men det er ikkje på grunn av at forlagsredaktøren ville ta frå dei som ikkje flagga ut med ein gong, retten til å ta ordet. Det pinlege i saka er jo at det var først då bokhandlaren tok ordet og attpåtil kom til Norge, at dei fleste åndsmenneska vakna. Det kan både forlag og forfattar som vi veit vere økonomisk glade for. Likevel er det den meir eller mindre utleverte bokhandlaren som på folkemunne er den som «sikkert er ute etter pengar», mannen som har reist halve jorda rundt til sjølvkost, og med svært lita von om økonomisk vinning, mens forlag og forfattar takk vere debatten har tent seg rike. At det ikkje skulle vere «lov» å ta ordet i debatten når ein måtte ønskje det, er sjølvsagt tøv. Rette vedkommande
veit dessutan at forfattaren Walid al-Kubaisi tidleg gjekk rundt med ein kritisk artikkel som dei store avisene ikkje ville ha. Dag og Tid trykte han, inviterte Seierstad til å svare, men då sa ho nei. Det har ho den same retten til som alle andre har til å ta ordet.
Slektskapen til den førre saka inneheld to element. Det eine gjeld det å stige inn i annan manns hus, berre det er langt nok borte, og utnytte tilliten til noko gjesten i ettertid opplever som krenkjande. Unni Wikan skreiv ein klok kronikk om det i Aftenposten 29. september, der ho også peikar på at den bokhandlaren som «alle» skjeller ut, må ha vore omsetjar og tolkar av det forfattaren presenterer som den absolutte sanninga om det som hende i familien. Marianne Sunde i Arab Womens Solidarity Association har argumentert skarpt mot slik sjølvtekt i kvinnefrigjeringas namn i eit land der ein fersk Amnesty-rapport no viser at kvinnene framleis har det ille etter talibanstyrets fall.
Det andre momentet gjeld kven som er offer i saka. Sissel Benneche Osvold tok i Dagbladet (27. september) eit timeleg oppgjer med den offerolla ein del støttespelarar av forfattaren har gitt henne. Motsett mange andre har Seierstad beherska situasjonen med ro og autoritet, som alt anna enn eit offer. Ho har fått den debatten ho oppsøkte, og ho vil sikkert vere samd i at det ikkje er henne det er mest synd på her i verda. For oss er ytringsfridommen ei fin fanesak. Men det er «dei elendige» som må slåst for han.
|